lørdag 24. januar 2009

Polka dot

Då va den endelig (nesten?) ferdig! Ej va i ferd me å gi den opp ette å ha rekt den opp tre (!) gonga, men i dag tidlig vakna ej me fornya lyst, iver og pågongsmot D va ikkje dumt for her e resultatet! Ej e faktisk kjempefornøgd! Lomma framme he ej ikkje festa på enda. Knut Inge holdt på å le sej i hel når ej kom me den, han meinte ej kom ihvertfall til å vise igjenn viss ej hadde den på. Ja ja, kanskje ej vil vise litt. Mulig at ej gjer en liten vri, me litt både og... Det grå stoffet e collage/isoli frå Stoff og Stil, foret til hetta og den eventuelle lomma e et fleecepledd frå Jysk.

Mine gode følgesvenna

Tova tøflene mine! Dei er så gode! Ganske fine også synest eg.
Kjempelette å strikke sjøl for oss som ikkje kan å strikke hel...
Det einaste eg ikkje heilt førnøgd med er monteringa oppe på foten. Skal strikke fleire par, men då skal eg prøve med strømpepinna...
Strikk på pinne nr 6. Dobbel tråd. Eg har strikka men enkel tråd med Trysil Sportsgarn kjøpt på Europris. Det funka egentlig veldig bra, men over tid loa dei litt...
Strikk først "skaftet": Legg opp 48 (52) masker. Strikk 23 riller. Fell laust av 17 (19) masker i kvar side og strikk vidare 19 (21) riller over dei resterande14 maskene(=sålen). Kutt av tråden, men ikkje fell av. Plukk opp 1 maske i kvar av dei 14 (16) nederste rillene på skaftet, og sett maskane inn på kvar side av sålen. Strikk vidare over dei 42 (46) maskane i 16 (19) rillene. Fellinga går slik: Fell 6 masker jamt fordel på neste pinne, strikk 5 pinnar fell 6maskar til, strikk 3 pinnar fell 6 maskar, strikk 1 pinne fell 6 masker, strikk 1 pinne fell 6 askar, strikk 1 pinne fell 6 maskar. Strikk til slutt 2 og 2 sammen ut pinnen. Kutt tråden og trekk gjennom. Sy sammen på kvar side av sålen og på toppen.
Tov i maskin på 40 grader med grønsåpe.
Den kan vere lurt at den som skal ha dei tek dei på å forma dei til sin fot når dei er våte, då vert det også høgre/venstre tøffel.