søndag 28. oktober 2012

Hjertekake

til ei Prinsesse i høve hennar 9 års dag.

Eg fekk spørsmål om å lage kake til ei jente i høve hennar 9 årsdag, ho ville ha ei rosa hjertekake. ROSA rosa rosa, herlig! 
Ikkje så ofte eg får lage rosa jentekaker så dette var kjekt :)
Hadde masse røre igjenn etter kaka så då vart det 12 bonus cupcakes :)

Sjokoladekake med sjokoladesmørekrem og marsipan.
Kaka og cupcakesa vart tekne godt imot og etter det eg har sett på FB smakte den bra også...puh ;)

Håpe du hadde ein super kveld i går Marielle!