lørdag 22. juni 2013

Bursdagsgåve

Midt opp i all bakinga må eg gjere litt anna også. Minstemann skulle i bursdagselskap til ein kompis og då måtte vi sølvsagt lage gåve.
Sølve har sjøl plukka mønster, font og fargar og Mammsen hjalp litt til med layouten.
 Ei t-skjorte frå Cubus blir plutselig meir personlig med litt vinyl, ei Silhouette Cameo og ei strykepresse :) 

Mari Ann + Kjetil

Brudeparet ønske ei enkel litt stor kake
 Vaniljekake med bringebær fløtekrem og vaniljekrem.
Gratulerer så mykje med dagen til Mari Ann og Kjetil!
Tusen takk for tilliten og håper den smakar :)

Asfalt kake

Bursdagskake til ein kjekke kar som legge asfalt
Veldig kjekk kake å lage, kosa mej skikkelig :)
 Vaniljekake med jordbær fløtekrem, sitron ostekrem og vaniljeostekrem. Min favortt i sommar :)
All pynt er etande i marsipan og fondant.

lørdag 15. juni 2013

Babygåve

Såg at eg hadde heilt glømt å legge ut bilde av delar av babygåva til Selma frå Superjenten.
I tillegg til å kjøpe kjole med tilbehør (ej elska å babyshoppe, spesielt til jenter, he he) måtte eg fikse noko litt anna og personlig.
Ikkje dei beste bilda, tatt med mobilkamera...
2 pk body og bukse kjøpt på Cubus pimpa med litt vinyl.
Det vart litt mykje med Selma-trykk framme på den prikkete buksa så det vart trykt på bak. Vart skikkelig stilig og mottakaren (mammaen) var veldig fornøgd :)

Dåpskake

I morgon skal nydeligaste Selma få vatn i håret.
 Vaniljekake med jordbærfløtekrem og lemon curd krem.
Var ikkje heilt fornøgd med konsistensen på lemon curd kremen på den forrige kaka så her har eg gjort ei lita forandring. Rimelig sikker på at det var ei god endring.
Baby i fondant, all anna pynt og trekk i marsipan. 

Gratulerer så mykje med den store dagen i morgon Anette og Skjalg!

Bursdagskake

I høve ei prima ballerina sin 6-års dag.
 Vaniljekake men jordbærfløtekrem og lemon curd frosting

Tiara i fondant, anna pynt og trekk i marsipan. Alt er etande.

lørdag 1. juni 2013

Mari+Roar

I høve bryllaupet til Mari og Roar fekk eg det ærefulle oppdraget å lage bryllaupskaka deira. Tusen takk. Dei hadde veldt seg ut fredag 31. mai som sin bryllaupsdag, noko som viste seg å vere eit klokt valg for i dag har det bøtta ned...
 Kaka er ei ekstra mørk sjokoladekake fyllt med rørte og friske bringebær, sjokoladekrem og fransk smørekrem med vanilje og kvit sjokolade.
 Trekk og pynt i marsipan.
Gratulerer så mykje med overstått bryllaupsdag og håper kaka smakte :)