fredag 26. februar 2010

Give Away

I innlegget Glede er der ein liten Give Away, godt kamuflert...

 Trekninga er på søndag, 28. februar, på kvelden ein gong.
God helg!

torsdag 25. februar 2010

Glede

For (lenge) sidan fekk eg ei Sitat-utfordring frå Tina. Ho hadde laga til dette nydelige bilete med sitt sitat.
 Bilete er lånt av Tina, uten å spør....fysj på meg...

Eg hadde straks klart føre meg korleis eg skulle ta denne utfordringa, sitatet var klart og teksten vat tenkt ut i hovudet mitt. Så, gjekk planen min i vasken og det heile drygde ut.
Men no er eg klar att! Mitt sitat er frå Bjørnstjerne Bjørnson

Glede drar glede med seg
 For å drage litt glede vidare har eg kosa meg litt på jenterommet og laga dette
Men, det er ikkje heilt ferdig. Det manglar nemmelig eit namn øverst.
 Kanskje er det namnet til di jente som skal stå der?
Det kan skje dersom du legg igjenn ei lita helsing under dette innlegget. 
Oppdatering: Str på forkledet er ca 50 x 70 cm, dvs barnestørelse. 

Trekning på søndag 28. februar.
Lykke til ! 


lørdag 20. februar 2010

Karnevalstid...

... og mister midt-i-mellom med den utrulige fantasien ville vere eit blått og grønt rom-monster. Javel...korleis angrip vi det??? Tid til å sy eit heilt kostyme hadde eg ikkje så her var gode råd dyre. Vi suste oss bortover og takk og lov for Cubus! Dei hadde blå-blå dongribukse med den rette farge og så fann vi ein blå tynn gensar. Ikkje at fargane var heilt like, men guten var nøgd og då var mora òg det...
Innom leikebutikken for å kjøpe grøn hår-spray for så å fare heim å mekke kostyme. 
Vi hadde akkurat ein time på oss...
 
Han elskar å posere... 
Eg hadde ein haug med grøn strech-frottè eg fann på bruktbutikken. Eg klipte av ei remse å laga tuber til beina, armane og rundt livet. Guten hoppa rundt og var strålande nøgd!
 
Sminkinka hadde han sjøl tenkt ut korleis den skulle vere så her var det berre å fylje ordre. 
 
Hårgele, hårspray og til slutt grøn hårspray. Superstivt og super grønt hår!
"Ej e so glade det kjitla i magen min Mamma"
En time...var akkurat nok ;o)

Då skal eg avgarde til Ulsteinvik å vere nattevakt på konfirmantleir. Strikketøy og nyaste BoligPluss er pakka. Håper berre dei har nok kaffi ;o)

torsdag 18. februar 2010

Mi morsdagsgåve

...vert publisert seint, men godt...
Det var dårlig med feiring på søndag då vi brukte dagen i bil på veg heim frå Bergen. Det var ei lynvisit, men vi fekk litt tid til å reise inn til byen på laurdag. Ein av mine favorittbutikkar er Vrimmel. Stortsett for dyr fo mi lommebok, men av og til... ;o)  Butikken bugna sjølvsagt over av herlegheiter, og eg fell pladask for denne regnkåpa. Nydelig!
Eg sette mine søte dådyrauge i Bonden å vifta med augevippene så mest eg greidde, "det er morsdag i morgon..." sa eg med mi vakraste stemme. Han berre smilte tilbake, "du må ha hatten også" sa han i det han drog opp visaen. Eg var ikkje sein å be. Vi ba om å få det pakka inn slik at gutane skulle få gi meg morsdagspresang.
Sjøl om eg viste vel kva som var i pakken gleda eg meg sinsjukt til å opne den når eg kom heim! Og jett om eg var fornøgd med morsdagsgåva mi da??? :o) No ventar eg berre på mildvèret så eg får brukt denne herligheita.

torsdag 11. februar 2010

Baby-hjerter

Eg har sydd nokre slike prøve-hjerter. 
Eg har vist eit anna tidligare, men det var uten namn. No har eg sjekka SSB å funne ut kva som var dei mest brukte namna i fjor å laga nokre ut i frå det. Det bør kanskje ha litt større kontrastar om "beskjeden" skal funke...  

Til eldstemann hadde eg eit hjerte i blå plast med teksten "RØR MEG IKKE!" som  hang på vogna. Trur ikkje eg har sett slike på mange år.
 
Ikkje heilt nøgd med saumen på dette, men det var ein test...

