onsdag 25. april 2012

Sunburst gitarkake

I mangel på noko anna akkurat no legg eg ut bilde av bursdagskaka til Mini.
Han elskar marsipankake og uten om å "jobbe"  er det gitar som gjelder og favorittfargen er grøn...
Gitarforma kjøpte eg hos Kakeboksen.no.
Gitarane skulle vere Sunburst, det var mykje enklare i haudet enn i praksis, men guten var fornøgd og det er det som teller.

Eg har ei splitter ny overlock/coverlock maskin ståande (uprøvd!) og håpar at sylysta snart melder seg på... Berre ein månad til Nilsbuda opnar og eg har SÅ mykje eg skulle ha gjort før den tid!

tirsdag 10. april 2012

Star Wars party

Litt treig... Mister Midt-i-mellom hadde bursdag no i Påska og sida det er Lego Star Wars som står høgast i kurs her fortida laga eg litt Star Wars ting til selskapet.

Han ville ha taco til mat så bestikk og serviettar + farga papir vart Lyssablar. 
Handtaka eg fann eg på nettet og printa ut på litt kraftig papir.
 Printable til R2D2 koppar fann eg også på nettet.
Det er vanlige cola beger som eg først trekte med kvitt papir før eg printa ut og limte på R2D2. Kunne sikkert gjort begge dela samtidig, men det var ein slik ferdig PDF-sak så då brukte eg klistrepapir, enkelt nok...
 Star Wars cupcaketoppers bestilt på E-bay frå England.
Kom faktisk på ei lita veke...

 Hadde eg tenkt meg litt bedre om hadde eg nok bestilt meir på E-bay, men det vart slik det vart og ungane var strålandes nøgde!