søndag 29. august 2010

Loppemarknad

Den årlege Røde Kors-loppemarknaden gjekk av stabelen i går. Dette er den største loppemarknaden her omkring og Volda (Ørsta) Røde Kors legg ned mykje arbeid i å ordne til. Eg sto som nr 3 i køa, klar til dyst :o)

Den aller kjekkaste tingen eg fekk med meg var denne knapperundellen. Knappane var støvete og låg hulter i bulter. Eg håpa der ihvertfall var nokon like slik at dei kunne nyttast til anna enn pynt.
Vaska og sortert. 
Bileta er uten- og med lokk.
Mange like! :D

Det som er litt dumt med loppemarknadane her omkring er at dei tek imot svært lite tekstilar. Eg fryktar at mange mange av dei kule sengkleda frå 60- og 70-talet i distriktet er brent. Noko som eg tykkjer er svært synd!

Ein gammal kaffikjele, og gamle nøklar
Kun til pynt.

Og kakefat.
Dei låg på botnen i ei kasse under bordet. Eg hadde egentlig ikkje tenkt å kjøpe alle, men i det eg røyste meg opp såg mannen bak bordet på meg og sa 50 kr.
50 kr
Då måtte eg sjølvsagt ta alle...
Litt anna ymse fekk eg også med meg. Totalt brukte eg 200 kr. Ikkje verst. 

mandag 23. august 2010

Strykemerker


 Strykemerke av gratis vintagebilder lasta ned frå nettet.
Eg brukte Canon easy-print og velde 9 bilder pr side og  printa ut på T-shirt transfer kjøpt på Clas Ohlson, syns det vart ein grei størelse på merka. Eg tok eit kvitt bomullslaken og strauk hifix på baksida og bileta på framsida og klipte ut.

Tok måla på merket og stingsette eit lite broderi.
Bomma litt på eine sida men pytt pytt...
Tok matpapit over når eg strauk det på, men det kan vere ein idè å stryke det på frå baksida då det er nærast limen. Hugs likavel å legge matpapir over bilete så det ikkje smittar over på strykebrettet og øydelegg både det og tingen.

Min lille pose passa akkurat på ei boks som eg har pennar og div i. Nice!

Kom forøvrig ein "beite" kalv til i dag. Eller rettare sagt, vi henta han heim i dag. Han var ikkje fødd idag for å sei det slik, sikkert ikkje i går heller....uuups!


søndag 22. august 2010

Syrom

Eg har ombombelert på syrommet mitt for å få plass til ei ny bokhylle. Ikkje at eg hadde bokhylla, men eg hadde ei formeining kva eg var ute etter så eg flytta rundt på borda med tanke på å ei bokhylle skal på plass snarast.
Eg sjekka litt på Finn.no og bruktbutikken, men fann ikkje noko, for eg ville helst ikkje ha ei ny-ny.
Då eg tilfeldigvis nemde det for nokre veninner kunne Siw fortekje at ho hadde ei ståande på mørkeloftet, den kunne eg få dersom den passa, den var luta furu, men det ordna eg kjapt meinte ho ;o)  Den passa!  -Og jepp, grunning og to strøk med måling same kveld. Perfekt!
Tusen takk Siw!
Eg var ikkje sein med å fylle den opp.

Pga av plassmangel i dei andre hyllene mine har stoffa lege i stablar litt her og der,
men no er dei altså på plass.

Deilig med luft og god oversikt!

Og her sit eg no 
Bloggen er slått opp på Til deg♥- innlegget mitt for å lese alle som har meldt seg på.
Klokka på veggen er den eg skal gi vekk, måtte sjekke om den virka ;o)
Bonden lurte på kvifor i alle dager eg ville gi den vekk, han syns den var fin!
...hm...tenkte eg...-syns du??? Eg vart faktisk svært glad for eg trudde ikkje at han brydde seg noko særlig. Vel vel, klokka har eg allereide lova vekk så no er eg altså på klokkejakt. Ha ha ha, kanskje eg skal rådføre meg neste gong ;o)

Har du ikkje meldt deg på enno?
Klikk på bilete i margen til venstre og meld deg på. Eg håpar å ha ihvertfall 50 påmelde før eg når det magiske talet 22222.

Eg har laga strykemerker i dag, trur det vert veldig bra.
Då dette innlegget vart litt longt skal dokke få sjå dei neste gong.


onsdag 18. august 2010

GiveAway ♥Til deg ♥

Minner om min GiveAway

Eg vil ha mange mange med så klikk på bilete til venstre og meld deg på!
Eg vert svært glad om du legger ut ein link på bloggen din ☻
Ha ein flott dag!

mandag 16. august 2010

Hytta

I går hadde Bonden bursdag så på laurdag reiste vi inn og overnatta på hytta på Rognestøylen. 
Vi vakna til eit nydelig vèr så eg måtte sjølvsagt ta bilete av eit av mine favorittmotiv.
Sjølv om skodda låg longt ned i fjella skein sol og vi tok frokost i det fri. 


