Viser innlegg med etiketten Bondeliv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bondeliv. Vis alle innlegg

søndag 26. januar 2014

Ut på tur

Årets første overnattingstur på hytta på Rognestøylen. Fantastisk med så lite snø! Vi kan kjøyre heilt inn på setra og ingen rasfare.

Eg drog inn tidlig på dag for å starte fyringa. Satt inne fullt påkledd med opa dør og full fyr i omnen. Etter vel ein time slutta eg å puste frostrøyk inne...he he. Vel verdt det for når vi kom innover på kvelden var det fortsatt grei temperatur inne i hytta og fort gjort å få det godt og varmt.

Ut på kvelden tok eg med meg Sander ut for å sjå på stjernene og ta bilder.

Det endte ganske gøy! Sander nekta å gi seg og sprang og sprang. Å leike seg med laaaang lukkartid er SÅ gøy!
Mammsen måtte vere med å springe litt også...puh...

Først skøytetur på tjønna

Alle på same bilde!?! Utrulig!
Seinare, spasertur fram til Storevatnet

Isfiskarane målte isen til ca 15 cm og hadde målt Lisjevatnet til 13-15 cm i går. Det var mykje lyd i isen på begge vatna, det betyr at den veks. Det kan vi like.

Og meda vi venta på sommaren

Skøytetur på Lisjevatnet. Fantastisk svart klar is, nesten som at den ikkje er der... Nydelig å gå på!

Med så lite snø blir det heilt klart mange daga på skøyter denne vinteren!

torsdag 6. desember 2012

Juleverkstad

 No når vi endelig har godt med plass til å lage til det eg måtte ønske av samankomstar bestemte eg meg for å invitere til juleverkstad. Eg hadde sett det søtaste pepperkakehuset på Pinterest og invitere dermed til Pepperkakehuspyntingjuleverkstad. 

13 pepperkakehus klar til å bli pynta.
Kvar si skål med Nonstop, seigemanna og mini marshmellows og kvar sin sprøytepose med glasur.

Vår eigen pølsekokk. 
Kokken har i lang tid ønska seg ei pølse i brød-drakt...
Be careful what you wish for, I just might buy it ;)
50 pølser gjekk med denne torsdags ettermiddagen.

Fleire som ville prøve seg som pølsekokk

Det var nærast ikkje ein lyd rundt bordet med 13 ungar...full konsing

Storkosa seg, alle mann -og det er sjølvsagt lov å smake litt også

Kanskje ikkje like mykje konsing, men like fullt hyggelig

Uten mat og drikke
Ikkje gangnam style, men Sydney-style ;)

FOR en kjekke ettermiddag! 
Hørte rykte om at dette fort kan bli ein tradisjon :)

torsdag 22. november 2012

John Deere cupcakes

2 dagar på etterskot feira Minstemann 10 år.
HURRA FOR SØLVE!
Tenk no kan du aldri meir bruke berre eit tal når du skal skrive kor gammal du er sa eg litt vemodig... Eg fekk berre ei lurt smil tilbake og ein bekreftelse på at det skulle gå heilt fint. Skjønningen min ♥

Her er det John Deere for alle penga...
Party-set bestilt på Ebay, fat, koppar, serviettar og duk. 
Stor suksess!
Oreo cakepops men grøn Candy-melt fordufta på null komma svisj!
Gul stjerneforma Rice Krispie treat med litt grøn Candy-melt forsvann nesten like fort... 
farlig godt i følge Bonden ;) 
Måtte blande litt for å finne rette gulfargen, men trur eg traff. Formene skal liksom vere kamo-mønster, men det viser ikkje så godt. Picks kjøpt på Ebay.

søndag 23. september 2012

Dåpskake til Sander

Eg får stadig forespørslar om å lage kake, kjempekjekt og eg takkar så mykje for tilliten.
Dei hadde sett den andre dåpskaka eg laga med tog og ønska også tog som pynt.
Vaniljekake med apriskos, vaniljekrem og krem.

Gutta-boys spelte Bend-it cup i helga.
Kjekke gutar med nye t-skjorter og huer :) 

lørdag 11. august 2012

Gul utebod

Vi har kjøpt ny "ute-bod"...bygt på 50-talet, men ny for oss.
Vår næraste nabo
Gamle Rekkedal Skule
Bilete er teke frå altanen i 2.etg.
Bonden har gått heile barneskule på denne skule og eldstemann gjekk 1. klasse her før den vart nedlagt. No vert den, på sikt, verkstad, bod ++
Eg skal ha eit av klasseromma til mitt. Akkurat kva eg skal ha der veit eg ikkje, men det skal vere mitt! He he :)

tirsdag 10. april 2012

Star Wars party

Litt treig... Mister Midt-i-mellom hadde bursdag no i Påska og sida det er Lego Star Wars som står høgast i kurs her fortida laga eg litt Star Wars ting til selskapet.

