onsdag 25. mars 2009

Pakke i posten

Eg ringte til Live In Interiør i Ålesund for å høre om ho hadde fleire av lattekoppane frå Green Gate, som eg ikkje kjøpte sist eg var der. Det hadde ho, ein raud og tre mønstra. Eg spurte med mi blidaste stemme om ho hadde anledning å sende. Det var noko dei vanligvis ikkje gjorde, men det skulle gå greit! Og i dag kom pakken! Hurra for landpostbud!Same mønster som på mugga eg kjøpte i Bergen, det mønsteret er utgått så eg var kjempeheldig!

Må berre skryte litt... Eg er over meg sjøl av nøgdheit i dag! Hm, det var eit nytt uttrykk...

Eg rettar ei stor takk til dama på Live In i Ålesund, ein blome til deg Kvar gong er er i Ålesund, det er ikkje for ofte, er eg innom denne butikken og eg handlar ALLTID! Den er vel verdt eit besøk om du er i "Bya" en dag.

Påske-korg

Eg tenkte at eg skulle prøve å hekle ei Påske-høne àla dei strikka hønene som "alle" har, men eg skjønte fort at den eventuelle høna eg hadde lagt opp til ville bli gigantisk! Ikkje hadde eg nok tråd heller...
Så det vart ei tova egg-korg. Tenkte at til våre "idylliske" Påske-frokostar med heile familien samla rundt frokostbordet med kokt egg og lys på bordet ville denne halde egga varme litt lenger. Du ser det for deg ikkje sant? *ler*
Eg har fylt den med "kylling-egg" for demonstrasjon. For den som ikkje veit kva kylling-egg er, så er det små små egg uten plomme.

tirsdag 24. mars 2009

"Fil de fer"

Her er mi nye "fil de fer" egg-korg.Som dei fleste veit er Fryd konkurs, desverre. Så i dag var eg igjenn en tur innom opphørssalget.

Då fann eg denne korga, men den så ikkje slik ut i butikken. Den var i ein gusj-grøn-grå farge. Eg lånte litt zink-spray med Bonden og vips"fil de fer"...look a like.

Den passar ihvertfall perfekt til formålet, har god plass til eit heilt brett med egg og vel så det frå "Eggefabrikken" på Riise

Te

Kjøpte en ting til på Berthas Oldebarn. Jordbærte med tilhørande boks frå Green Gate.Må vel kanskje innrømme at boksa lokka like mykje som teen, men den er kjempegod! Dobbel lykke...? Det er vel kanskje ikkje til å stikke under ein stol at eg er eit Green Gate-fan.

Eg har ikkje drukke opp all teen enno om nokon har lyst å smake...

Karse

Det sto på pakken at Karsa skulle spire etter ei veke. Vel vel, dei spira etter første dag og etter vel ei veke ser dei slik ut:

Klar for hausting. Nam nam...

Skal vi ha igjenn grøne gleder til Påske må vi nok så ein gong til

Blomstrande blåbærlyng

Jauda, eg hadde heilt rett. Blåbærlyngen gjer seg mykje bedre i ei mugge frå Green Gate.

Ikkje sant? Eg er så fornøgd!

Medan eg og gutane var i Bergen har lyngen begynt å blomstre, så deilig! Vi kom heim til VINTER! Med dette gjer noko med ein... VÅR, here we come! Håpa vi ihvertfall... Kanskje vi får Blåbær på kjøkkenet? Gutane trur det og ventar i spenning .

Kjøpte også ein Lattekopp. Søt ikkje sant? Har også bestilt fire stykker frå Ålesund, gledar meg til dei kjem!

onsdag 18. mars 2009

Fire fyrstikkøsker og ei boks...

Har vore på papirshopping i dag.Prøvde meg på litt decoupage (skrivast det slik?) Potensielle gåver til besteforeldre!
Og ei boks...
Kjøpte ei bok med fem forskjellige papir frå Tilda. Papiret er brunt med kvite prikkar på baksida, dvs ned i boksa. Malen er gåveøsker kjøpt på Indiska.

tirsdag 17. mars 2009

Ein vanlig dag midt i veka...

