Viser innlegg med etiketten På kjøkkenet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten På kjøkkenet. Vis alle innlegg

tirsdag 31. desember 2013

Julegåver

Litt av dei julegåvene eg laga.
 Bukse i ullfrottè frå Janus, med verktøystoff frå Sydilla.
Mønster frå Heilt Spesiell og Jubel
Forkle til ei fantastisk bakeglad jente som eg saknar kvar dag!
Vinyltrykket kom på etter eg hadde tatt bilda...langt på natt ;)

Eit vinglas laga i siste liten fordi eg hadde så lyst å prøve og det passa så utrulig godt til personen. Det vart laga så i siste liten at det vart ei uinnpakka ekstragåve i gåveposen. 
"Life is SEW good" og "C"

Postkasser med vinyl


Cookie in a jar
Desse glasa lage eg mange av og ga ut som ei ekstra gåve eller overaskingar til folk som overhode ikkje forventa noko. Veldig kjekt!

 Seigemanna uten manna... 
 Høyrer jula til her i huset og glas med godsakene blir delt ut :)

torsdag 12. september 2013

Gooode kjeks

Etter å ha brukt store delar av fridagen min på eine guterommet og det var (nesten) ferdig rydda kom eg på at det er leeenge sida eg har laga kjeks. DET har eg lyst på! 

Så når gutane kom heim frå skule var eg i full sving. Alle ville smake kakedeig, NAM
I dag vart det ein variant eg ikkje har prøvd før, fortsatt mjuke og seige, men med havregryn i tillegg.
 Ein stor haug med mjuke, seige deilige kjeks med havregryn og sjokolade!

Ein stor kopp kaffi og eit kjeks på Syrommet før eg hentar gutane på fotballtrening.
Kven kan motså? 
Ihvertfall ikkje eg!

lørdag 18. august 2012

Dåpskake

I morgon skal Arn-Leon få vatn over haudet og feire dåpsdagen sin. 
 Dei ønska fondant (sukkerpasta) så då måtte eg berre prøve meg på det...litt sånn passelig mellom-fornøgd med det og konkluderar at eg likar bedre å styre med marsipan.

Bortsett frå at eg kava litt med denne fondanten var kaka veldig kjekk å lage, kosa meg skikkelig, og foreldra var strålande fornøgd med resultatet og det er egentlig berre det som teller.
Vaniljekake med skogsbær og vanilje fyll og trekt med -ja, fondant ;)
Gratulerer så mykje med morgondagen til lisje Arn-Leon, Lise-Mari og Jan Ove!


tirsdag 3. juli 2012

Cupcakes i iskjeks

Eg hadde ståande ein pakke Betty Crocker ferdigmix (den var på tilbud ;) he he) med lyse og mørke sjokoladebitar i så eg måtte berre prøve, og ungane meinte det var den ultimate kveldsmat. 
Kombinasjonen med den sprø kjeksen og kake...yum! 
-og for å gjere den amerikanse følelsen komplett, ein stor kopp Starbucks French Roast til, herlig!

tirsdag 19. juni 2012

Meir kake

Mykje kakebaking for tida, og i morgon blir det meir.
Eg heiv meg rundt i seks-tida og baka ei bursdagskake til Pappsen. 
 Prøvde meg på ei ny kake oppskrift, 
Traditional Vanilla Birthday Cake frå Magnolia Bakery. 
Kan absolutt anbefalast!
Einaste kakepynt-aktige i hus var litt grøn marsipan løyvt frå helgas kakebaking. 
Med litt perlespray fekk eg ihvertfall litt variasjon, årstida no er vel grøn... ;) 
Fyll er rørt jordbær, jordbærkrem og Jell-O Banana Cream som eg forøvrig aldri hadde smakt før. Litt kunstig banansmak, men søt og god. Det første eg tenkte var gul Bugg frå svunne tider...
Gratulerer så mykje med dagen til min kjære Pappa. 

lørdag 16. juni 2012

Fotballkake

Eg fekk ein forespørsel tidligare i veka om å lage ei bursdagskake til kjekk liten kar som blir 4 år og som fortida er svært oppteken av fotball. Ingen problem sa ej...nåjess...

Hot Milk cake frå Miette er supergod og alltid bankers, heilt til i dag... Flate som eg kava! Ei dobbel oppskrift gjekk i bosset og dei to botnane eg enda opp med måtte steikast kvar for seg, må sei eg var litt stressa på eit tidspunkt eller to...puh.  
(Ingen rosa-blogging her, kun harde fakta, he he )
 Men kaka vart fin den. Ikkje så høg som eg ønska, men etter 6 tima baking, banning og kose-pynting (pyntinga er kjekkast) vart resultatet nokså bra. 
Så håpar eg berre den smakar bra også...
 Ballen er Rice Krispie treat og fylt med nonstop.


lørdag 9. juni 2012

Smootie leftovers

Vi løyvde litt her ein kveld vi laga Smootie til kvelds.
Blandinga var en ferdig Smootie-mix med jordbær og banan, litt appelsinsaft i mangel av juice og to beger kokos yoghurt. Kjempegodt! 
 Det var akkurat nok til å fylle dei to yoghurt-begera vi hadde brukt, stappa ein pop-pinne oppi og sette i frysaren. 

