mandag 28. september 2009

Litt av kvart...

Endelig har eg fått fullført fleire påbegynte prosjekt...
(Du kan klikke på bileta for å få dei i stort format)

Hekla sitteunderlag

Eg har brukt Artic frå Europris og heklenål nr 5,5.

Kommoden som eg kjøpte på loppemarknad har vore ferdigmåla lenge, men eg fekk ikkje påatt henglsene så der måtte eg ha hjelp av Bonden for å få til ein liten vri...

Fin.
Den rosa knotten er ein messingknott lik dei vi har på kjøkkenet som eg har spraya rosa. Eg ville helst ha ein rosa Rose-knott, men det er ikkje å oppdrive her så det får bli denne så lenge.
Om det er nokon som kjem over ein slik knott hadde eg blitt veldig veldig glad om nokon kune fikse ein slik til meg. Eg betalar selvfølgelig porto :o)

Desse lampane var veldig i tiden då vi flytta inn i 2000...

Sjøl om det er ganske fint lys i dei er det ei god stund sidan dei lyste sist...
Med litt bøy og tøy og zink-spray...
 
Eg har ikkje limt den fast slik at om eg finn på at eg vil bruke glaset til noko anna er det berre å skru av kransen å trekke ledninga gjennom.
 
Litt kraftig lys, men skikkelige lyspærer er vist ikkje kolonialvarer lenger...

Dette vart eit litt kjapt innlegg for må eg hastar meg avgarde til Volda på klubb.
Ha ein fin kveld


tirsdag 22. september 2009

Ein liten tur på Gjenbruk

Jauda, klarte nok å få med meg noko heim i dag også...

Eg har ei stoooor svakheit for glasskåler, så ikkje mindre enn 3 kjøpte eg i dag :o)

Den store har eit enkelt mønster med ein liten blome i botnen. Super størelse til kvardagsbruk.


Små skåler får ein vel aldri nok av...?


Dagens finaste kjøp er denne

Syns den var så utrulig fin!

Gjenbruksbutikken her er kjend for å ha litt stive prisar, men av og til gjer ein seg nokon kupp der likavel.
Eg betalt 80 kroner  for desse fire tinga. Ikkje så gale det :o)

Etter ei særdeles våt oppleving på fotballtreninga til gutane skal det no bli godt med heimelaga lasagne til middag. Borna sin favoritt! Må ein liten tur på jobb seinare, men skal prøve å kome meg heim til Grey`s ;o)


mandag 21. september 2009

Når bananane...

i korga ser slik ut er dei ingen her i huset som vil ete dei...
  dei er der i mot perfekte til Bananmuffins

3 bananar er akkurat nok til 24 muffins.

  Dei stygge bananane er vekke og korga er fylt opp med nysteikte Bananmuffins til kvelds.
Bonden likar ikkje desse så dermed blir det meir på oss ;o)

Oppskrift:
100 gr smør
2,25 dl sukker
3 banana
2 egg
3,75 dl kveitemjøl
1,5 ts natron
1 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
1 dl melk

Sett omnen på 175 grader.
Smør og sukker rørast kvitt. Ha i egga, eit om gongen. Klistre bananane og ha i.
Tilsett alt det tørre. Melka skal i til slutt.

Eg brukar å muffins steikeform, om du ikkje har det kan det vere lurt å bruke dobble former.
Steikast i ca 15 min. Dei skal vere godt gyllne på toppen

       Og om nokon no skulle vere meir svolten kan dei ta eit eple...

Ha ein god kveld :o)

søndag 20. september 2009

Tur-korga vår

var kjedelig og  utdatert, og trengte ein liten make-over.


No ser den slik ut

 og eg må seie meg særs nøgd med resultatet!
Eg brukte kvit semi gloss spray frå Europris. Prøvde først med vanlig glans, men det vart ikkje fint...

