mandag 30. januar 2012

Bursdagsgåve

Minstemann skal i bursdagselskap rett etter skulen i morgon og sidan eg heller likar å gi gåver enn pengar ( ungane likar det ;)) måtte eg mekke ei bursdagsgåve no i kveld.
 Det vart ein Monstertruck-buff.
 Trur den vart passa lang, med varm fleece nederst og unikt merka så den (kanskje) ikkje forsvinn.
Tradisjontru måtte eg lage to då eg målte feil på den første... Den vert med til Bergen til helga i håp om at den passar til Jonas (7 mnd)

Glidelåsa eg bestilte på Ebay kom frå USA på kun 10 dagar (!) så no vert det Kleenex-etui til den store gullmedalje.

lørdag 28. januar 2012

Kjeks og Franske Macarons

Estremt rastlaus etter ein og ein halv dag på sofaen og uten energi til fysisk utfolding var det bakemoduset som slo inn, men det måtte vere noko enkelt som meir eller mindre gjorde seg sjølv så då vart det Toll House chocolate chip cookies. Ifølge ungane er det dei beste kjeksa som fins!
Oppskrifta finn du her
Eg hadde ikkje nok Toll House-sjokolade så då blanda eg inn ein pakke Freia 70% linser og ei plate kokesjokolade som eg hakka opp. 
Tips: Når eg hakkar opp sjokolade er det berre bitane eg vil ha og ikkje smulane. Då brukar eg eit grovt dørslag og silar av smulane og oppbevarar dei i ei lita boks og brukar dei som kakepynt ved ei senare anledning.

Etter 55 kjeks og oppvask var eg fortsatt i bakemodus og tenkte at no skal eg jammen prøve det Mandelmjølet eg har hatt ståande i skapet leeeenge. Eg har laga Franske Macarons før med variabelt hell så no prøvde eg oppskrifta til Manuela i Passion 4 baking.  Oppskrift og framgongsmåte finn du her.
Eg delte røra i 3, 1 rosa, 1 grøn og 1 lilla del. Den lilla vart mislykka så den gløymer vi...
Den rosa delen fekk bringebærsmak og den grøne fekk jordbær/kiwismak.
Note to self: Mandelmjølet kan med fordel siktast for enda finare konsistens.
 Når eg skulle fryse eggeplommene fann eg ei lita boks med Lemon curd som eg hadde løyvt frå sist eg laga sitronpai. Eg synst i utgangspunktet at den var hakke for syrlig for paien, men til dette formålet var den perfekt!
He he, bomma litt på fokuset når eg tok bilde, så her et glimt av utsikta vår. Skog og fjell.

 Dei grøne fekk ganache-fyll

 NYDELIGE!
 Sprø utapå og mjuke inni og smaka himmelsk!
 Kan absolutt måle seg med Ladurèe i Paris, he he ;)

tirsdag 24. januar 2012

Ny konditorfarge

Etter berre 10 dagar på tur kom pakken med AmeriColor kjøpt på Ebay.
Eg er veldig spent på korleis desse er kontra Wilton som eg har brukt i alle år.
Gledar meg til eg skal prøve dei!

søndag 22. januar 2012

Litt dilla

Ei som har laga slike tidligare advarte om at dei kunne vere svært vanedannade, heilt rett...! 
Eg har fått heilt dilla!
 På innsida er ein pakke Kleenex med balsam.
 Fint å kunne oppbevare lommetørkla uten pose uten at dei verte knørva og skitne så slepp ein knitringa med plasten i t.d kyrkja. Om du vil ha en sel eg dei for 100 kr inkl fyll og frakt.
 Eg er virkelig i etui-modus for tida. 
Rundpinne-etui. 
Dette er ikkje gjort på broderimaskina, men for "hand" ;)
Disse var kjekke å lage så desse vert det fleire av!

onsdag 4. januar 2012

Kleenex-etui

Heisann, og godt nytt år!
Eg surfa litt rundt på Pinterest slik eg ofte gjer og fann ei som hadde laga slike. Sida det er høg sesong for forkjøling og influensa ville eg og prøve å lage slike. Ikkje at det er noko spesielt med dei eigentleg, men alt er gjort i ramma på broderimaskina, ingen ekstra sying!
 Problemet var at broderiet måtte lagast først, for så vidt ein enkel sak, men litt greit at maskina ikkje syr over glidelåsen så litt måling og pirk er det. Ser at den kan med fordel vere litt kortare og det passar glidelåsane mine betre også så det passa bra, må berre justere litt.

Mamma har heve seg på trenden og ligg rett ut så eg tenkte ho kunne få denne.

Veldig kjekke å lage så desse vert det definitivt fleire av!