Viser innlegg med etiketten Gleder. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gleder. Vis alle innlegg

onsdag 1. januar 2014

Godt Nytt År

Godt Nytt År alle sammen!

Min aller første tur til Fonnvernet avslutta 2013. Jammen på tide etter over 13 år på Sæbø...

Utsikt frå Fonnvernet litt før 12
 Fyrverkeriet i Fonnvernet


 Starta året med fjordårets store hit "selfie"

tirsdag 30. august 2011

Passion 4 baking, Cupcake-kurs.

Cupcake-kurs på KaffiKari med den søtaste Manuela, FOR ei herlig dame!
Manuela demonstrerar si beste oppskrift på vanilje cupcakes. 
Dei åt vi opp ;)

Ho viste ymse måtar å sprøyte på 
i tillegg til at ho hadde med eit hav av silicon former, stempel, sjablongar og div anna kakepynt som vi fekk benytte oss av.

Vi skulle ha med 12 stk ferdige cupcakes som vi skulle dekorere. 
Til vanlig tek det ca 1,5 minutt på kjøkenbenken, men her var det masse tid for dill og kos. 
Så kjekt!

Sjokoladekrem og iflg Manuela alt for rosa fondant

Cream cheese frosting
 Det står nokre silicon former på ønskelista kjenner eg.
Enkelt, kjapt og veeeldig lekkert!

Creamy white chocolate frosting og sprøytetip nr 125
Store roser med lyserosa sukker/glitter. 
I love these!

Alle mine 12 og forkleet eg måtte sy i ei handevending då eg faktisk ikkje har....
Sydd av ein GreenGate koppehandduk og rosa band

Og her er heile gjengen samla ute på kai. Ein kjekk og livelig gjeng!
(Dette bilete er lånt frå Passion 4 baking)


Masse søt inspirasjon finn du på Manuela sin blogg

fredag 19. august 2011

Passion 4 baking, Cupcake-kurs.

Eg har greidd å "lure" Manuela i Passion 4 baking til å kome til Ørsta for å halde Cupcake-kurs!
ÅÅÅÅh som eg gledar meg!!!! Kom du også!

Kurset skal haldast i lokala til Ørsta Røde Kors  
 laurdag 27. august,  kl 10.00 til kl 13.00 
Dvs tre timar med inspirasjon, sukker, latter, klisj, marsipan, litt rot og enda meir gøy!

Kurset kostar kr 850,- og du får:
-lære korleis du lagar ekte Vanilla Cupcakes

-lære korleis du lagar Angel Feather Icing, sjokoladefrosting og smørekrem frå botnen av. -Og sjølvsagt prøvesmake ☺

-instruksjon om korleis du kan pynte med Wilton tipp 1M, 2D og French tipp samt tips om anna pynt som vakre perler osv.

-ei innføring i korleis du kan designe nydelige cupcakes ved hjelp av "Clear stamps", "rolling pins", marsipan, fondant, kremer og diverse anna kakepynt.

Ta med 12 stk cupcakes som du kan bruke under kurset for å øve og jobbe med. Du tek sjølvsagt med deg dei ferdigpynta cupcaksene heim dersom du ikkje allereide har ete dei opp...

Ta gjerne med deg eige kjevle slik at du slepp unødvendig venting.

Det vert servert kaffi, te, drikke og litt anna godt.

  Send påmelding på epost til kurs@passionforbaking.com !!
Bilete "lånt" frå Passion 4 baking.

tirsdag 16. august 2011

Ruffle-kake

I går hadde Bonden bursdag, men forma tillot ikkje at det vart kake i går. Etter nesten ei veke med sjukdom kara eg meg endelig avgarde til lege og fekk påvist både lungebetendelse og ørebetendelse så no håpa eg at etter ein hestekur med penecilin vil at bli så meget bedre... 

Dermed vart det kake i dag. Eg har lenge hatt lyst å prøve å lage ei ruffle-kake, dei er så tøffe! Oppskrift på dagens kake fann eg hos Passion 4 baking, 
 Det er vel dei færraste av oss som har to like store kakeformer så eg brukte engongs aluminiumspaiformer frå Euroshopper kjøpt på Rimi.
Wipped Vanilla Bean Frosting er noko nydelig klisj! 
Vurderte litt vedr denne kremen då eg så vannbad å styr, men styr var det på ingen måte. Superlett!
Kremen er ganske tjukk så det var litt tungt å sprøyte den ut med ein så liten tipp, petal tip nr 103, men så kult det vart! Vel verdt det, eg er superfornøgd med resultatet! ...på første forsøk ;)
På toppen brukte eg ein stor tipp 2d.

Det vart ein ganske stor porsjon så når kaka var ferdig sprøyta eg resten på eit bakepair og skal prøve meg på a la pikekyss. Det har eg aldri laga før, men trur det funka. Det får vise seg i morgon ;)

Eggeplommene som vart til overs, 14 stk då eine egget var "tvilling", piska eg lett, sette ei boks på vekta, vegde dei, 240 gr og putta boksa i frysaren.

