Viser innlegg med etiketten Div hobby. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Div hobby. Vis alle innlegg

tirsdag 10. april 2012

Star Wars party

Litt treig... Mister Midt-i-mellom hadde bursdag no i Påska og sida det er Lego Star Wars som står høgast i kurs her fortida laga eg litt Star Wars ting til selskapet.

Han ville ha taco til mat så bestikk og serviettar + farga papir vart Lyssablar. 
Handtaka eg fann eg på nettet og printa ut på litt kraftig papir.
 Printable til R2D2 koppar fann eg også på nettet.
Det er vanlige cola beger som eg først trekte med kvitt papir før eg printa ut og limte på R2D2. Kunne sikkert gjort begge dela samtidig, men det var ein slik ferdig PDF-sak så då brukte eg klistrepapir, enkelt nok...
 Star Wars cupcaketoppers bestilt på E-bay frå England.
Kom faktisk på ei lita veke...

 Hadde eg tenkt meg litt bedre om hadde eg nok bestilt meir på E-bay, men det vart slik det vart og ungane var strålandes nøgde!

torsdag 7. juli 2011

Thunder rolls

Eg sto på kjøkkenet og var halvvegs i å røre jordbærsylte i det straumen gjekk og eit skikkeleg torevèr starta. Agregatet ville sjølvsagt ikkje starte sjøl om det alltid går som ei klokke ellers (starta forøvrig heilt fint i dag...) Eg fekk altså ikkje fullført røringa, men i staden gjekk eg ut med kamera og stativ og fekk tatt nokre kule bilete.

 Tykkjer det ser ut som om det brenn bak fjellet

 Eg klarte desverre ikkje å ta bilete av lynet så om nokon har tips til korleis enn gjer det vil eg gjerne vite det.

I dag tidleg fekk eg fart på stavmiksaren og rørt ferdig jordbæra.
Ingenting smakar betre enn nyrørt jordbærsylte!
 Eg brukte 3 kg bær, 3 pakkar frysepulver og 2 kg sukker

mandag 23. august 2010

Strykemerker


 Strykemerke av gratis vintagebilder lasta ned frå nettet.
Eg brukte Canon easy-print og velde 9 bilder pr side og  printa ut på T-shirt transfer kjøpt på Clas Ohlson, syns det vart ein grei størelse på merka. Eg tok eit kvitt bomullslaken og strauk hifix på baksida og bileta på framsida og klipte ut.

Tok måla på merket og stingsette eit lite broderi.
Bomma litt på eine sida men pytt pytt...
Tok matpapit over når eg strauk det på, men det kan vere ein idè å stryke det på frå baksida då det er nærast limen. Hugs likavel å legge matpapir over bilete så det ikkje smittar over på strykebrettet og øydelegg både det og tingen.

Min lille pose passa akkurat på ei boks som eg har pennar og div i. Nice!

Kom forøvrig ein "beite" kalv til i dag. Eller rettare sagt, vi henta han heim i dag. Han var ikkje fødd idag for å sei det slik, sikkert ikkje i går heller....uuups!


søndag 22. august 2010

Syrom

Eg har ombombelert på syrommet mitt for å få plass til ei ny bokhylle. Ikkje at eg hadde bokhylla, men eg hadde ei formeining kva eg var ute etter så eg flytta rundt på borda med tanke på å ei bokhylle skal på plass snarast.
Eg sjekka litt på Finn.no og bruktbutikken, men fann ikkje noko, for eg ville helst ikkje ha ei ny-ny.
Då eg tilfeldigvis nemde det for nokre veninner kunne Siw fortekje at ho hadde ei ståande på mørkeloftet, den kunne eg få dersom den passa, den var luta furu, men det ordna eg kjapt meinte ho ;o)  Den passa!  -Og jepp, grunning og to strøk med måling same kveld. Perfekt!
Tusen takk Siw!
Eg var ikkje sein med å fylle den opp.

Pga av plassmangel i dei andre hyllene mine har stoffa lege i stablar litt her og der,
men no er dei altså på plass.

Deilig med luft og god oversikt!

