Viser innlegg med etiketten Ut på tur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ut på tur. Vis alle innlegg

søndag 26. januar 2014

Ut på tur

Årets første overnattingstur på hytta på Rognestøylen. Fantastisk med så lite snø! Vi kan kjøyre heilt inn på setra og ingen rasfare.

Eg drog inn tidlig på dag for å starte fyringa. Satt inne fullt påkledd med opa dør og full fyr i omnen. Etter vel ein time slutta eg å puste frostrøyk inne...he he. Vel verdt det for når vi kom innover på kvelden var det fortsatt grei temperatur inne i hytta og fort gjort å få det godt og varmt.

Ut på kvelden tok eg med meg Sander ut for å sjå på stjernene og ta bilder.

Det endte ganske gøy! Sander nekta å gi seg og sprang og sprang. Å leike seg med laaaang lukkartid er SÅ gøy!
Mammsen måtte vere med å springe litt også...puh...

Først skøytetur på tjønna

Alle på same bilde!?! Utrulig!
Seinare, spasertur fram til Storevatnet

Isfiskarane målte isen til ca 15 cm og hadde målt Lisjevatnet til 13-15 cm i går. Det var mykje lyd i isen på begge vatna, det betyr at den veks. Det kan vi like.

Og meda vi venta på sommaren

Skøytetur på Lisjevatnet. Fantastisk svart klar is, nesten som at den ikkje er der... Nydelig å gå på!

Med så lite snø blir det heilt klart mange daga på skøyter denne vinteren!

søndag 23. oktober 2011

Bilete frå Paris

I samband med jobb måtte eg ein tur til Paris på Maison & Objet and Outdoor-messe, ei kjempestor gåve og interiørmesse. Mykje fantastisk flott å sjå, men desverre ingen bilder derifrå då det er forbode å ta bilete inne på messa.

I høve tok eg nokre feriedagar for å kunne nyte turen litt ekstra, og som eg trudde, i likheit med Rivieraen, Paris er fantastisk! 

Den første dagen gjekk vi oss rett på ein marknad, stappa full av dei flottaste ferskvarene ein kan tenke seg. Bodene låg tett i tett på begge sider, kor langt det var veit eg ikkje, men det var laaaangt!
 Sjekk dei tomatane og reddikane og arparegesane og og.... NAM!
 Eit breitt sortiment av det meste, heilt nydelig
Der var også ein stor fiskedel, men den tok eg ikkje bilete av.

Hotellet vi budde på låg i Rue Madame rett ved den flotte parken Jardin de Luxembourg, nært Metroen og eit flott utgangspunkt for å sjå byen. Metro-systemet i Paris er heilt supert og kjempelett og finne fram i. På toget frå flyplassen fann eg eit (brukt) metrokart, forøvrig på spansk, men med det og eit bykart tok vi oss akkurat dit vi ville, kjapt, billig og enkelt.

Vi gjekk forbi ei veldig artig kontorbygning som låg vegg i vegg med ei utstilling/kunstbygning.

 Utrulig stilig! 
Husfreda veks vilt og frodig på veggen og eg som ikkje får den til på kjøkkenet ein gong...

 Eiffeltårnet var som forventa, høgt og masse kø. 

Bilete frå andre etasje og oppover.
Dei små lysa vert tent i ca 5 min kvar heile time på kveldstid, det var skikkelig flott å sjå.
Inn i mellom blinkar dei og då ser heile tårnet ut som eit gigantisk stjerneskot.

Utsikt frå toppen må vel seiast å ver upåklagelig. 
Eg overraska meg sjølv med at det var heilt greit, faktisk ganske fasinerande å sjå rett ned... 
 Meg og Jodi på toppen.

