mandag 31. august 2009

Sesongpremiera...

på Grey`s Anatomy vart ikkje som forventa kan eg vel trykt seie...
Eg sprang febrilsk opp og ned med kundeservice på tråden for å greie å stille inn parabolen, men det dama sa eg skulle gjere virka ihvertfall ikkje! Ho kunne forøvrig ikkje bruke kompass heller... 7 grader vest er på ein måte 7 grader vest, ikkje så mykje eg får gjort med det.
*
I staden for TV har eg  brukt kvelden til å sjå innom diverse bloggar, alltid kjekt :o), fått strikka litt og sett litt meir i boka Sjarmerende gjenbruk. God bok ;o)
*
Ellers så har eg ikkje så mange oppdateringar å kome med. Helga som eg hadde gleda meg enormt til gjekk ikkje slik som eg hadde tenkt då det plutselig (fredag etter jobb) dukka opp ei varetelling på Eurospar som eg ikkje var informert om. 
Oppmøte søndag kl 9, puh... 
Helga var kjekk den altså, vart berre tatt litt på senga i kassa på Spar då eg fekk spørsmål om eg var klar til søndag... Klar var eg, til sykkelløpet på søndag... Fekk med meg alt likavel :o)
Sykkelløp i et regnvèr som var heilt ubeskrivelig. Kven hadde sett på krana og tatt helg?
Alt og alle var klisj våte, men kjekt var det likavel.
På  Hjørundfjordportalen kan du sjå bileta.
*
Laga forøvrig ei veldig god plommesylte på laurdag. Den skal eg kome tilbake til då eg trur eg må lage eit eige innlegg om sylte-dilla mi ;o) 
*
I morgon vert det ein tur til Moa til ortoped med Sander og kjenner eg meg sjøl rett blir det nok ei runde innom dei faste butikkane. Tenker vi svippar oss til Langevågen først og ein tur på Emmas Verden ho har vist fått inn så mykje fint sidan sist så det må sjekkast ut.
*
Tenkjer det ikkje vert så lenge til mitt neste innlegg som mitt forrige, men som sagt, her er det så mykje som skjer om dagane, håper det roar seg snart...
*
Då bikkar vi snart til september og somaren er offisielt over, men vi tek gjerne imot ein nydelig haust! Eg satsar likavel på fleire heimekveldar inne då vert det nok litt fart på sakene.
*
Måtte sette inn * for å få mellomrom...

mandag 24. august 2009

Oh, what a day...

Denne kom i posten i dag :o)
Ein fin kvit Nokia N97! Har ikkje fått testa den så mykje enda, men fann ikkje fotoapparatet når eg skulle ta bilete i stad så då fekk eg testa mobilkameraet.
Må vel sei meg godt nøgd med kvaliteten på bileta.
Deilig med blomster ein kan hente frå eigen hage. Eg er heilt avhengig av friske blomter i ein vase på sjenken. Kvite haustfloks og klematisen Jackmani prydar både sjenken og salongbordet.
Det var fleire herligheiter som låg i postkassa i dag.
Haust\vinterkatalogen frå Stoff og Stil, meget hyggelig "lesning". Nyaste katalogen frå Panduro kom også. Trur eigentleg at dei kom på laurdag, men då glømte vi å hente posten... Kva skal eg bestille først og sist...?!?!?

fredag 21. august 2009

Sneak peak

Eg var så heldig at eg fekk sjansen til å blade i denne boka i dag.
Rykande varm, rett frå trykken. For ei bok! Kunne blada i times-vis. Interiør -designernes egne hjem utgjeven av Ellen Lind grunnleggar av Green Apple. Her får vi, som tittelen tilseier, innsyn i utvalde desingera sine heimar. Spennande! Då boka ikkje er komen på marknaden enno skal eg ikkje seie så mykje meir, men eg måtte stålsette meg for ikkje å finne eit kamera slik at eg fekk tatt inspirasjonsbilete til bloggen... Boka skal lanserast på boligmessa Gjør din bolig bedre på Telenor Arena 4.-6. september. Green Apple har standnr 217. Så for dei som har anledning, spring! Eg har desverre ikkje det så eg håpar på eit godt tilbod på boka ;o)

torsdag 20. august 2009

Jeg gikk en tur på stien..