Og her sit eg no 
Bloggen er slått opp på Til deg♥- innlegget mitt for å lese alle som har meldt seg på.
Klokka på veggen er den eg skal gi vekk, måtte sjekke om den virka ;o)
Bonden lurte på kvifor i alle dager eg ville gi den vekk, han syns den var så fin!
...hm...tenkte eg...-syns du??? Eg vart faktisk svært glad for eg trudde ikkje at han brydde seg noko særlig. Vel vel, klokka har eg allereide lova vekk så no er eg altså på klokkejakt. Ha ha ha, kanskje eg skal rådføre meg neste gong ;o)

Har du ikkje meldt deg på enno?
Klikk på bilete i margen til venstre og meld deg på. Eg håpar å ha ihvertfall 50 påmelde før eg når det magiske talet 22222.

Eg har laga strykemerker i dag, trur det vert veldig bra.
Då dette innlegget vart litt longt skal dokke få sjå dei neste gong.


torsdag 28. januar 2010

Tråsnellestativ

Eg endra på blogg-breidda mi i dag for at det skulle passe betre til min widescreen-skjerm. No er den 1200px breid og passar perfekt inn i ruta mi. Eg gjekk også inn i det forrige innlegget mitt og endra bilete av sofeputene til ekstra stort. Eg har ikkje kunne brukt denne funksjonen før då bileta har blitt for breide og kun 2/3 av bilete som kom med... No viser heile bilete, ekstra stort!!! Me like a lot :o)

Eg har lenge ynkja meg ein oppbevaringseinheit til tråsnellene mine. Eg la ut ein førespurnad på Sykroken om nokon hadde tips og idear til kvar ein kan få kjøpt eller korleis lage tråsnellestativ/oppbevaring. Eg er ny i det forumet og vart heilt overvelda av responsen! Nokre kom med tips kvar ein kan få kjøpe, nokon med idè korleis lage og enda fleire la ut bilete av sine stativ/oppbevaring. Tusen tusen takk alle saman!

Her er resultatet. 33 x 42 cm med plass til 63 tråsneller.
Tidligare har dei altså lagt i ymse bokser, hyller og skuffer, men ikkje no lenger!

Vel...nesten da. For dei små snellene ligg fortsatt i skuffa si, det gjer ingenting for dei går det så kjapt å leite i likavel og det var ikkje plass til alle på veggen.

Heilt knirkefritt gjekk det likavel ikkje. Bonden skulle fikse meg ei plate av kapp e.l på jobb. Kriteriet eg stilte var oppgitte mål og ca 1 cm tjukk. Det eg då fekk var ei plate som fylde alle kriteria i kryssfinèr. Kryssfinèr!?! Nokon som har prøvt å spikre i det? Sjøl om eg på førehand hadde forklart kva eg skulle gjere skjønte ikkje Bonden problemet. Han meinte eg skulle spikre spikrane heilt inn å bruke baksida...spikermatte! Nope, det har eg ikkje tenkt å ha på veggen, livsfarleg! Han log godt då han oppdaga korleis eg hadde tenkt det og lurte på om eg hadde fått det til slik eg ville for ein 3 toms spikar sitt ikkje særleg godt fast spikra 6-7 mm inn i ei kryssfinèrplate. Godt eg er stirrig for det er vel berre derfor dei sit fast ;o)

Under snellestativet mitt heng denne knaggrekka

Det lisje rosa hjertet laga eg i dag.

Då eldste-gullet (som han hatar å bli kalla det, men det er det han er) var fødd hadde (nesten) alle eit lite hjerte i rosa eller blå plast hengande på vogna si med teksten; Rør meg ikke! Eg har hans enno. Slike hjerter har eg ikkje sett på mange år, eg har heller ikkje hatt til dei to minste.

Eg tenkjer at dei er minst like aktuelle i dag, derfor tenkte eg å sy nokre slike i ulike fargar og med namnet til babyen på baksida. Då eg ikkja her nokon baby "for hand" akkurat no laga eg eit rosa uten namn. Teksten er sjølvsagt nynorsk. Stoffet er eit tjukt chenille-møbelstoff, som forøvrig støva ned heile maskina mi, med lys-rosa tekst og silkeband. Størelsen tykte eg vart super. Kanskje eg skal starte ein liten produksjon... he he. 

Det kan høyrast ut som Ask har teke seg ein liten tur hit også. Vinden ular rundt novene og regnet piskar på vindauga. Då er det deilig å sitte inne med ein god kopp te :o)


søndag 15. november 2009

Pakke frå Hobbyklubben

Eg har meldt meg inn i Hobbyklubben og på fredag kom endelig velkomspakken min!
 
Jubel!
Bøkene eg hadde bestilt var 
Jul med Tidas venner, Hekleglede og Familiens idèbok.
Eg har kosa meg med å kikke i dei no i helga og alle bøkene var like interessante som eg hadde håpa, veldig kjekt!