Eg har tidligare vist fleire bilete frå hytta, ute. Tok derfor nokre bilete inne.
Hytta er ikkje spesielt stor, tre rom og hems, men den er superkoselig og er veldig lett tilgjengelig for oss.
Gutane sitt rom                                           Vårt rom
Syns dette soverommet er kjempekoselig.
Stova
Døra går inn til gutane sitt rom. Stige opp til leikehemsen.
På andre sida av stigen er dør inn til det andre soverommet.
Kjøkkenet
 Ikkje innlagt vatn, eller straum for den del, men gasskomfyren er kjekk og ha. 
Kaffikjelen står alltid klar.
♥♥♥
Då det er midt i ho-slåtten er det ikkje så mykje tid til bursdagsfeiring, men kake må vi ha...
...og jordbær.

fredag 13. august 2010

Til deg ♥

Det er ikkje blomar eg ber, men noko anna kjekt.

I høva at bloggen min har bikka 20.000 besøkande no når eg har våre på ferie har eg lyst å feire dette med gåver. 

Men, som bilete viser vil eg vente litt. 
Det magiske talet er nemmelig 22222. 
I skrivande stund er talet 20281 så her er det berre å melde seg på. Dei fleste veit korleis dette virkar, men eg oppfriskar likavel; Skriv ei lita helsing eller liknande i kommentarfeltet i dette innlegget og du er med. 
Alle er velkomne til å vere med!
Det er ingen ekstra sjansar for fyljarar eller dei som legg ut ein link på sin blogg sjølv om eg vert svært glad om du vil gjere det (bruk gjerne det første bilete)
Det er altså lik sjanse for alle.

Gåve nr. 1 er ei klokke eg kjøpte i Sverige på ferie, akkurat med tanke på dette.
Gåve nr. 2 er litt heimelaga
Posen er heimelaga og innhaldet er kjøpt.

I posen finn du:
Dusj og badegele
Brazilian lime, sugar cane & basil
Kroppsskrubb
White tea, gogi berry & fig
Badesalt
Aloe vera, grapefruit & fern
Naturbørste til kropp.

Denne har eg laga til mi kjære E som snart har bursdag (så då veit du det, håper du likar den)
Hennar er rosa då ho er veldig rosa. 
"Din" har eg tenkt skal vere heilt kvit med din boksatav i.

Skriv gjerne kva gåve du ynskjer.
Lykke til!

torsdag 12. august 2010

Håper på...

...fleire slike dagar der vi kan sitte ute til lenge etter sola har gått ned og nyte middagen ute.
Grilla kalkunbryst med provancepoteter, tomatsalat og fetaost.

Eg er ikkje klar for hausten enno!

fredag 6. august 2010

Besøk

Mormor og Morfar var i Falun, og då vart veien hit kort.
Sjøl om det vert berre ein dag tykte gutane tykte var veldig kjekt å få besøk.
I ein lånebil full av reklame...

...då deira bil enda opp slik...
med knekt drivledd og drivaksel!

Ein annan spennande ting vi fekk sjå i dag var denne
Den har and til middag i dag.
Eg sneik meg inn på og var nok ikkje meir enn 10 meter i frå. Skuggen bak er frå nabohytta(!)

Nydelig vèr i dag, sjølvsag då vi skal sette snuten heimover i morgon.

onsdag 4. august 2010

Ferie syssel

Eg har goood tid om dagen så då vart det faktisk to innlegg på ein dag...wow til meg å vere.
I mangel på at sola skal vise seg frå si aller beste sida har eg starta ei lite ferie prosjekt.
For all del, vi har hatt ok vèr. Fikk til og med ligge ute å sole meg ei lita stund. Og vi har bada kvar dag denne veka...i basseng, ute og inne.
Men altså ingen "tropevarme".

Dette byrja eg på tidligare i sommar




Oldemor-ruter.
Den rosa kanten rundt den store ruta har allerede måtte bøte med livert då eg gjekk tom for den fargen til mitt nye prosjekt.

Eg hadde i utgangspunktet ingen plan for kva det skulle bli, men eg trur det vert to puter til slutt. Tenkte å bruke kvit/natur lin som for og bakside. Håper det vert fint så eg slepp å revurdere ;o)

Før eg fekk tenkt meg om hadde eg laga litt for mange ruter...
Så desse, pluss ein lyseblå som ikkje vart med på bildet, kan eg bruke til kopp underlag eller noko liknande...forslag?

Då eg ikkje har med symaskin og lin på ferie måtte eg begynne på noko nytt.
Inspirert av eit teppe eg såg hjå Mias Landliv starta eg på nokre nye ruter.
Hennar ruter er forøvrig forkanta, men mine vart altså sekskanta.
Harmonerte ikkje heilt med det grøne, men det får stå si prøve. Eg veit ikkje enno kva dette skal verte, det kjem vel i fyrste omgong an på kor mange eg gidd å hekle... Dei er forøvrig velig kjekke å hekle då det går superfort. Nokon som har eit forslag på kva ein kan bruke sekskanta ruter til?

Det er dårlig med loppisar her, men eg har fått shoppa litt anna.
Fann nokre fiiiine stoff på ein nydelig butikk i dag. Trur eg må på shopping åleine ein dag...

  

Funballz

Klare, og superspent
(Du kan klikke på bileta dersom du vil sjå dei i større format)

Ikkje heilt lett, men dei får dreisen på det etterkvart

HA HA HA...KRÆSJ!

Sander får også dreisen på det...
men enda på haudet kvar gong likavel.

    Dizzy DETTE VAR KJEMPEKJEKT!  Dizzy