Tenkte kanskje eg kunne lage om nokon hadde lyst på eit slikt, mot eit lite vederlag...
Nokon som har forslag til kva som kan vere ein høveleg pris? Kva ville du betalt? 

Eg har sydd litt til. 
 
Beklaga dårlige bilder, men dei er tekne uten blits (med vilje) og då greier eg ikkje alltid å halde kameraet like stilt.
Heklenål-etui. 
Eg brukte ei vattert dekkebrikke frå Princess, nydelig stoff, pluss litt satengband og ein knapp.

Lommene vart litt høge, men det gjer ingenting.
Det var fort gjort og eg vart super-nøgd!

Då er det vel på tide å begynne å pakke. Eg og Bonden skal på helgatur og gutane skal overnatte litt her og litt der...ei natt med Besta/Besten og ei natt med Mormor/Morfar, sånn berre for å gjere det enkelt ;o)
 Sjølvsagt dukkar det opp ekstra ting når vi har planlagt ein tur. Slalomkurs på fredag og handballturnering på laurdag. Gutane vil sjølvsagt ikkje gå glipp av noko, så her må vi pakke for alle anledningar ;o)

Litt tidleg, men ynskje likavel god helg!


tirsdag 9. februar 2010

Ikkje la pippane svelte

Dei slit no desse stakkars små fuglane, det er ikkje mykje mat dei finn i 13 minus og ein meter snø... Det er mykje bra å finne på buda, men eg tenkte eg skulle prøve meg litt sjøl.
 Kjøpte ein pakke av kvar av Solsikkefrø og Villfuglblanding.
Eg leita fram ei stor muffinsform, papirformer, jutetau og ein nykvessa blyant.
 
Fire av dei tenkte eg skulle henge opp-ned så der hadde eg knuten ned i forma, to skal henge rett veg, knuten på undersida. Det eg hadde for hand var Delfiafett. Eg har lest at nokre meinar det ikkje er ein favoritt blandt desse små, men det var altså det eg hadde for hand og i nøden spiser fanden fluer...

 Eg la lag på lag med solsikkefrø og villfuglblanding og fylte etter med smelta delfiafett. Var litt spent på om det smelta fettet rann igjennom formene. Det gjorde det heldigvis ikkje!
 Ei tørka marihøne fylde med... Eg la eit godt lag med solsikkefrø på toppen og fylte opp formene med delfiafett. Løyvde litt så det vart ein liten eksrta bonus-muffins også. Deretter sette eg dei i kjøleskapet til stivning.
 
Ferdig retultat. Ja ja, små gleder ;o)
Dei bør oppbevarast i kjøleskap eller kjølig til dei vert hengt ut. Eg gledar meg til i morgon når vi skal henge dei ut. Det gjenstår berre å sjå om pippne på Rekkedal likar maten eg har laga til dei. Det var forøvrig veldig koselig å lage dei. Eg kjøpte også ein pakke meisebollar, berre sånn i tilfelle... Tenkte eg skulle henge ut dei også så får vi sjå kva dei et først ;o)

 Hugs å mate pippane! 

torsdag 4. februar 2010

Den O store trekningsdagen

Premien ligg nydampa å ventar på sin nye eigar
Sjalet er strikka i Alpaca Silk frå Austermann.
Eg er heilt overvelda over responen og tilbakemeldingane eg har fått vedr denne GiveAway`en.
Tusen takk til alle sammen. 
90 stykker meldte seg på og det vart tilsaman 140 lodd. Himmel! Dette hadde eg ikkje forventa.

Skåla eg hadde leita fram til lodda vart forlita så for at dei skulle bli skikkelig godt blanda la eg dei i ein haug på golvet. Sander blanda...
 
...og blanda. Kasta lappane opp i lufta for så og samle dei i ein haug att.
Så skulle han finne ein lapp

Hmmm, kva står her????
Dette sjalet dreg sørover til Tina med bloggen Lykkelig som liten..

Gratulerer så mykje til deg Tina!
Send meg ein e-post med adressa di.
tonjerem@gmail.com

Dette var skikkelig gøy og blir heilt sikkert ikkje mi siste Blogg-Gåve trekning. 

Ein god start på dagen

Eg trur eg må ha ein av verdast dårligaste vinnarlykken, men av og til slår den til gitt!
Eg vann GiveAway`en hjå Prinsesse Elin!  Jippi! 

Premien er ei nydelig Tilda-dame som ho har laga.
Då eg ikkje har fått svar på om å få låne bilete kan den foreløbig berre sjåast her.

Seinare i dag trekk eg vinnaren av min GiveAway så det er fortsatt mulig å melde seg på!

Ha ein super dag!