I tillegg til bøkene fekk eg velje meg ein utstyrspakke. Eg velde ein pakke med div heklenåler, ei veske og eit etui. Eg likar eigentlig heklenålene Symfonie wood frå Du store apakka best og hadde eigentlig ein plan om å kjøpe resten av str der, men då eg må til Ålesund for å få tak i dei tenkte at dette var ei kjapp og billig løysing på å få eit godt utval i størelsar. Det var eit god val, for sjå kva som kom!

I dei kulaste fargane!
Me like a lot!
Det er mykje kjekkare å hekle med farga krokar enn dei vanlige, kjedelige grå...-men dei funkar fint til formålet dei også. 


Då det berre vart julegåvelaging på sy-treffet hjå Cathrine kan eg desverre ikkje vise bilete av kva eg styrte med den kvelden. Kunne heller ikkje ta bilete av Cathrine sine prosjekt då ho produserar til ei utstilling og er veldig oppteken av at kleda ikkje skal synast før. 
Eg oppmodar om å ta turen til MEKKO i Volda fyrstkomande torsdag, 19. november, for å sjå utstillinga henna.
Men Chatrine, dette skal vi gjere fleire gongar! Kjeme-kjekt! Muligens at vi skal ta kvelden litt før halv fire neste gong... ;o)  

 Då har eg fire små håpefulle som står å trippar, klar for pepperkakebaking :o)


torsdag 3. september 2009

Kjeks og fyrstikker...

Verdas enklaste og beste (ihvertfall i følge ungane) sjokoladekjeks. Av ei deig fekk eg 62 stk. Det vart gårsdagens kvelds. Etter at alle hadde forsynt seg rikelig var det dette som var att til arkivering...

Oppskrifta kjem her:
180 gr sukker
180 gr brunt sukker
240 gr smør, ikkje smelta
Bland godt
380 gr kveitemjøl
2 ts vaniljesukker
2 ts bakepulver
2 egg
1 plate kokesjokolade, hakka i bitar
1 pk Freia sjokoladelinser
Ikkje bruk ballongvisp då deiga vert veldig fast.
Bruk skei å sett i toppar på bakebrettet. Eg har 9 stk pr brett då eg vil vere heilt sikker på at dei ikkje smeltar saman.  Steikast på 200 grader i max 10 min. Dei er mjuke når dei kjem ut av omnen, så la dei ligge litt på brettet før du legg dei over på rist.
*
Velbekome!
*
Medan eg venta på at kjeksa skulle steike laga eg nokre fyrstikkøske-"cover"
Eg har brukt klippearket Roses frå Tilda. Då eg syns desse klippearka er veldig tjukke til dette formålet har eg kopiert dei over på klistermerkeark frå Connect. Det er forøvrig mykje lettare også, klipp ut-klistre på. Dei er litt transparente så eg limte først på eit som var heilt kvitt deretter det mønsteret eg ville ha.
*
Ulike mønster på kvar side. Dei andre sidene ser slik ut.
Særs nøgd med resultatet :o)
*
*
Kan nokon gi meg eit godt tips om korleis eg får mellomromma mellom linjene der eg vil så eg slepp alle desse stjernene...?

tirsdag 1. september 2009

Dårlig med TV i dag også...

Eg nyttar dermed høvet til å vise kva eg kjøpte på Emmas Verden i dag. Dette har blitt min favoritt butikk. Det er så mykje fint i den butikken, men med fulle skap og skuffer er det  desverre begrensa kva eg kan drage i hus.
*
Paisley og Cloè koppehanddukar, to klyper til å henge dei i. Forøvrig ikkje nødvendig då der er gode hemper på dei, men dei var så søte... og to hjerte korthaldarar (?) i sink som eg ikkje skal bruke til korthaldar...

