tirsdag 31. mai 2011

Hjørundfjordbunad

Tok å stakk på jentetur til den Franske Rivieraen 18. mai og etter eg kom heim har eg våre travelt oppteken med Nilsbuda, revisor, årsavslutning og i morgon kjem revisoren for å ta siste rest i tillegg til at vi har fått bokettersyn...puh.
 Anyhow, prosjekt Hjørundfjordbunad til Sølve.

Dei sto så oppstilt at eg måtte til med ymse sprell for å mjuke dei opp litt...


Det var mykje jobb, men å sjå guten så strålande nøgd var det vel verdt det.
16. mai på kvelden når bunadar og dressar hang ferdig stroke på stova :
"Åh, ej gleda mej sånn til i mårgå når ej skal få ha på mej bunaden min Mamma"  

onsdag 11. mai 2011

Heimekontor

er fantastisk når sola skin og ein kan flytte kontoret ut. 
Taylor Swift på Spotifyen, Spuen og småfuglane kvittrar om kapp. Herlig!
 Det gamle hagebordet funkar supert som kontorpult, holmaskin og mus som vekter for at papira ikkje skal ta seg ein flygetur. 
Lunsj ♥

Slike dagar vil vi ha maaange av!
Attende til arbeidet :) Nyt sola!

tirsdag 10. mai 2011

Inspirert

Det vart desverre dårleg med bilettakinga mi då vi var i konfirmasjon (nei, eg veit ikkje kva eg tenkte på...), men her er det beste bilete eg fann av guten i bunaden.

Nydelige gutane mine ♥
Eg tok utgongspunkt i ei vestmønster i boka Festdrakter, men det einaste som er att av orginalmønstra er ermholene som forøvrig er for store og sidesaumane, altså kraftig modifisert til å likne ein Hjørundfjordbunad. Nikkersen er mønster frå Festdrakter forstørra til ca 10 år, merkelig mønster... Måtte til å fikse litt på den også for at den skulle verte fin.
Tusen takk til Caty og Svigermor for god hjelp! 
Guten var ihvertfall strålande nøgd " Åååå, ej gleda mej sånn til i mårgå når ej skal få ha på mej bunaden min" var det siste han sa før han gjekk å la seg.
Skal ta fleire bilete på 17. mai å legge ut. Lova :)

På veg heim frå jobb stakk eg innom Stoffsenteret for å kjøpe denne boka.
Made by me
Sybloggernes beste oppskrifter.

Etter å kjapt ha blada gjennom boka konkluderte eg med at den var verdt dei 299 kr eg betalte for den, bra! Trur faktisk eg kjem til å nytte nokre av mønstrene i boka. I tillegg er det veldig kjekt berre å sjå og blade, mange nye idèar poppar opp i hovudet og det igjenn skapar nye idèar så snart renn det vel over... he he ;) Vel, eg vart ihvertfall så inspirert at eg heiv meg rundt og tok bilete av ein kjole eg har hatt hengande ei lita stund. Og mulig eg fullfører eit par andre prosjekt eg har liggande...
 Klikk på bileta dersom du vil inspisere litt meir :)
 Søt sommarkjole med lommer.

Kjolen er sydd i bomullsateng frå Åhlens, armar og lommer er vanlig bomull.
Ein liten gimmick er tilhøyrande hårstrekk.
 Bilete tatt ute for å få litt meir dagslysfargar på bileta. 
Trur fargane på desse er rettare enn dei som er tekne inne.

Litt usikker på om eg skal legge denne ut i Epla-butikken min eller om den skal vere Nilsbuda-exclusive. I morgon er det møte på Nilsbuda så då spørs det om eg kjem heim full av energi og inspirasjon til å lage noko kjekt. 
Nilsbuda opnar 28. mai!