Heimelaga smootie-is, sol og sommar! 
HERLIG!

torsdag 17. mai 2012

17. mai cupcakes

Svigermor har stroke alle bunadskjortene og eg har fortsatt igjenn å stryke den eine skjorta eg skal stryke, men bunadar og dress heng på rekke og rad så alt er vel egentlig under kontroll. Dugnadsgjengen for 17. mai arrangementet  jobba raskt og effektivt så det vart gjort unda på (nesten) null komma niks og alt skal vere klart for kakesalg, rjømegraut, pølse med brød og is, tog og folkefest så var det berre vèret igjenn... 
Alle har vi vel et matsalg å levere kake til på 17. mai. 
Her er mitt, 17. mai cupcakes fylt med vaniljekrem og jordbærmousse

Ynskjer alle ein flott 17. mai!
HURRA!

lørdag 5. mai 2012

Konfirmasjonskake uten blomster

Ja, det går ann... Konfirmasjonskake uten blomster til ein handball-gut.
Enkel og grei, men på ingen måte gjort i ei handevending ;)

Hot milk cake frå Miette med heimelga vaniljekrem og bringebær fyll. 
Ballen er Rice Krispie-treat dekt med marsipan.
Prøvesmakte litt av det eg skar av for å få kaka til å passe på fatet, kjempegod om eg så skal sei det sjøl 
-og når Bonden kom heim forsvann resten...

Håpar berre mottakaren vert fornøgd :)

onsdag 25. april 2012

Sunburst gitarkake

I mangel på noko anna akkurat no legg eg ut bilde av bursdagskaka til Mini.
Han elskar marsipankake og uten om å "jobbe"  er det gitar som gjelder og favorittfargen er grøn...
Gitarforma kjøpte eg hos Kakeboksen.no.
Gitarane skulle vere Sunburst, det var mykje enklare i haudet enn i praksis, men guten var fornøgd og det er det som teller.

Eg har ei splitter ny overlock/coverlock maskin ståande (uprøvd!) og håpar at sylysta snart melder seg på... Berre ein månad til Nilsbuda opnar og eg har SÅ mykje eg skulle ha gjort før den tid!

lørdag 28. januar 2012

Kjeks og Franske Macarons

Estremt rastlaus etter ein og ein halv dag på sofaen og uten energi til fysisk utfolding var det bakemoduset som slo inn, men det måtte vere noko enkelt som meir eller mindre gjorde seg sjølv så då vart det Toll House chocolate chip cookies. Ifølge ungane er det dei beste kjeksa som fins!
Oppskrifta finn du her. 
Eg hadde ikkje nok Toll House-sjokolade så då blanda eg inn ein pakke Freia 70% linser og ei plate kokesjokolade som eg hakka opp. 
Tips: Når eg hakkar opp sjokolade er det berre bitane eg vil ha og ikkje smulane. Då brukar eg eit grovt dørslag og silar av smulane og oppbevarar dei i ei lita boks og brukar dei som kakepynt ved ei senare anledning.

Etter 55 kjeks og oppvask var eg fortsatt i bakemodus og tenkte at no skal eg jammen prøve det Mandelmjølet eg har hatt ståande i skapet leeeenge. Eg har laga Franske Macarons før med variabelt hell så no prøvde eg oppskrifta til Manuela i Passion 4 baking.  Oppskrift og framgongsmåte finn du her.
Eg delte røra i 3, 1 rosa, 1 grøn og 1 lilla del. Den lilla vart mislykka så den gløymer vi...
Den rosa delen fekk bringebærsmak og den grøne fekk jordbær/kiwismak.
Note to self: Mandelmjølet kan med fordel siktast for enda finare konsistens.
 Når eg skulle fryse eggeplommene fann eg ei lita boks med Lemon curd som eg hadde løyvt frå sist eg laga sitronpai. Eg synst i utgangspunktet at den var hakke for syrlig for paien, men til dette formålet var den perfekt!
He he, bomma litt på fokuset når eg tok bilde, så her et glimt av utsikta vår. Skog og fjell.

 Dei grøne fekk ganache-fyll

 NYDELIGE!
 Sprø utapå og mjuke inni og smaka himmelsk!
 Kan absolutt måle seg med Ladurèe i Paris, he he ;)

tirsdag 24. januar 2012

Ny konditorfarge

Etter berre 10 dagar på tur kom pakken med AmeriColor kjøpt på Ebay.
Eg er veldig spent på korleis desse er kontra Wilton som eg har brukt i alle år.
Gledar meg til eg skal prøve dei!

mandag 3. oktober 2011

Tiramisu muffins

Ja ja, så rakk eg ikkje å poste eit innlegg i september, det betyr likavel ikkje at september har våre innhaldslaus snarare tvert imot. Baking og ei lita veke i Paris har stått på plakaten. Bilete frå Paris kjem :)
 Eg har endelig kara meg til å prøve å lage Tiramisu muffins.
(jepp, eg er motstandar av "cupcakes"...he he )

Frå før lagar eg kjempegod Tiramisu og med vaniljemuffinsoppskrifta frå Hummingbird bakery kunne det berre ikkje bli feil, og det vart ikkje heller...
Sjøl om eg trudde eg hadde dynka godt kunne det godt våre dynka ein god del til. 
Eg brukte ein stor rund tip og sprøyta på godt med Tiramisukrem og dryssa kakao på toppen.
Enjoy!