Nyheitene frå Tilda hadde ho òg fått inn. Eg kjøpte berre eit stoff, foreløbig... og rose klippeark. Trur ikkje dei er nye, men veldig søte -og eg har ein plan ;o)
 Ho ventar inn mykje meir varer i løpet av månaden så det blir ikkje så lenge til neste tur. Anne, innehavaren, var desverre ikkje i form så det var mor hennar som passa butikken i dag. Ei særs hyggelig dame :o)
God betring til deg Anne!
*
Så må eg ta med eit stort varsku til alle kvitmalarar der ute som har, i likheit med meg, ei forkjærlegheit til skikkelig måling, nemmelig oljemåling. Den er på veg ut av sortimentet, ihvertfall til Jotun. Skvatt skikkelig då Bonden kom å lurte på kor mykje måling han skulle ta med heim for no hadde dei fått beskjed om at dei ikkje fikk meir.... Så her er det berre å hamstre jenter!
*

mandag 31. august 2009

Sesongpremiera...

på Grey`s Anatomy vart ikkje som forventa kan eg vel trykt seie...
Eg sprang febrilsk opp og ned med kundeservice på tråden for å greie å stille inn parabolen, men det dama sa eg skulle gjere virka ihvertfall ikkje! Ho kunne forøvrig ikkje bruke kompass heller... 7 grader vest er på ein måte 7 grader vest, ikkje så mykje eg får gjort med det.
*
I staden for TV har eg  brukt kvelden til å sjå innom diverse bloggar, alltid kjekt :o), fått strikka litt og sett litt meir i boka Sjarmerende gjenbruk. God bok ;o)
*
Ellers så har eg ikkje så mange oppdateringar å kome med. Helga som eg hadde gleda meg enormt til gjekk ikkje slik som eg hadde tenkt då det plutselig (fredag etter jobb) dukka opp ei varetelling på Eurospar som eg ikkje var informert om. 
Oppmøte søndag kl 9, puh... 
Helga var kjekk den altså, vart berre tatt litt på senga i kassa på Spar då eg fekk spørsmål om eg var klar til søndag... Klar var eg, til sykkelløpet på søndag... Fekk med meg alt likavel :o)
Sykkelløp i et regnvèr som var heilt ubeskrivelig. Kven hadde sett på krana og tatt helg?
Alt og alle var klisj våte, men kjekt var det likavel.
På  Hjørundfjordportalen kan du sjå bileta.
*
Laga forøvrig ei veldig god plommesylte på laurdag. Den skal eg kome tilbake til då eg trur eg må lage eit eige innlegg om sylte-dilla mi ;o) 
*
I morgon vert det ein tur til Moa til ortoped med Sander og kjenner eg meg sjøl rett blir det nok ei runde innom dei faste butikkane. Tenker vi svippar oss til Langevågen først og ein tur på Emmas Verden ho har vist fått inn så mykje fint sidan sist så det må sjekkast ut.
*
Tenkjer det ikkje vert så lenge til mitt neste innlegg som mitt forrige, men som sagt, her er det så mykje som skjer om dagane, håper det roar seg snart...
*
Då bikkar vi snart til september og somaren er offisielt over, men vi tek gjerne imot ein nydelig haust! Eg satsar likavel på fleire heimekveldar inne då vert det nok litt fart på sakene.
*
Måtte sette inn * for å få mellomrom...

mandag 24. august 2009

Oh, what a day...

Denne kom i posten i dag :o)
Ein fin kvit Nokia N97! Har ikkje fått testa den så mykje enda, men fann ikkje fotoapparatet når eg skulle ta bilete i stad så då fekk eg testa mobilkameraet.
Må vel sei meg godt nøgd med kvaliteten på bileta.
Deilig med blomster ein kan hente frå eigen hage. Eg er heilt avhengig av friske blomter i ein vase på sjenken. Kvite haustfloks og klematisen Jackmani prydar både sjenken og salongbordet.
Det var fleire herligheiter som låg i postkassa i dag.
Haust\vinterkatalogen frå Stoff og Stil, meget hyggelig "lesning". Nyaste katalogen frå Panduro kom også. Trur eigentleg at dei kom på laurdag, men då glømte vi å hente posten... Kva skal eg bestille først og sist...?!?!?

onsdag 6. mai 2009

Fleire lys

Eg har svinga litt med strykejarnet igjen.
Rosene kjøpte eg på Floriss fredag for ei og ei halv veke sidan!
Dei har jammen heldt seg bra, eg har kun skifta vatn og snitta dei oppatt ein gong.
Det vil eg kalle kvalitet for 159 kroner!Desse veit eg ikkje kvar eg skal plassere, så dei vert ståande på sjenken til pynt inntil vidare. Serviettane er frå LiveIn.
Eg har laga lys i dette mønsteret før og det er faktisk finare på lysa enn som ein enkel kaffiserviett. Det vart kanskje litt mykje mønster med tre lys ilag...ja ja...
Englane mine
Serviettar frå Herlighet Nydelige englar. Eg har brukt to sider av same serviett.