Han ville ha taco til mat så bestikk og serviettar + farga papir vart Lyssablar. 
Handtaka eg fann eg på nettet og printa ut på litt kraftig papir.
 Printable til R2D2 koppar fann eg også på nettet.
Det er vanlige cola beger som eg først trekte med kvitt papir før eg printa ut og limte på R2D2. Kunne sikkert gjort begge dela samtidig, men det var ein slik ferdig PDF-sak så då brukte eg klistrepapir, enkelt nok...
 Star Wars cupcaketoppers bestilt på E-bay frå England.
Kom faktisk på ei lita veke...

 Hadde eg tenkt meg litt bedre om hadde eg nok bestilt meir på E-bay, men det vart slik det vart og ungane var strålandes nøgde!

mandag 23. august 2010

Strykemerker


 Strykemerke av gratis vintagebilder lasta ned frå nettet.
Eg brukte Canon easy-print og velde 9 bilder pr side og  printa ut på T-shirt transfer kjøpt på Clas Ohlson, syns det vart ein grei størelse på merka. Eg tok eit kvitt bomullslaken og strauk hifix på baksida og bileta på framsida og klipte ut.

Tok måla på merket og stingsette eit lite broderi.
Bomma litt på eine sida men pytt pytt...
Tok matpapit over når eg strauk det på, men det kan vere ein idè å stryke det på frå baksida då det er nærast limen. Hugs likavel å legge matpapir over bilete så det ikkje smittar over på strykebrettet og øydelegg både det og tingen.

Min lille pose passa akkurat på ei boks som eg har pennar og div i. Nice!

Kom forøvrig ein "beite" kalv til i dag. Eller rettare sagt, vi henta han heim i dag. Han var ikkje fødd idag for å sei det slik, sikkert ikkje i går heller....uuups!


mandag 16. august 2010

Hytta

I går hadde Bonden bursdag så på laurdag reiste vi inn og overnatta på hytta på Rognestøylen. 
Vi vakna til eit nydelig vèr så eg måtte sjølvsagt ta bilete av eit av mine favorittmotiv.
Sjølv om skodda låg longt ned i fjella skein sol og vi tok frokost i det fri. 


Eg har tidligare vist fleire bilete frå hytta, ute. Tok derfor nokre bilete inne.
Hytta er ikkje spesielt stor, tre rom og hems, men den er superkoselig og er veldig lett tilgjengelig for oss.
Gutane sitt rom                                           Vårt rom
Syns dette soverommet er kjempekoselig.
Stova
Døra går inn til gutane sitt rom. Stige opp til leikehemsen.
På andre sida av stigen er dør inn til det andre soverommet.
Kjøkkenet
 Ikkje innlagt vatn, eller straum for den del, men gasskomfyren er kjekk og ha. 
Kaffikjelen står alltid klar.
♥♥♥
Då det er midt i ho-slåtten er det ikkje så mykje tid til bursdagsfeiring, men kake må vi ha...
...og jordbær.

tirsdag 9. februar 2010

Ikkje la pippane svelte

Dei slit no desse stakkars små fuglane, det er ikkje mykje mat dei finn i 13 minus og ein meter snø... Det er mykje bra å finne på buda, men eg tenkte eg skulle prøve meg litt sjøl.
 Kjøpte ein pakke av kvar av Solsikkefrø og Villfuglblanding.
Eg leita fram ei stor muffinsform, papirformer, jutetau og ein nykvessa blyant.
 
Fire av dei tenkte eg skulle henge opp-ned så der hadde eg knuten ned i forma, to skal henge rett veg, knuten på undersida. Det eg hadde for hand var Delfiafett. Eg har lest at nokre meinar det ikkje er ein favoritt blandt desse små, men det var altså det eg hadde for hand og i nøden spiser fanden fluer...

 Eg la lag på lag med solsikkefrø og villfuglblanding og fylte etter med smelta delfiafett. Var litt spent på om det smelta fettet rann igjennom formene. Det gjorde det heldigvis ikkje!
 Ei tørka marihøne fylde med... Eg la eit godt lag med solsikkefrø på toppen og fylte opp formene med delfiafett. Løyvde litt så det vart ein liten eksrta bonus-muffins også. Deretter sette eg dei i kjøleskapet til stivning.
 
Ferdig retultat. Ja ja, små gleder ;o)
Dei bør oppbevarast i kjøleskap eller kjølig til dei vert hengt ut. Eg gledar meg til i morgon når vi skal henge dei ut. Det gjenstår berre å sjå om pippne på Rekkedal likar maten eg har laga til dei. Det var forøvrig veldig koselig å lage dei. Eg kjøpte også ein pakke meisebollar, berre sånn i tilfelle... Tenkte eg skulle henge ut dei også så får vi sjå kva dei et først ;o)

 Hugs å mate pippane!