Viser innlegg med etiketten Epla. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Epla. Vis alle innlegg

fredag 4. februar 2011

Heiv meg rundt

å laga Roser til frokost også.
(mange) Fleire bilete i Epla-butikken. 
Har laga link til butikken i margen til høgre.

DÅ er det slutt på syinga for i kveld, kom på at eg må lage ei sjokoladekake også til i morgon. 
Men no skal eg sjå litt på TV å ete litt snop ;)

Frokostsett

Dette frokostsettet med brødkorg og presskannevarmar er lagt ut i Epla-butikken min.
Fleire bilete av settet finn du her.

Her bles det noko heilt forferdelig så eg er veldig spent på om vi fortsatt har all taksteinen på plass når vinden løyar. I morgon skal vi møte i hallen kl 10, Sander skal spele to handballkampar og eg skal sitte i sekreteriatet for fyrste gong. Hmmm ;)
Ynskjer alle ei fortreffelig helg!

tirsdag 1. februar 2011

Eit stort steg

Eg har opne Epla-butikk! 
Litt artig og litt skummelt.
Eg har hatt så mykje ting og tang liggande. Liggande her forsvinn dei ihvertfall ikkje så....ja, då var det berre å kaste seg ut i det. Tok ein print-screen av Epla-butikken min for å vise at det faktisk er sant. Puh...
Skal tru om noko vil kjøpe noko av det eg har laga...
Dersom du vil sjå kva eg har lagt ut for sal til no kan du klikke her.