Eg søkte nødvendigvis ikkje skogens ro, men fann den likavel...Eg verken såg eller høyrde ein einaste Hjort. Mulig at den kanskje hadde både høyrt og lukta meg for leeenge sida... Pusta som ein kvalross og lukta som ein hest... he he. Ikkje nett så gale ;o) Deilig å kunne gå berre å trakke rundt og sjå kva som dukkar opp. Ein må verkeleg vere forsiktig med kvar ein set føtene...
Ein Steinsopp låg godt gjømd i barnålene, men ikkje godt nok... Ekte eller falske? Dei vart med heim likavel.
Denne Skrubben tok eg ikkje med for den såg ikkje så bra ut, men ein same sort og størelse fikk vere med.
Ei frostnatt...
...og dei blir til gelè. Dagens fangst.
Etter forvellinga vart det redusert til ca 1/3. Vi er ikkje glade i sopp nokon av oss eigentleg, men eg likar å plukke... Den får nok plass i ei eller fleire hjortegryter utover hausten. Nokon som vil "melde" seg på? Kos dokke i varmen :o)

Nye Lattekoppar...

frå Green Gate sin nye haustkolleksjon! Å reise til "bya" med shopping-moduset på -veldig god kombinasjon!
Desse kjøpte eg på LiveIn i Ålesund. Eg trur faktisk aldri eg har vore inne på den butikken uten å kjøpe noko. Cloè og Paisley, nydelige! Kjøpte også tilhøyrande serviettar. Eg er ikkje spesielt glad i grønt, men den grøne Paisleykoppen var faktisk veldig fin, den raude var litt "bråkete" så den kjøpte eg ikkje. Ihvertfall ikkje denne gongen... Basilikumoljen frå Oliviers & Co greier eg meg nesten ikkje uten. Fantastisk god i all mat...nesten. Ein ny halvliter klar til bruk ;o) Eg kjørte ens ærend for å besøke butikken Emmas Verden i Langevåg. Den butikke er vel verdt eit besøk, eg skal ihvertfall tilbake! Eit slikt saltkar har eg ønska meg lenge, dermed vart det med heim, pluss litt til... Kjøpte også siste utgåve av Jeanne d`Arc Living, mmmmm...
Ny golvvask frå Maison Belle kjøpt på Tante Bruun. No skal det lukte godt i heimen til helga...eller ein annan dag det passar meg å prøve den... ;o)
Var også ein tur innom Herlighet. Der kjøpte eg det skjønnaste sengetøy. Småblomstrete i blå og rosa sarte fargar men lyseblått mellomverk.
Då er det vel tid for kvelden. I morgon (idag) er det skulestart for 1.-3. klasse og Bonden reiser til Førde eit par dagar så eg og gutane skal kose oss heime åleine. I helga blir det fult kjør med Tinefotballskule på Legene så her er det berre å lade opp. Ha ei fantastisk opplading til helga!

tirsdag 18. august 2009

Stølsturen 2009

Søndag tok vi turen til Auresætra i Sykkylven. Kvart år arrangerar dei Stølsturen 2009. Ei stølsmesse med utstilling av kunst og handtverk av ymse slag. Det gutane tykte var kjekkast var utstilling av alle dyra.
Dagens middag, rjømegraut. Sølve sin store favoritt!
Sander har aldri holdt ein høne før...
Kalvar har vi heime òg. Denne var to dagar gamal av typen Vestlandsfe (Gråkolle). Sander strekte ut handa og den tok tak med ein gong...
Sølve måtte også prøve. Dei fekk prøve å ride på hest. Sander var litt skeptisk, men viste seg å stortrivast på hesteryggen.
Sølve som i utgangspunktet var superklar vart noko skeptisk...
ok, litt bedre, men det snart ferdig sant?
Kjerretur
Auresætra har ein stor somarfjøs. Vi har no for andre året sendt nokre av dyra våre på somarferie her. Så noko av grunnen til at vi tok turen var for å sjekke ferieforholda...
Dei med grøne halsband er våre. Tre av dei er på dette bilete. To brune og ei svart og kvit.
Kva skjer når Bonden ropar?
Dei røyser seg, rautar og kjem gåande mot oss. He he, dei kjenner att stemma til Bonden. Skal tru om dei vil heim no? Denne turen kan vi virkelig anbefale, kjempe kjekt! Vi skal definitivt tilbake neste år :o)

torsdag 13. august 2009

Middagen i dag

vart kjøpepizza...
Grunnen? Fordi desse kom i posten i dag! Jippi! Dermed passa det meg ikkje å bruke tida på å lage middag akkurat no. Jada, litt egotrippete må eg få vere av og til...
Jett om eg har gleda meg?! Så medan pizzaene steiker seg sjølv kan eg kose meg med mine nye bøker :o) Kjenner eg må blade med andakt, men kva for ei skal eg begynne på? Luksusproblem! Stort smil!
Signaturen min ville plutselig ikkje...nei nei. Får skrive den sjøl da Helsing Tonje