Etter Eiffeltårnet tok vi ein avslappande båttur på Seinen og gjekk av ved Louvre for vårt neste stopp, vinsmaking på ÔChateau.
Vi smakte på ein champagne og fem vinar, to kvite og tre raude. 
 Ein høgst engasjerande foredragshaldar, ei heilt spesiell atmosfære og god god vin. 
 Då vi var iferd med å avrunde kom kokken og presanterte dagens middag for dei som evt ynskte å ete der etterpå. Det gjorde vi og sida det var berre oss to spurte eg dei som satt att (halvparten hadde allerede gått) om dei kunne tenke seg å ete saman med oss, og det kunne dei :)
 Tony og Linda frå USA, Jodi, meg, Dan og Mina frå Sverige og Rhonda frå USA

 Dei hadde ikkje stort nok bord i baren så vi var så heldige å få eit eige vinsmakingsrom for oss sjølve. Eg kan faktisk ikkje beskrive kor kjekt dette var, heilt fantastisk! Dan tok ansvaret for vinbestillinga, middagen var nydelig og praten gjekk i ett sett. Ca 4 timar middag med totalt ukjende er den kjekkaste opplevinga eg har hatt på lange tider. Og etter så masse god vin har eg for alvor fått smaken på vin, endelig.... 

Kvar laurdag og søndag er det loppemarknad, frå 7-13...
Vi tok metroen til Porte de Vanves, ca 3 min å gå derifrå. Trur gata heitte Av. Marc Sangnier med litt utspring her og der. Vi kom dit litt før 9 og då var det fortsatt nokre som holdt på å pakke opp. Tett i tett med alt mulig rart, frå knappar til Prada-sko



Hattepynt, kakeformer og anna kjøkkenutstyr. 

 Kniplingar, blonder, band, dukar osv
 Og eg kjøpte ingenting...ikkje ein knapp ein gong.... 

Triumfbuen måtte eg også få med meg.
 Trappegangen til toppen er ganske kul. Den har møteplass fordi den er så smal.
 På toppen bles det litt, sjøl om det var ein litt grå dag var det godt med ein liten bris.

Utsikt mot Montmatre og Sacrè Coeur.
Dit drog vi forøvrig ein kveld. Nydelig utsikt over Paris by night (derfor ingen bilder derifrå)
I dei smale gatene bak Sacrè Coeur er det små søte butikkar og mange koselige restaurantar.

Frå Triumfbuen, Eiffeltårnet og Champs-Èlysèe.

 Vi gjekk også omkring på øyene som ligg midt i Seinen, Ile de la Citè og Ile Saint-Louis.
Kjempekoselige små gater!
På ei av bruene der, hugsa ikkje kva for ei, var rekkverket fullt av hengelåsar med kjærleiserklæringar

Det var mitt lille bilderas frå Paris.

tirsdag 30. august 2011

Passion 4 baking, Cupcake-kurs.

Cupcake-kurs på KaffiKari med den søtaste Manuela, FOR ei herlig dame!
Manuela demonstrerar si beste oppskrift på vanilje cupcakes. 
Dei åt vi opp ;)

Ho viste ymse måtar å sprøyte på 
i tillegg til at ho hadde med eit hav av silicon former, stempel, sjablongar og div anna kakepynt som vi fekk benytte oss av.

Vi skulle ha med 12 stk ferdige cupcakes som vi skulle dekorere. 
Til vanlig tek det ca 1,5 minutt på kjøkenbenken, men her var det masse tid for dill og kos. 
Så kjekt!

Sjokoladekrem og iflg Manuela alt for rosa fondant

Cream cheese frosting
 Det står nokre silicon former på ønskelista kjenner eg.
Enkelt, kjapt og veeeldig lekkert!

Creamy white chocolate frosting og sprøytetip nr 125
Store roser med lyserosa sukker/glitter. 
I love these!

Alle mine 12 og forkleet eg måtte sy i ei handevending då eg faktisk ikkje har....
Sydd av ein GreenGate koppehandduk og rosa band

Og her er heile gjengen samla ute på kai. Ein kjekk og livelig gjeng!
(Dette bilete er lånt frå Passion 4 baking)


Masse søt inspirasjon finn du på Manuela sin blogg