onsdag 8. mai 2013

Konfirmasjonskaker

Endelig får eg rota meg tl å legge ut årets konfirmasjonskaker. 
Alle kakene er vaniljekake men skogsbær og vaniljekrem, trekt i kvit marsipan og svart mmf.

Bestilt av en nabo

Til mitt kjære fadderbarn Preben

Og til godaste Katrine våra
 Konfirmantane var strålandes fornøgde med kakene sine, heldigvis, og eg smakte på to av dei og dei var faktisk veldig gode!

tirsdag 16. april 2013

Skylander kake


Heisann! Eg rakk ikkje å legge ut bilete av Sander og Daniel si busdagskake før eg drog så i dag blogger eg frå Acme, Washington. Ho hoo :)

Gutane ville ha Skylander tema forselskapet sitt og å lage ein figut i kake var ikkje spesielt aktuelt så det vart portalen.
Glutenfri sjokoladekake med sjokoladekrem og marshmallowfondant. 
Ungane sto i kø for å få kake så eg var eit øyeblikk redd for å gå tom, men d heldt akkurat og litt til... ;)

Eg fann forøvrig ei super oppskrift på Marshmallowfondant, som ikkje blir hard og som er super strechy (nesten for). Eg vart rimelig fornøgd med resultatet og gutane ikkje minst som sjølvsagt var det viktigaste. 

fredag 29. mars 2013

Love Justin Bieber...

Då eg har berre gutar i hus er ikkje Justin Bieber-faktoren spesielt høg her i huset, men eg har etterkvart forstått at det er nesten berre her... Justin Bieber er elska av jenter i alle aldrar, denne gongen ei overraskelse kake til Martine.
Stor 30 cm vaniljekake fylt med sjokoladesmørekrem, rørt jorbær og vaniljekrem.
Trekt i ekstra kvit marsipan, pynt i marsipan, fondant og spiselig bilde.

Håper du likte overraskelsen og kaka Martine :)

tirsdag 19. mars 2013

Ballerina og Justin Bieber

Ballett, Justin Bieber og lilla er favorittane til denne jenta og det må sjølvsagt gjenspeile seg i bursdagskaka.
Har for første gong prøvt meg på spiselig bilde, svært vellykka og fantastisk god bildekvalitet.
 Sjokoladekake, med sjokoladekrem og rørte (Valldals) jordbær.

tirsdag 12. mars 2013

Hue pimp

I mangel på sy-lyst og lysta til å rydde syrommet, noko som absolutt burde gjerast, fiksa eg litt på eit par billige huer eg kjøpte til gutane. 
Pretty simple, pretty nice!
Er ganske sikker på at desse blir godt motatt.

Spørs om sy-lysta melder seg dersom eg ryddar syrommet litt...til hælga kanskje... 
Meir kakebaking på tordag ;)

mandag 11. mars 2013

Rosa kake ala prinsesse

Ei lita prinsesse ønska seg ei rosa prinsessaktig kake til 6-årsdagen sin.
Vaniljekake med bringebær vaniljesmørekrem
 Tiara må ei lita prinsesse ha :)
Pynt i fondant og marsipan.

søndag 3. mars 2013

Postkasse med motiv

Har du lyst på ei heilt spesiell postkasse eller treng eit supert gåvetips? 
Postkasse fint dekortert med feks Hjørundfjordfjella som under eller kanskje noko heilt anna? Det kan eg hjelpe deg med :)
Svart, kvit eller grå (sølv) postkasse med valgfri dekor og tekst i den tekstypen du ønska kr 400,-

lørdag 2. mars 2013

Justin Bieber kake

Oreo-ich Justin Bieber kake
 Oreokake med mørk sjokoladekake, sjokolademousse smørekrem og lys oreo ostekrem.
Pynt i marsipan, bilda er papir og ikkje etande ;)
Håper den fell i smak med jubilanten :)

søndag 24. februar 2013

Vinglas med litt humor

Eg elskar å gi gåver, likar sjølvsagt å få gåver også, men det gjer meg lykkelig å gi ei gåve til nokon som set pris på det og om det kan kome som stor overrasking vert eg endå gladare. 

Ei god venninne hadde bursdag og ingen hadde planlagt noko spes, når ein liksom har blitt (litt) vaksen er det ikkje same susen over bursdagane lenger. Så eg og Lisbeth troppa opp på døra (tenk å ikkje ringe på førehand ein gong...i desse mobiltider)
SURPRISE! 

Vi hadde sjølvsagt med ei lita gåve, made by me
Om du har lyst på eit slikt glas eller ønsker å gi eit glas i gåve el er det berre å gi ein liten lyd så fiksar vi det ;)

søndag 27. januar 2013

Eg berre diggar Silhouetten Cameoen min! Kunne laga og laga, men det er litt begrensa kva som "treng" dekor, kan ikkje dekorer heile huset heller... 

Det siste "offeret" er matskåla til eldstemann sine kattar. 
 Ein liten overraskelse til Matmora. 
Ho forsto ca ingenting då eg tok med mej matskåla til kattane heim, 
men vart særs nøgd då ho kom å henta den.
 Syns den vart kule eg :)