mandag 23. juli 2012

Meir huer og panneband

Pannebanda og huene blir nærast rivne vekk så i dag var det tid for påfyll på Nilsbuda.
17 huer og 26 panneband.
no er eg tom for fleire av stoffa. Nokre kjem eg til å bestille oppatt, men gledar meg til å få nye stoff og mønster etter ferien.

mandag 16. juli 2012

Panneband

Huene  går unna som berre det på Nilsbuda, kjempekjekt! Men for kvar hue eg syr vert der alltid ein ende til overs, den går i restekassa under sybordet til seinare prosjekt. Vel, eit seinar prosjekt har starta. Med ny ribb og div restar er det panneband som står på plakaten. Kjekt å sy noko nytt!
Ein liten stabel vart levert ned på Nilsbuda i dag.
Fotoshoot med mobilkamera på kaikanten... ja ja

fredag 6. juli 2012

Hjørundfjorden, Sæbø og Nilsbuda

Kari har laga den mest fantastiske artikkelen, publisert på vårt lokale forum Hjørundfjordportalen.

Artikkelen skulle eigentleg handle om Nilsbuda, men som ho skriv, det er vanskelig å skrive om det eine uten å ta med det andre, alt heng liksom ihop. 

Følg linken og les om oss. 
Eg kan nesten garanterer at du har lyst å ta deg ein tur hit!
(Bileta er tekne av Kari og eg har lånt dei uten å spøre...)

tirsdag 3. juli 2012

Cupcakes i iskjeks

Eg hadde ståande ein pakke Betty Crocker ferdigmix (den var på tilbud ;) he he) med lyse og mørke sjokoladebitar i så eg måtte berre prøve, og ungane meinte det var den ultimate kveldsmat. 
Kombinasjonen med den sprø kjeksen og kake...yum! 
-og for å gjere den amerikanse følelsen komplett, ein stor kopp Starbucks French Roast til, herlig!