Viser innlegg med etiketten Nilsbuda. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nilsbuda. Vis alle innlegg

mandag 23. juli 2012

Meir huer og panneband

Pannebanda og huene blir nærast rivne vekk så i dag var det tid for påfyll på Nilsbuda.
17 huer og 26 panneband.
no er eg tom for fleire av stoffa. Nokre kjem eg til å bestille oppatt, men gledar meg til å få nye stoff og mønster etter ferien.

mandag 16. juli 2012

Panneband

Huene  går unna som berre det på Nilsbuda, kjempekjekt! Men for kvar hue eg syr vert der alltid ein ende til overs, den går i restekassa under sybordet til seinare prosjekt. Vel, eit seinar prosjekt har starta. Med ny ribb og div restar er det panneband som står på plakaten. Kjekt å sy noko nytt!
Ein liten stabel vart levert ned på Nilsbuda i dag.
Fotoshoot med mobilkamera på kaikanten... ja ja

fredag 6. juli 2012

Hjørundfjorden, Sæbø og Nilsbuda

Kari har laga den mest fantastiske artikkelen, publisert på vårt lokale forum Hjørundfjordportalen.

Artikkelen skulle eigentleg handle om Nilsbuda, men som ho skriv, det er vanskelig å skrive om det eine uten å ta med det andre, alt heng liksom ihop. 

Følg linken og les om oss. 
Eg kan nesten garanterer at du har lyst å ta deg ein tur hit!
(Bileta er tekne av Kari og eg har lånt dei uten å spøre...)

onsdag 2. mars 2011

Ny veske

Eg er i full sving på syrommet, nærast kvar kveld sit eg og syr. Med Spotify og fleire maskiner i sving er eg i mitt ess! Det er ikkje alt eg har lyst å dele enno, men kan seie såpass at det er heilt nye produkt som eg har tiltenkt somarens Nilsbud. Mulig dei kjem for sal på EPLA-butikken min før det, men det har eg ikkje bestemt meg for enda. 

Denne veska legg eg ut for sal i EPLA-butikken min.
 Trass i iherdig lyssetting er det likavel altfor mørkt her til at eg vert fornøgd med fargegengivinga så eg måtte ty til blitzen...Skulle nok hatt den 50 mm linsa med blendar ned til 1,4...ønska meg!
 (Etter fotokurs hjå Fotograf Ma har vi lært at blitz er (litt) fy ;) he he )
 Det rosalilla stoffet er blanding av polyester, viskose, bomull og lin. 
Det svarte stoffet på utsida er microfiber. Foret er svart bomull.
Lomme på innsidag og magnetknapp-lukking
Veska er sydd på same lest som eg har sydd fleire av tidligare, diggar denne modellen! Denne er også one of a kind då det ikkje finnast meir stoff... Veska er romslig med god plass til ymse.
Dette bilete er teke utan blitz.
 Frå botnen i veska til toppen av hanken er den ca 67 cm. Sjølve veskerommet er ca 25x28 og bornen er ca 12 cm breid.

søndag 7. november 2010

Tidligare i aust var det avslutningsfest for damene på Nilsbuda.
Deilig hauststeming i butikkvindauget.
Det var ein skikkelig koselig kveld men mange historier om kundar, turistar og ymse opplevingar gjennom sommaren. He he, vi log mykje ;)

Det var dekka langbord og eit koldtbord ein ikkje skulle tru..
..var til 10 personar!

Bordkortet (som eg ikkje tok bilete av) var ein pose med pengar(???)
Overraskinga var stor over timesbetalinga då det på førehand var avtalt at alt måtte vere dugnadsbasert, muligens ein liten slant til kvar dersom det vart noko til overs...

Beskjeden var som følger: 
kjøp deg noko fint!

Det tok si tid, men det har eg no gjort!
Dette kom i posten i går.
Megaglis!
104 sneller av Güttermann Sulky broderitråd i koffert. 
Eg smiler frå øyre til øyre berre ved tanken på alle desse lekre fargane og kva eg kan bruke dei til.

søndag 30. mai 2010

Endelig...

er eg attende og opningshelga på Nilsbude er undagjort. For ein suksess, kjempekjekt! Lovorda sat laust og til tider nærast kokte det lisje lokalet av blide og nyfikne kundar. Eg som ikkje har jobba i butikk på over tre år storkosa meg i jobben, ååh eg gledar meg allereide til neste helg.

Eit lite biletras av tinga eg (foreløbig) har levert.
Du kan klikke på bileta dersom du vi sjå dei i større format.
Handlenett med broderi av Hjørundfjordfjella og bilete av Hjørundfjord kyrkje montert med rammelim, 
eit veldig artig materiale som eg vil prøve meir.
Min favoritt :o)

Fleire vesker. Desse er laga i ullstoff.

Bakeforkle til born
Sara (ufrivillig) modell ;o) Tusen takk Sara.

Ekstra tøff
På alle forkleda kan ein få brodert på namn.

Litt anna
Ein liten hadduk, souvenir frå Hjørundfjord. 
Ein super gåveidè ilag med Ingvild sine heimelaga såpe, kokt på gamlemåten, og ein lavendel duftpose frå Simagarden. Alt til sal på Nilsbuda.
Litt reklame...

Inne i butikken såg det slik ut i det vi opna dørene for fyrste gong
Damene står klar bak disken til å ta imot kundane
Og folket var ikkje seine å be
Masse folk inne i butikken. Kjempekjekt!

Kaffi og sveler gjekk unda!
Kundane kosa seg ute med kaffi, sveler og god prat.

Det vart mykje bilete her, men då det er så lenge sida har eg så mykje å formidle.
Denne helga har eg hatt meg ei sypause, til ungane si store undring; skal ikkje du sy nåke i dag Mamma? Eg må nok berre innrømmet at det har vore litt godt også. Eit nytt bedd har teke form, mangla berre nokre planter, plenen har blitt klipt, jorbærplantene har fått litt stell i form av ny mold og gjødsel så då håpar vi på ein bra jorbæravling i år... Nye hagemøblar er kome på plass og endå eit nytt bedd er under planlegging. 
Med denne helga friskt i minnet håpar eg dette er ein forsmak på at vi får ein laaaang og varm sommar!