NEI! Det er 17. mars! Min bursdag, heile 33 år i dag Slik såg det ut når eg opna ytterdøra i dag tidlig. Ikkje mykje som minne om vår-stemning her... Bursdagsgåve til meg sjøl...

Tre puter i deilig velour.

Den brune passar egentlig ikkje så godt i sofen min, men eg syns den var så fin at eg berre kjøpte den også. My birthday! Den passar ihvertfall ilag med dei rosa putene...mulig dei ikkje blir i sofaen så lenge...

Kake til meg...

Oreo-kake. Kjempegod!

Og så flotte gåver eg har fått, eg er jammen heldig!

Frå gutane mine fikk eg dette settet med ull-undertøy, deilig!

En søt sydvest frå Cathrine og ein skjønn oppsats frå Lisbeth og Ellen.

Tusen takk til alle sammen for gåver og helsingar.

mandag 16. mars 2009

Anettes Hus

Anettes Hus fyller 1 år!

I det høve har ho laga til ein konkurranse der premien er dette nydelige Påskeegget frå Lisbeth Dahl.

Anettes Hus er ein kjempefin interiør-blogg med mange tips, idear og inspirasjon til heimen. Der er også nesten 1000 (...) linkar til butikkar, bloggar osv.

Klikk på bildet og du kjem rett til konkurransen eller på Anettes Hus og du kjem til bloggen.

Enda eit sitteunderlag

Måtte prøve den nye heklekroken min. Resultatet vart dette tova sitteunderlaget i litt meir "gutete" fargar enn dei andre vi har. Med fire gutar og kun ei jente(?!) i hus er det vel kanskje ikkje så dumt...

Hekla 23 runder med krok nr 6.

Ville prøve å auke litt mindre enn forrige gong, så denne gongen auka eg ikkje på runde nr 10, 12, 14, 16, 18, 20 og 22. Det vart ikkje "bølgete", men kanskje litt få stavar pr sirkel etterkvart. Tova det først på 40 grader med 1200 omdr, det var ikkje nok. Deretter på 60 grader med 1200 omdr. Mykje bedre. Men pga at det er litt få stavar pr sirkel vart det litt tynnare enn dei andre. Då har eg ihvertfall fått testa ut aukinga. Konklusjon; ein gyllen middelvei...

søndag 15. mars 2009

Litt ute inne

Med det deilig vèret ute måtte eg en liten tur i skogen. Plukka med meg litt for å friske opp inne.
Blåbærlyng er alltid fint og gir ei vårlig stemning. Ser nok at blåbærlyngen hadde gjort seg enda bedre i ei mugge frå Green Gate. Den verte nok kjøpt når eg skal til Bergen til helga... He he...
Litt Tyttebærlyng, litt anna lyng og eit ris med "Gåseungar". Det vart litt stort med lange greiner, men hjorten har beita på ALT innafor rekkevidde så dei beste greinene er nok godt fordøyd.
Vel vel, vi skal pynte det med måla egg, men vi må nok til å måle fleire for det begynner å bli tynt i rekkene med dei vi har måla tidligare...

Karse

Eg og Sølve har sådd Karse Kjøpte Junior-frø på Felleskjøpet. Dei er veldig velsigna, alltid enkle og gode sortar. Sådd på bomull i søte eggeglas, trur dette blir veldig fint når dei begynner å spire om ca ei veke. Deilig vårstemning.

torsdag 12. mars 2009

Bya-tur 2

Den andre tingen eg kjøpte...

ein helklekrok i Harmony-Wood frå Knit Picks!!!! Har hatt lyst på ein slik lenge og i går fann eg på Husfliden i Ålesund. Kjøpte str 5,5 og 6, så her blir det meir toving!