Stoffet er frå GreenGate. (Vårt første møte...he he) Det kjøpte eg på ein butikk i Tønsberg for eit par år sidan. Eg tykte det var så fint at eg berre måtte kjøpe ein meter, til 329 kr... Brukt med andakt varer ein meter leeenge ;o) Linfarga blonde passa supert som pynt-og knyteband. Botnen er ei stoffprøve frå Enzo.
Gledar meg til neste tur med mi nye flotte korg!

torsdag 17. september 2009

Italiensk herligheit

Tiramisu!
Eg har brukt kvelden på kjøkkenet på Gjestehuset og laga 49 deilige glas med dessert til gjestane i morgon kveld.

Så er du ein av dei heldige som er invitert av Sparebank1 til å delta på arrangementet i morgon kveld kan du berre gle deg.
Eg smakte så vidt på kremen og om eg skal seie det sjøl var den...nydelig...!
Bjarne og Margrethe reiser til Italia ca to gongar pr år og har fleire gongar smakt den italienske varianten og kvar gong har dei komt til at min faktisk er den beste! (Litt sjølskryt...er vel lov...?)

Håpar å kome sterkare tilbake med litt interiør/oppussings-blogging snart. Skal sjå om eg får tid til å reise ut av bygda ein av dagane så eg kanskje får tak i ein passande knott til loppisskapet mitt. Det stoppa litt opp med målinga med meg, men stoffet til krakken er kome så eg skal prøve å få ta eit strøk i kveld.

lørdag 12. september 2009

Bollar og bollar

Eg beklagar at det har blitt ei heil veke sidan mitt siste innlegg. Eg har vore så oppteken med å pusse og måle tinga eg kjøpte på loppemarknaden pluss litt andre ting som også trengte nokre strøk at eg ikkje har hatt noko å blogge om... Eit strøk grunning og tre-fire strøk oljemåling er desverre ikkje gjort i ein fei. Vanntynna måling passar tempoet mitt mykje betre, men resultatet vert desverre ikkje så fint så då må eg nok berre ta tida til hjelp...
Vi har eit fantstisk Vestlands-vèr om dagen så å prøve å finne på noko ute er desverre ikkje spesielt aktuelt.
Så då må prøve nokre kjekke inne-aktivitetar, som for eksempel å bake bollar.
Jorid i Noe på hjertet hadde lagt ut ei oppskrift på "Verdas beste bollar", ei litt annaleis oppskrift som eg kunne tenke meg å prøve.
*
1 liter mjølk
300 gr smør
250 gr melis
100 gr fersk gjær
ca 1,5 kg kveitemjøl
1/2 ts kardemomme
*
Kok opp mjølk, smør og melis, avkjøl til fingervarmt.
Rør ut gjæra i veska, bland det tørre og elt til ei smidig deig.
Eg hadde så mykje mjøl at vi ikkje trengte å bruke mjøl på bordet når vi trilla ut bollane.
Det kjekke med denne deiga er at bollane skal trillast ut med ein gong, alså inga forheving!
Etterhev i 1 time. Steikast på 250 grader i 7-10 min

Eg hadde mitt svare strev med å skjere opp deiga fort nok då mine gode hjelparar er nokre resarar i bolle-baking. Heile 1 bolle fikk eg trille ut sjøl...
Vi fikk 44 bollar, 28 vanlige/rosinbollar og 16 skulebollar. 
*
Katrine danderte både namn og mønster med melisen på skulebollane. Sølve og Ane Marie var kyndinge kokos-dypparar ;o)
*
Oppskrifta heiter Verdast beste bollar og i fylje Bonden er det dei beste bollane eg har baka.
*

lørdag 5. september 2009

Dagens skattejakt...

er no undagjort og eg er strålande nøgd! 
Alt dette, inkl skapet
 og denne

 til den nette sum av 350 kr!
Skapet skal reknar eg med passa pørfekt på syrommet mitt og skal målast...kvit.
Krakken skal og få eit par strøk, og nytt trekk.
Trekke er i og for seg velsig søtt, så det må eg nok sjå å få brukt til eit kvart.
*
Krystallskåla veg ca ett tonn...

Denne snappa eg framfor nasa på mi beste veninne...

