Viser innlegg med etiketten Huset. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Huset. Vis alle innlegg

tirsdag 12. april 2011

Det etterlengta påbygget er no det næraste det har våre. Snikkaren har våre her på synfaring og Pretre er kontakta for produksjon av takstolar. Vi kjøpte huset på ByggMix før Bonden begynte å jobbe der og når dei, for ikkje så lenge sida, reiv kontora til byggavdelinga kom han over permen vedrørande vårt hus, komplett! Orginale teikningar av heile huset, takkonstuksjon, ALT... Dermed vart det litt enklare å forklare kva vi ynskjer å endre på huset og korleis påbygget skal forankrast i eksisterande bygg. Litt flaks skal ein ha :)

Og no har eg altså bestilt ny ytterdør. Eg har alltid hatt lyst på ei stor dobbeldør, men det var ikkje plass i gangen då vi bygde, men no får eg plass, masse plass! Trass i at Bonden har kontakter både her og der ente vi (eg) opp med å bestille frå Abora. Dei har mange fine dører dei...sukk
Vi skal ha denne
i svart og med klart glas. Det har våre ganske mykje om og men for Bonden ville ha kvit og eg ville ha svart. Han meinar det ikkje kjem til å bli noko fint, men eg er overtydd om at det vert kanonfint! Håper berre eg har rett... Kva meinar du, er eg gal som bestiller svart dør til eit elfenbeinsfarga hus med vinraude lister?

mandag 4. oktober 2010

Trappa er

...vekk... Eg måtte ta meg ei pause i syinga for å vise...

Sjølv om føn-vinden gir herlege temperaturar om dagen er det i dag slutt på kaffi-hygge på trappa.
Og eg er ikkje spesielt lei meg heller.

Sølve er ein skikkelig arbeidskar

 Eg elskar karar med kubein, sleggje og motorsag!
 Og slik ser det altså ut no. Back to basic...
På onsdag skal det gravast og i løpet av eit par veker støypast....ny trapp!

Snikkaren vi hadde bestil hadde overbooka, men vi skulle bli prioritert til våren.
Våren faktisk! Ja ja, ikkje så mykje å gjere med det. Snikkarar veks ikkje på tred for tida og er ein kresen så må ein berre vente...