Eg kjøpte to, derfor kunne eg ikkje røpe det i går for den eine var til Cathrine... Veit at ho også har hatt lyst på sånne, så en liten overraskelse på en heilt vanlig kvardag sprer alltid litt ekstra glede. Både for den som får og den som gir... Ho vart ihverfall glad!

Gleda meg til å prøve om dei er så gode å hekle med som rykta seier. Skal på klubb i kveld så då skal den få vere med.

onsdag 11. mars 2009

Lykke

Og kva låg i postkassa og venta når vi kom heim?!? Et flunkande nytt Rom 123! Eg er eigentlig kjempetrøtt, men eg må berre kose meg litt med det i kveld likavel....

Bya-tur

Eg overtalte gutane til å "skippe" SFO i dag å bli med meg ein tur til Ålesund. Sølve har fått seg to par nye sko. Sander var for opptatt med å sjå i eit Lego-blad, så han var ikkje interessert i verken sko eller anna, dermed; ingenting på han i dag... Men han har fått sjekka ut leikebutikkane for å lage ønskeliste til bursdagen sin.

Noko av det ej kjøpte i dag. Såpekopp med stett og karaffel i plast med skru-lokk frå Lisbeth Dahl, Sylteglas frå Bloomingville, pakkeband frå Panduro og brett frå Rice.

Brettet såg eg i forrige utgåva av Rom 123 eller Bolig Pluss (abonnera på begge så eg blandar alltid...) å syns det va så fint, og i dag fann eg det! Det va nok meininga at eg skulle ha det... Såpekoppen med stett har eg leita etter heilt sida eg var i Holmestrand. Ellen hadde en slik ståande på badet, og eg vart sååå misunnelig! Karaffel i plast! Supert! Så den MÅTTE eg berre ha! Søte servietta i vårlige fargar. Å to små luktelys... Det lukta fantastisk godt, lukta heite "rein bomull". Tente dei på kjøkkenet å no lukta det snart over heile etasjen, kanskje litt mykje.....??? Kjøpte noko til, men kan ikkje røpe det i dag.... EG ER SÅ FORNØGD MED DET EG HAR FÅTT I DAG!!!!

tirsdag 10. mars 2009

Dukke-sengesett

Eg fekk spørsmål frå Strikkekafeen om eg kunne ordne et dukke-sengesett. INGEN PROBLEM! Det er ei dukke-jente og dermed såg eg mitt snitt til å lage noko rosa...
Det rosa stoffet har eg kjøpt i Stoff og Stil og det andre i Panduro. Kjempesøtt stoff med turkise og grøne Elefanta, og rosa og gule Harepusa.
Måtte øve litt på knappehol før eg turte meg på "eksamen", eg skjønte det til slutt. Måtte berre applikere en grøn Elefant på puta...

mandag 9. mars 2009

Sitteunderlag

Eg hekla eit sitteunderlag etter mønstra på dei runde gryteklutane.
Bilde før toving. Eg brukte nål nr 4,5 og tråd frå Europris.
Eg hekla 22 ringar, kunne nok ha våre litt større. Om eg skal lage fleire vil eg nok ikkje auke på kvar omgomg slik som eg har gjort her. Ca etter 10-11 runde e det sikkert nok å auke på annakvar runde. Tova det først ein gong på 40 grader med 800 omdr. sentrefuge, då vart det litt lite tova synest eg. Tova det ein gong til ilag med det rutete sitteunderlaget, denne gongen også på 40 grader med 1200 omdr. då vart ej førnøgd med resultatet.
Og slik blei dei. Det rutete er av nokre strikka ruter eg hadde liggande som eg nok hadde tenkt til et prosjekt en gong... Fann dei innerst bakerst i tråd-skapet mitt... Så i går monterte eg dei saman og hekla den lilla kanten rundt. Det vart god størrelse, og Sander har hatt det med seg på skidag på Bondalseidet i dag.