Viser innlegg med etiketten Familie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Familie. Vis alle innlegg

søndag 26. januar 2014

Ut på tur

Årets første overnattingstur på hytta på Rognestøylen. Fantastisk med så lite snø! Vi kan kjøyre heilt inn på setra og ingen rasfare.

Eg drog inn tidlig på dag for å starte fyringa. Satt inne fullt påkledd med opa dør og full fyr i omnen. Etter vel ein time slutta eg å puste frostrøyk inne...he he. Vel verdt det for når vi kom innover på kvelden var det fortsatt grei temperatur inne i hytta og fort gjort å få det godt og varmt.

Ut på kvelden tok eg med meg Sander ut for å sjå på stjernene og ta bilder.

Det endte ganske gøy! Sander nekta å gi seg og sprang og sprang. Å leike seg med laaaang lukkartid er SÅ gøy!
Mammsen måtte vere med å springe litt også...puh...

Først skøytetur på tjønna

Alle på same bilde!?! Utrulig!
Seinare, spasertur fram til Storevatnet

Isfiskarane målte isen til ca 15 cm og hadde målt Lisjevatnet til 13-15 cm i går. Det var mykje lyd i isen på begge vatna, det betyr at den veks. Det kan vi like.

Og meda vi venta på sommaren

Skøytetur på Lisjevatnet. Fantastisk svart klar is, nesten som at den ikkje er der... Nydelig å gå på!

Med så lite snø blir det heilt klart mange daga på skøyter denne vinteren!

onsdag 21. august 2013

Nye matbokser og drikkeflasker

Til Skulestart fekk gutane nye matbokser og drikkeflasker. Syns egentlig eg kjøper slikt "heile tida", men ting har ein tendens til å forsvinne, bli ødelagt osv...
 Skjært ut med min gooode Silhouette Cameo. 
Fonten heiter Sunshine Poppy.

Synst det vart skikkelig stilig og gutane var fornøgde. Eg er fortsatt i læringsprosessen spesielt når det gjeld å legge den rett og skikkelig uten luftbobler o.l så vi får sjå kor lenge det held. ;)

torsdag 22. november 2012

John Deere cupcakes

2 dagar på etterskot feira Minstemann 10 år.
HURRA FOR SØLVE!
Tenk no kan du aldri meir bruke berre eit tal når du skal skrive kor gammal du er sa eg litt vemodig... Eg fekk berre ei lurt smil tilbake og ein bekreftelse på at det skulle gå heilt fint. Skjønningen min ♥

Her er det John Deere for alle penga...
Party-set bestilt på Ebay, fat, koppar, serviettar og duk. 
Stor suksess!
Oreo cakepops men grøn Candy-melt fordufta på null komma svisj!
Gul stjerneforma Rice Krispie treat med litt grøn Candy-melt forsvann nesten like fort... 
farlig godt i følge Bonden ;) 
Måtte blande litt for å finne rette gulfargen, men trur eg traff. Formene skal liksom vere kamo-mønster, men det viser ikkje så godt. Picks kjøpt på Ebay.

søndag 23. september 2012

Dåpskake til Sander

Eg får stadig forespørslar om å lage kake, kjempekjekt og eg takkar så mykje for tilliten.
Dei hadde sett den andre dåpskaka eg laga med tog og ønska også tog som pynt.
Vaniljekake med apriskos, vaniljekrem og krem.

Gutta-boys spelte Bend-it cup i helga.
Kjekke gutar med nye t-skjorter og huer :) 

tirsdag 19. juni 2012

Meir kake

Mykje kakebaking for tida, og i morgon blir det meir.
Eg heiv meg rundt i seks-tida og baka ei bursdagskake til Pappsen. 
 Prøvde meg på ei ny kake oppskrift, 
Traditional Vanilla Birthday Cake frå Magnolia Bakery. 
Kan absolutt anbefalast!
Einaste kakepynt-aktige i hus var litt grøn marsipan løyvt frå helgas kakebaking. 
Med litt perlespray fekk eg ihvertfall litt variasjon, årstida no er vel grøn... ;) 
Fyll er rørt jordbær, jordbærkrem og Jell-O Banana Cream som eg forøvrig aldri hadde smakt før. Litt kunstig banansmak, men søt og god. Det første eg tenkte var gul Bugg frå svunne tider...
Gratulerer så mykje med dagen til min kjære Pappa. 

