lørdag 18. august 2012

Dåpskake

I morgon skal Arn-Leon få vatn over haudet og feire dåpsdagen sin. 
 Dei ønska fondant (sukkerpasta) så då måtte eg berre prøve meg på det...litt sånn passelig mellom-fornøgd med det og konkluderar at eg likar bedre å styre med marsipan.

Bortsett frå at eg kava litt med denne fondanten var kaka veldig kjekk å lage, kosa meg skikkelig, og foreldra var strålande fornøgd med resultatet og det er egentlig berre det som teller.
Vaniljekake med skogsbær og vanilje fyll og trekt med -ja, fondant ;)
Gratulerer så mykje med morgondagen til lisje Arn-Leon, Lise-Mari og Jan Ove!


lørdag 11. august 2012

Gul utebod

Vi har kjøpt ny "ute-bod"...bygt på 50-talet, men ny for oss.
Vår næraste nabo
Gamle Rekkedal Skule
Bilete er teke frå altanen i 2.etg.
Bonden har gått heile barneskule på denne skule og eldstemann gjekk 1. klasse her før den vart nedlagt. No vert den, på sikt, verkstad, bod ++
Eg skal ha eit av klasseromma til mitt. Akkurat kva eg skal ha der veit eg ikkje, men det skal vere mitt! He he :)