onsdag 12. august 2009

To fotöljer och en soffa

I mangel på nyvinningar og fullførte prosjekt vil eg fortelje historia om Gullsalongen min. To fotöljer och en soffa...For eit par år sidan ferierte vi i Munkedal i Sverige. Det er ikkje langt mellom Loppisane langs den svenske vestkysten og I love it! I Munkedal er der to. Eg var på jakt etter ein liten klumpete "lese avisa"-stol. På Jille`s sto denne salongen å venta på meg. Eg fell pladask! Men eg hadde knappast plass til den eine stolen heime...på langt nær ein heil salong. Rekleinarane vi hadde på stova selde eg pr SMS, og vips...PLASS! Men sjøl med ein Chrystler Grand Voyager hadde eg inga muligheit til å få den med heim uansett... Eg stua bilen etter beste evne og kjøpte stolane...for 1500 sek. Men den sofaen som sto att heilt åleine på butikken kunne ikkje forlate hovudet mitt... Ei veke etter at vi var komt heim frå ferie lånte eg varebilen til Pappa, fikk med meg ei veninne å kjørte nedover å kjøpte sofaen også...for 500 sek. I tillegg fekk eg med meg eit passande bord og nydelig lampe. Bordet kosta 500 norske og lampa 420 svenske. Lampebordet har eg kjøpt på Italien House. Er eigentlig ingen stor Begonia-fan, men denne er berre nydelig! På veg heim stoppa vi på Nordby og på Indiska kjøpte eg kuppelen til lampa som heng over bordet. Kuppelen kosta 498 svenske, pæreholdar og lampeledning ein knapp hundrelapp.
Ein kjapp fantastisk tur med kupp etter kupp for min del :o) Om nokon vil vere med gjer eg det gjerne igjenn ;o)

søndag 9. august 2009

Freda var gjorde...

...då denne kom kjøyrande inn på tunet. Fjøsen som no har stått (deilig) tom i fleire veker er ikkje tom lenger. Kalvane som vi for to år sidan sendte ut på Halsane kom i dag attende som drektige kviger.
Fem flotte kviger, rolige å kjekke. Dei har fått godt stell der ute. Så då var første pulje i hus og om nokre få veker kjem kalvene.

torsdag 6. august 2009

Blafre Design

Bli med i trenkninga av flotte premiar frå Blafre Design. Trykk på bilete for å kome til nettbutikken deira, trykk her for å kome direkte til konkurransen. Trekning 10 august så her er det berre å hive seg rundt!

onsdag 5. august 2009

Dagen i dag

Då ingen av prosjekta mine er i havn enno og det ser ut til å drage litt ut i tid bloggar eg litt om dagen i dag...
I dag har eg bestilt meg to bøker eg har ønska meg lenge :o) Så då er det berre å vente på Postdama vår... Det er kjempevarmt, 24,3 grader, ute og eg har FRI! To maskiner med kle er allereide komt på snora og brødbakemaskina går for andre gong... Dei to minste Gutane har oppdaga at dei faktisk greier å klippe plenen. (Høne)Mora var då noko skeptisk... Syns kanskje 6 og 8 er litt ungt for å handsame ein plenklippar, men Besten sette dei i gong og resultatet vart upåklagelig...med litt veiledning sjølvsagt. Dermed er det slutt på plenklipping for meg :o) I dag klipper dei plen på deling medan eg plukka litt Bringebær. Lurer på om vi må kjøyre oss ein tur bortover for å kjøpe meir Bringebær. Trur eg har fått sylting på hjerna...ha ha ;o)
Nye utemøblar kan eg ha lyst på...kanskje på salg...får sjå... Mulig at det blir ein tur på badestranda òg i løpet av dagen, måle resten av husvegen i ettermiddag må eg vel gjere og forhåpentlig vis grillar vi til middag. I kveld må eg vel jamne silo for her er Hoslåtten i full gong.
Det var litt om dagen min/vår i dag. Korleis er din dag?

søndag 2. august 2009

Design*Sponge

I dag har eg hatt Kristina og John Olav, Mamma og Pappa til middag. Lasagne, salat og Fucaccia-brød. Herlig, men rakk ikkje å ta bilete før maten forsvann... Til kaffi/dessert hadde eg laga Sitronkake men valmuefrød. Den er berre god! Alt fekk heldigvis bein å gå på :o)
Men over til Design*Sponge. Kristina viste meg denne nettsida, fantastisk! Eg har berre blada meg kjapt gjennom ein liten del av den, men forstår det slik at kreative skjeler kan få publisere prosjekta sine her. Hundredevis av før-og etterbilder, trendar, idear og mykje meirYes please... I staden for belegningsstein kan ein kanskje dekorere asfalten, muligens slik
I staden for å tapesere ein fondvegg, kan dette vere eit alternativ Ikkje at eg er så glad i grønt, men utrulig kult likavel. I ein anna farge...Rålekkert!
Der er mange forskjellige kategoriar, også mat...
Desse vil eg prøve meg på. Sjokolademuffins med espressosmørekrem, need I say more...? ;o) Med andre ord, denne sida er verdt å bruke litt tid på! Enjoy ;o) I morgon er desverre ferien min over for i år og eg må tilbake på jobb. Når skal eg vinne alle Miliardalappane mine så eg kan ha ferie heile året å berre styre med det eg har lyst til?