I bursdagsgåve, i tillegg til ski som han måtte få på forskot, fekk Bonden noko eg har ønska meg lenge...
Ein Pinell Supersound II
Passa like supert som sounden i vinduskarmen på kjøkenet og begge er særs nøgde :)

Dårlig med ferske bringebær i butikkane om dagen, og eg orka ikkje å gå ut å plukke, så då vart det jorbær som tilbehør. 
NAM sei berre eg....

onsdag 11. mai 2011

Heimekontor

er fantastisk når sola skin og ein kan flytte kontoret ut. 
Taylor Swift på Spotifyen, Spuen og småfuglane kvittrar om kapp. Herlig!
 Det gamle hagebordet funkar supert som kontorpult, holmaskin og mus som vekter for at papira ikkje skal ta seg ein flygetur. 
Lunsj ♥

Slike dagar vil vi ha maaange av!
Attende til arbeidet :) Nyt sola!

fredag 25. mars 2011

Bursdagsgåve til meg sjøl

I forrige veke, nærare bestemt 17. mars, vart eg ett år eldre enn dagen før, nemmelig 35 år. Eit halvveigs rundt år og ei ny avkryssingsboks i ymse spørreundersøkingar der du skal krysse av for alder... Eg kan altså ikkje krysse av i boksa 20-34, men må bruke den neste....35-50...Nåjess...

Men, i høve min halvrunde dag bevilga eg meg ei skikkelig gåve, noko eg har ønska meg leeenge. 
Ny symaskin!
 Så fiiiin!!
Eg har ein tendens til å "go large" når eg først bryr meg så valet datt på ei Husqvarna Sapphire 875 Quilt
Eg har ikkje fått testa så mykje enda, for eg konkluderte kjapt at eg måtte sette meg ned å lese bruksanvisninga for denne er ein smule avansert. Uansett, I love it!

Det er fleire som har gebursdag i mars og gutane skal i fleire selskap, to denne helga.
Eg likar å gi gåver, ikkje pengar. Det er litt for upersonlig for meg, sjøl om eg veit at det er det dei fleste ønskar seg, inkludert mine eigne gutar...
"Heimelga" likar eg aller best. Snart har heile venegjengen handkle med namnet sitt på
. Denne helga er det Andreas og Johan sin tur.


Personlig og praktisk.


torsdag 3. mars 2011

Om å glede

Ofte synst eg det er like kjekt å kunne gi som å få. Om eg veit at eg vil glede nokon uten eigentleg å legge for mykje i det gjer eg gjerne det. Dette er ein slik.

Det kvite stoffet med broderi har eg hatt liggande ei stund uten heilt å vite kva eg skulle bruke det til. (Broderte feil boktav i eit anna prosjekt...) 
M har ikkje hatt dei beste dagane siste tida så då tenkte eg på dette som ei lita oppmuntring, då eg i tillegg oppdaga at ho hadde gebursdag angra eg berre på at eg ikkje sende det dagen før.
Tildastoffet har eg spart på leeenge, synst det er så fint. 
Veit at dette er akkurat hennar fargar så eg håper det fell i smak.

onsdag 10. november 2010

Det er kaldt!

Gradestokken har allereide vist under -10, i november....!
Eg frys og eg hatar å fryse!
Eg var ein tur innom G-Sport tidligare i dag for å kjøpe ullsokkar til gutane og kva kom eg ut med?

Ei fantastisk deilig dunkåpe frå North Face
Me like a lot!
Så no kan minusgradene berre fortsette for eg er god og varm :)

søndag 31. oktober 2010

Kaffi frå "Junaita"

For ikkje så lenge sida vart eg introdusert for ein heilt anna type kaffi enn den eg er vand med, 
Starbucks sin French Roasted x-bold. Sjølv om eg er glad i mørk kaffi, kjøper alltid Friele Noir, var denne heilt annaleis. Denne har ein utprega røyksmak og har lite eller ingen ettersmak. Den kan ikkje samanliknast med den kaffien eg drikk til vanlig på nokon anna måte enn at den er svart... Veldig annaleis og god!

No har J våre heime ein tur på "ferie" og då ho kom heim hadde ho kjøpt ei gåve til meg. 
♥Kaffi♥
 Til frokost i dag mått vi prøve Breakfast Blend, mild.
Sida det er søndag har vi inga morgonavis, heller ikkje blåbærmuffins sjøl om eg godt kunne tenkt meg det... 
Kaffien passa likavel godt i min deilige polkadott-kopp frå GreenGate.
Sjølv om denne er mild har den fortsatt røyksmaken som er ganske utkjendt oss, ihvertfall for meg.
Kjempegod!

Italian Roast, x-bold... hmmm. 
Spennande!


Denne måtte ho berre kjøpe...
Tiramisu, my favorite!
  Denne har eg ikkje smakt enda, men gleeedar meg :)

Thank you som much for this loveley present, I (we) am really gonna enjoy it!

lørdag 1. mai 2010

Frå Mette

fekk eg denne awarden. (Faktisk for ei lita stund sida...)


Det fyl med ei lita utfordring, men den står eg over for no.

Eg må berre beklage at eg ikkje har vore så mykje på nett for tida. Konfirmasjonen nærmar seg med stormskritt og sjøl om vi skal ha selskapet i lødå på Gjestehuset er det ymse som må ordnast i heimen likavel. 

 Konfirmasjonskaka har fått marsipanlok, men står fortsatt uten pynt. Karamellpuddingane står i kjøleskapet og konfirmant-kappa er ferdig stroka. I morgon (eh..i dag) satsar eg på at golva vaskar seg sjølve (les: Bonden) og då er det ikkje så mykje som står att, glatte over eit par skjorter og nokre dressar. Verdas beste svigermor tok hand om bunadsjortene før ho opereste handa si tidligare i veka og løfsene har ho i frysaren.
 Er den noen sak? 

 Eg fekk Pokalen fordi eg er, i følge Mette, kreativ og fortjener den.
Tusen takk, du er alltid like søt :o) Vi saknar dokke i helga!

Dersom du du har lyst på denne Pokal-awarden er den din fordi du fortjener det. Kvifor? 
Fordi du les dette...

Ha ei fortreffelig helg!