 Sorry Cathrine...
Om du klikkar på bileta kjem dei opp i større format
Skåler, muggar, norgesglas, pluss resten skal snart få ein grundig vask før dei blir tekne i bruk.
Neste karamellpudding blir med striper ;o)
Neste loppemarknad er på Bedehuset på Sæbø om to veker :o) Gledar meg!
*
No skal vi avgarde på konfirmant avspark og Jesus løype...
I kveld er karane forvist til tenåringsrommet for eg skal endelig få sett dei to første episodene av Grey`s Anatomy på TV2 Zebra.
*
Tusen takk for alle hyggelige kommentarar, det er kjempekoselig!
Ha ein fortsatt fin laurdag!

torsdag 3. september 2009

Kjeks og fyrstikker...

Verdas enklaste og beste (ihvertfall i følge ungane) sjokoladekjeks. Av ei deig fekk eg 62 stk. Det vart gårsdagens kvelds. Etter at alle hadde forsynt seg rikelig var det dette som var att til arkivering...

Oppskrifta kjem her:
180 gr sukker
180 gr brunt sukker
240 gr smør, ikkje smelta
Bland godt
380 gr kveitemjøl
2 ts vaniljesukker
2 ts bakepulver
2 egg
1 plate kokesjokolade, hakka i bitar
1 pk Freia sjokoladelinser
Ikkje bruk ballongvisp då deiga vert veldig fast.
Bruk skei å sett i toppar på bakebrettet. Eg har 9 stk pr brett då eg vil vere heilt sikker på at dei ikkje smeltar saman.  Steikast på 200 grader i max 10 min. Dei er mjuke når dei kjem ut av omnen, så la dei ligge litt på brettet før du legg dei over på rist.
*
Velbekome!
*
Medan eg venta på at kjeksa skulle steike laga eg nokre fyrstikkøske-"cover"
Eg har brukt klippearket Roses frå Tilda. Då eg syns desse klippearka er veldig tjukke til dette formålet har eg kopiert dei over på klistermerkeark frå Connect. Det er forøvrig mykje lettare også, klipp ut-klistre på. Dei er litt transparente så eg limte først på eit som var heilt kvitt deretter det mønsteret eg ville ha.
*
Ulike mønster på kvar side. Dei andre sidene ser slik ut.
Særs nøgd med resultatet :o)
*
*
Kan nokon gi meg eit godt tips om korleis eg får mellomromma mellom linjene der eg vil så eg slepp alle desse stjernene...?

tirsdag 1. september 2009

Dårlig med TV i dag også...

Eg nyttar dermed høvet til å vise kva eg kjøpte på Emmas Verden i dag. Dette har blitt min favoritt butikk. Det er mykje fint i den butikken, men med fulle skap og skuffer er det  desverre begrensa kva eg kan drage i hus.
*
Paisley og Cloè koppehanddukar, to klyper til å henge dei i. Forøvrig ikkje nødvendig då der er gode hemper på dei, men dei var så søte... og to hjerte korthaldarar (?) i sink som eg ikkje skal bruke til korthaldar...

Nyheitene frå Tilda hadde ho òg fått inn. Eg kjøpte berre eit stoff, foreløbig... og rose klippeark. Trur ikkje dei er nye, men veldig søte -og eg har ein plan ;o)
 Ho ventar inn mykje meir varer i løpet av månaden så det blir ikkje så lenge til neste tur. Anne, innehavaren, var desverre ikkje i form så det var mor hennar som passa butikken i dag. Ei særs hyggelig dame :o)
God betring til deg Anne!
*
Så må eg ta med eit stort varsku til alle kvitmalarar der ute som har, i likheit med meg, ei forkjærlegheit til skikkelig måling, nemmelig oljemåling. Den er på veg ut av sortimentet, ihvertfall til Jotun. Skvatt skikkelig då Bonden kom å lurte på kor mykje måling han skulle ta med heim for no hadde dei fått beskjed om at dei ikkje fikk meir.... Så her er det berre å hamstre jenter!
*