torsdag 30. juni 2011

Inn med ull

Sjølv om vi kan trenge det er det, faktisk, ikkje ull-undertøy som er inn, men nytt teppe. No er golvteppa i ull attende! Vi har ikkje hatt golvteppe på stova på fleire år, til Bonden si lukke og mi...tja -veit ikkje heilt. Trass i protestar har eg no endelig fått på plass eit nytt teppe, i ull. 
 Beige melert med ei stoor stjerne. 
Me like a lot!
Golvteppe i ull er tynne, lette å handtere og ikkje minst, engle å halde reine.
 Bordet er kome på plass. Fargen på teppe passar utmerket til ullputene eg sydde tidligare i år.
Tilfeldig...neppe

Måtte rydde hylla under bordet for å i det heile teke greie å flytte det åleine, alt som samlar seg... Mine eldre interiørblad og Bonden sine bondeblad gjekk i båset med har hand ( eg likar ikkje å kaste blad) Nokon har eg likavel att, dei frå 2011... 

I tillegg har eg mi nyaste kokebok lett tilgjengelig. A piece of cake av Leila Lindholm.
 Ei av oppskriftene eg festa meg ved som eg tenkte eg ville prøve var Franske Madeleinekaker. 
Litt artig at Cathrine kom og fortalte at ho hadde akkurat laga slike kaker.
 Madeleinekaker skal egentlig lagast i madeleine former, eit brett med mange skjellforma kakeformer, men sida eg ikkje har slike former tenkte eg at dette måtte vere ei ypperlig anledning til å bruke dei gamle flotte sandkakeformene mine.
 Eg har dei i fleire ulike former, kjempefine!
 Det sto i oppskrifta at formene måtte smørast og strøast, Eg brukte formfeitt og semulegryn og konkluderte med at semulegryn var ikkje nødvendig...
 Eg laga dobbel porsjon og det var rikelig nok til kaffien til fire voksne og eit par born. Ein porsjon hadde likavel ikkje våre nok....
 Enkle og kjemegode kaker som absolutt skal lagast igjenn.
Neste gong vil eg prøve oppskrifta til Andreas Viestad, den skal ha mykje sitron i seg :)