fredag 8. april 2011

Prikkete stjerne

Puh! Allereide 8. april før eg greier å lage månadens fyrste innlegg. Ja ja, slik er det berre. Vi har i tur og orden hatt verdas verste omgongssjuke, Sander har fylt 10 år (lissje Prinsen hennar mor...) og eg har knappast fått prøve mitt nye vidunder. Fyrste kjolen sydd på mi nye maskin har eg kalla Prikkete stjerne (wow, så orginalt...knis)
Spencer-kjole sydd i mjuk rosa babycord med små tykte blomar. 
 Øvste delen av kjolen er fora med eit naturkvitt bomullsstoff med vinraude prikkar.
Stjerne-applikasjon i same stoff som foret.
Kjolen er i str 2 år og ligg for sal i Epla-butikken min.

Slik ser forøvrig 10-åringen min ut når han oppdagar kva Morfar har i bagasjerommet
 Ein splitter ny STOR sykkel!
Han måtte sjølvsagt straks på ei lita prøverunde. 
Mora likte forøvrig svært godt det fyrste spørsmålet; Kvar er hjelmen min? 
Gode guten min :)

I dag har eg sendt han avgarde på si fyrste handballturnering med overnatting og han skal vere vekk heile helga. Kjenner at det satt litt longt inne, men beskjeda var klar, eg fekk ikkje vere med! Neste gong Mamma... Vi skal avgarde å vere heiagjeng på kampane i morgon, men kjenner likavel suget i magen over at eg ikkje har kontrollen. Dei veks til...gulp ;)

fredag 6. august 2010

Besøk

Mormor og Morfar var i Falun, og då vart veien hit kort.
Sjøl om det vert berre ein dag tykte gutane tykte var veldig kjekt å få besøk.
I ein lånebil full av reklame...

...då deira bil enda opp slik...
med knekt drivledd og drivaksel!

Ein annan spennande ting vi fekk sjå i dag var denne
Den har and til middag i dag.
Eg sneik meg inn på og var nok ikkje meir enn 10 meter i frå. Skuggen bak er frå nabohytta(!)

Nydelig vèr i dag, sjølvsag då vi skal sette snuten heimover i morgon.

onsdag 4. august 2010

Funballz

Klare, og superspent
(Du kan klikke på bileta dersom du vil sjå dei i større format)

Ikkje heilt lett, men dei får dreisen på det etterkvart

HA HA HA...KRÆSJ!

Sander får også dreisen på det...
men enda på haudet kvar gong likavel.

    Dizzy DETTE VAR KJEMPEKJEKT!  Dizzy 

fredag 21. mai 2010

På to hjul

Konfirmasjonspengane her "endelig" fått bein å gå på, eller rettare sagt, fått to hjul...

Han har sjekka Finn og AutoDB kvar dag og i går vart den O-store dagen!
Ein Yamaha DT 125 cc (lett motorsykkel) Lykke! Ihvertfall for han.

Då sykkelen sto i Ørsta med Pappaen var lysta svært lita til å kome heim til Rekkedal i dag. Dermed var det berre ein ting å gjere, Mamma mått kjøyre den heim... Puh, nokre år sidan eg har kjøyrt sykkel ja... Men no er sykkelen komen til gards og guten er strålandes nøgd.
Då hjelmen hans er litt liten og han ikkje har fått kjøpt seg utstyr enno kjøyrer han no rundt i lånte "fjøyr" frå ne mor.

Blogginga har ikkje stått på prioriteringslista i det siste då eg har brukt mesteparten av mi ledige til til å tenkje og sy ting til Nilsbuda. Den skal forøvrig opne neste helg og eg har ein god del att før eg kan kome med første leveranse. Nokre nydelige dagar vèr-messig har vi òg hatt og dei har blitt prioritert ute men hovudet ned og rompa opp. Har eit par nye bedd på lista i år og dei andre er no nyrenska. No skal eg ut å spade litt meir før sola gjeng ned. Det er stortsett meld dritvèr heile pinsa så eg må nytte finevèrsdagane ute.