Viser innlegg med etiketten Shopping. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Shopping. Vis alle innlegg

onsdag 25. november 2009

Julegåve i november

Pc`en gjekk plutselig hen å døde... Men no er den fiksa og alt i orden! Takk og lov. Kjenner eg blir litt rastlaus uten, ikkje det at eg ikkje har noko å henge fingarne i...du forstår. I staden for å lage eit longt innlegg har eg laga tre i dag, men har lagt dei på dei aktuelle datoane.

I dag har eg kjøpt julegåve til meg sjøl. Blir den opna på julafta? Nope! Den skal "rivast" ut av kassa i ein fei og monterast opp på eit blunk! For snart har eg i hus ei splitter ny

Janome 350E brodermaskin!
Kjem forhåpentligvis i posten før helga.
Sjøl om eg fortsatt har (snilde) Margrethe si maskin ståande her kan eg ikkje få sagt kor eg gledar meg. Kjøpte òg den største pc-programvara til. Med den kan ein vist gjere om nesten kva som helst til eit broderi.
No trålar eg nettet etter fine broderi som eg kan laste ned. Nokon som har tips til sider?

Margrethe si maskin har vore flittig brukt. Eg har laga fleire bake-forkle. Det er så kjekt å lage dei!
Til ein gut

Kjente med ein gong at eg angra på at eg laga den fisken...

Litt plukk å sikke rundt, men den vart kjemefin og eg kjem nok til å lage fleire...

Eg har brukt ein svart vaffelmønstra koppehandduk til applikasjonane. Veldig fint med den strukturen.
Til ei jente

Hjerte med sommarfugl...


og to jorbær...


kan det bli søtare?
Det er og brodert namn øverst, men dei har eg høveleg nok klipt vekk (på bileta) då dei er gåver til nokre kjekke born :o)

I kveld er det juleverkstad for vaksne i skogen hjå Cathrine. Skal bli spanande å sjå kva ho har funne på :o)

Ha ein fin kveld alle saman!

mandag 12. oktober 2009

Haustferie

Som tidligare nemnt tok vi ein tur til Bergen i haustferien for å besøke Tante Kristina og Onkel John-Olav. Dei har kjøpt seg nytt hus sidan sist vi var på besøk så det måtte sjekkast ut.

Når vi frå bygda reiser til slike urbane strøk må vi sjekke ut diverse shoppingsenter og butikkar... Den eine butikken som er obligatorisk for meg er Stoff og Stil. Eg unte meg sjøl å ikkje spare så mykje så i tillegg til div stoff kjøpte eg også bokstavstempel, sjablongar, div strykemerker og tråd.

Kan muligens ane nokre av fargane på stoffa eg kjøpte...


Snart jul...

Home and Cottage var ein fantastisk butikk!

 Tusenlappane kunne såtte laust om eg hadde råd til det ;o) Dei var litt mellom sesongane, men noko greidde eg å kjøpe. Slike suppekoppar har eg ynskja meg lenge! Dei hadde òg med raude stjerner, trur eg må ha dei òg -til jul.  Kaffikanne-varmaren gledar eg meg til å sette fram til jul. Var òg ein tur innom Farmors Hus, men då hadde gutane våre veldig flinke veldig lenge så det vart ikkje handling der...denne gongen ;o)
Lysa kjøpte eg på ein anna butikk, dei er til lysestakane til Ane Marie.

Eikelandsosen
Laurdag tok vi turen til Eikelandsosen, heimstaden til Onkel John-Olav. Og jammen greidde eg ikkje å få spent av nokre kroner der også. På Fjord`n Senter ligg ein vakker butikk som heiter noko så enkelt som Velkommen.

Ho hadde godt utval i GreenGate. Muffinsformer og bakepapir som fint kan brukast til innpakning. Teen, Bestemors frukthave, fekk eg som smaksprøve. Kjempegod! Tusen takk!


Dette julepapiret fekk eg kjøpe ein liten rull av. Super koselig!
Ho hadde ellers masse fint, definitivt ein butikk eg skal tilbake til! Link til butikk-bloggen ligg til venstre på sida.

Systra mi si svigermor inviterte på risengrynsgraut og etterpå tok vi turen ned i fjøra til naustet deira.
For ein idyllisk stad!

Terje hadde laga til ei sen med ein stor sluk så han festa blåskjel på så ungane la på botnen og fekk fore småfisken. Kjempespennande! Sølve fikk ein fisk, men den datt av då han skulle ha den på land.


Bål og pølser.
 
Sølve sit under kaia og kosar seg med pølse.

Båttur

Terje hadde sett ut snik tidligare på dag, men dei fekk desverre ingenting. Veit eigentlig ikkje om det gjorde så mykje for ungane storkosa seg på båttur.Gutane hadde ein fantastisk dag og ville ikke attende til byen. Vi vart heldigvis ynskja velkomen tilbake seinare og den innbydinga vil vi halde på ;o)