I helga var det loppemarknad på Bedehuset på Sæbø. Vi var der begge dagane. Om ikkje for handle så mykje (yeah right...) så for å vere sosial og gå på kafè i Bedehuskjellaren. Masse kjentfolk!
Ane Marie, 5år, fikk òg handla litt. Dette kjøpte ho for 10 kr.
Då vi kom heim å skulle plassere tinga ho hadde kjøpt på nattbordet henna snakka eg om at lampefoten til lampa på nattbordet var for gul og at eg ville spraye den kvit.
Då vart ho tankefull..." Kan vi ikkje spraye desse også?" spør ho å peikar på messinglysestakane ho kjøpte. "Kvite?" svara eg undrande. "Ja...eller rosa?" Eg ler litt for meg sjøl og lurer på om ho verkeleg vil dette. Jauda, ho er heilt sikker. Eg går å finn fram dei to ulike rosafargane eg har i spray og ho vel. Eg spør ein gong til for å vere heilt sikker "vi kan ikkje få dei tilbake i gullfarge etterpå". Neida, alt i orden, ho vil ha det slik.
Resultatet ser du her, og jenta er strålande nøgd!
Tykjer dei vart fine eg, passa til duken ;o)
(Eg har desverre ikkje små lys akkurat no)
Det vart (vist) litt andling på meg òg, her er noko av det eg kjøpte.
Ei melkeflalske og (igjenn) ei lita skål.
(Lysestaken kjøpte eg ikkje i dag)
Denne har tre føter og det har eg ikkje frå før så då måtte eg berre ha den. ;o)
Ei lita hylle, den er no iferd med å bli kvit.
Og eit søtt lite serveringsfat med haustmotiv
Betalt litt under 100 kr for alt.
Kjøpte litt til, men det vart ikkje med på bilde. Ein av tinga skal eg vise seinare når eg har fått orientert meg litt ;o)
Då er vi straks klar for ei ny arbeidsveke. Då det er haustferie blir mi veke særs kort. På onsdag reiser eg og dei to minste gutane til Bergen for å besøke systra mi og mannen henna. Vi gladar oss stort til å sjå det nye huset deira og selvfølgelig å sjå dei også.
Tips til butikkar som er vel verdt eit besøk takast imot med stor takk!
Stoff og Stil, Gullgruven og muligens Ikea er allereide ført opp på lista.
Ynskjer alle ei flott veke!