Det etterlengta påbygget er no det næraste det har våre. Snikkaren har våre her på synfaring og Pretre er kontakta for produksjon av takstolar. Vi kjøpte huset på ByggMix før Bonden begynte å jobbe der og når dei, for ikkje så lenge sida, reiv kontora til byggavdelinga kom han over permen vedrørande vårt hus, komplett! Orginale teikningar av heile huset, takkonstuksjon, ALT... Dermed vart det litt enklare å forklare kva vi ynskjer å endre på huset og korleis påbygget skal forankrast i eksisterande bygg. Litt flaks skal ein ha :)
Og no har eg altså bestilt ny ytterdør. Eg har alltid hatt lyst på ei stor dobbeldør, men det var ikkje plass i gangen då vi bygde, men no får eg plass, masse plass! Trass i at Bonden har kontakter både her og der ente vi (eg) opp med å bestille frå Abora. Dei har mange fine dører dei...sukk
Vi skal ha denne
i svart og med klart glas. Det har våre ganske mykje om og men for Bonden ville ha kvit og eg ville ha svart. Han meinar det ikkje kjem til å bli noko fint, men eg er overtydd om at det vert kanonfint! Håper berre eg har rett... Kva meinar du, er eg gal som bestiller svart dør til eit elfenbeinsfarga hus med vinraude lister?