mandag 27. september 2010

Passert 22222

Då har eg endelig fått trekt vinnarane av giveawayen min Til deg ♥
Eg brukte for enkelheitsskuld random.org.
Eg stengde for påmeldingar straks etter at tellaren min bikka 22222 og det var tilsaman 57 påmelde,
veldig kjekt!
Den første vinnaren er
Nr 38
Nina Pernille!
Nina Pernille ynskte seg klokka til kjøkkenet sitt og det skal ho få.
Den andre vinnaren er
Nr 19
Mira!
Mira får då påsen med M (?) på.
Dersom du vil lese meir om Mira kan du sjekke ut bloggen henna, Miras hjørne

Gratulerer så mykje til begge to!
Mira du må sende meg adressa di.

søndag 19. september 2010

GiveAway og utfordring

I skrivande stund er det berre 220 besøkande til som trengs for å trekke Til deg ♥.
Dersom du ikkje har meldt deg på enno kan du gjere det ved å trykke på bilete av den søte jenta med blomane til venstre, eller i linken over.
Og så var det utfordringa da. Den kom frå Janne Tove, ei fantastisk dame med bloggen Tanker i tiden.
Eg skal skrive 6 fine ting om meg sjølv... 
Sjølv om mange enno lid under Jantelova her på Sunnmøre og ein skal helst sei at alle andre er betre enn seg sjølv og at ein ikkje er så flink til så mykje så vonar eg det skal late seg gjere likavel ;)


1. Eg er blid
Eg likar å sjå på meg sjølv som ein blid og positiv person og trur at eg stortsett er det. Sjølvsagt har eg mine "stunder", men dei går oftast fort over. Like blid
2. Eg er hjelpsam
Eg står ofte longt framme i køa dersom det er nokon som treng ei hjelpande hand.
3. Eg er glad i venane mine
Ja, det er eg.
 
...og her stoppa det...3 ting til... hmmm
okey, here we go


4. Eg er flink å lage mat
Eg likar å lage mat og både familie og vener likar svært godt det eg lagar.
5. Eg er kreativ
For tida er det sying som står på agendaen, men eg er god for ein heil del meir. Likar veldig godt å hekle, men strikking er ikkje min ting, det tek forlong tid. Dersom det skal tovast kanskje, det er gøy.
6. Eg er snill.
Eg synst det.



Då gjenstår det vel berre å sjå om dokke er enig ;o)
Eg har ikkje (enda) så mange vennar i bloggverda, men ei som ofte legg at hyggjelege meldingar hjå meg er Sylvia med bloggen hjemmebest . Kanskje ho vil fortelje oss 6 fine ting om seg sjølv?