torsdag 6. februar 2014

Weekendbag

Min Amy Butler Weekendbag er endelig ferdig! Juhuu!!! 

Sydd i tjukt stivt møbelstoff med biser og botn i svart kunstlær. Stakkars symaskina mi! Dette var mange lag og tungt å sy så det blir nok ikkje fleire av denne sorten med det første...Hankane bestilte eg på Ebay. Sydd på for hand (not my thing!)

Om det ikkje kjem så godt fram på bildet så er stoffet grått og lilla hundtann-mønster.
Leeenge sida eg har stingsatt noko, men gamle kunster kjem kjapt tilbake ;)
Eg vart superfornøgd med broderiet!

søndag 26. januar 2014

Ut på tur

Årets første overnattingstur på hytta på Rognestøylen. Fantastisk med så lite snø! Vi kan kjøyre heilt inn på setra og ingen rasfare.

Eg drog inn tidlig på dag for å starte fyringa. Satt inne fullt påkledd med opa dør og full fyr i omnen. Etter vel ein time slutta eg å puste frostrøyk inne...he he. Vel verdt det for når vi kom innover på kvelden var det fortsatt grei temperatur inne i hytta og fort gjort å få det godt og varmt.

Ut på kvelden tok eg med meg Sander ut for å sjå på stjernene og ta bilder.

Det endte ganske gøy! Sander nekta å gi seg og sprang og sprang. Å leike seg med laaaang lukkartid er SÅ gøy!
Mammsen måtte vere med å springe litt også...puh...

Først skøytetur på tjønna

Alle på same bilde!?! Utrulig!
Seinare, spasertur fram til Storevatnet

Isfiskarane målte isen til ca 15 cm og hadde målt Lisjevatnet til 13-15 cm i går. Det var mykje lyd i isen på begge vatna, det betyr at den veks. Det kan vi like.

Og meda vi venta på sommaren

Skøytetur på Lisjevatnet. Fantastisk svart klar is, nesten som at den ikkje er der... Nydelig å gå på!

Med så lite snø blir det heilt klart mange daga på skøyter denne vinteren!

Dåpskake Andrea

Fikk endelig anledning til å bruke snøkrystallane, syns dei er så fine!
 Sjokoladekake med eit lag mokkasjokoladekrem og eit lag ferske(!) brinngebær. Rundt kaka var vanilje ostesmørekrem og trekk i rosa marsipan.
Tenk å kjøpe ferske bringebær i januar, LUKSUS!!!
Marsipan perlekant med kvite perler. Litt pirk, men syns det blir kjempefint og gjer det lille ekstra på borda.

Håper den smakte :)

onsdag 1. januar 2014

Godt Nytt År

Godt Nytt År alle sammen!

Min aller første tur til Fonnvernet avslutta 2013. Jammen på tide etter over 13 år på Sæbø...

Utsikt frå Fonnvernet litt før 12
 Fyrverkeriet i Fonnvernet


 Starta året med fjordårets store hit "selfie"