fredag 31. juli 2009

Bringebærkrattet...

som vi har under altane vår har vore eit bærlaust buskas i fleire år og eg har lenge tenkt på at eg skal rive det vekk. Takk og lov for at eg ikkje har makka meg til enno! For der er ikkje lenger bærluast :o)Så mendan Mamma skar opp kyllingen som vi skulle ha til middag trakka eg ned i støvlane og for ut å plukka litt. Bonden kunne fortelje at han hadde vore å forsynt seg grovt fleire gongar, men der var fortsatt ein god del bær :o) Eg plukka ikkje alt...
Dei eg fekk plukka i dag vart blanda med kjøpebær. Akkurat nok til at vi fekk litt "vill-smak"
Det vart 7 boksar frå Den Lille Nøttefabrikken med rørt Bringebærsylte.

torsdag 30. juli 2009

Smykkeskrin

"Du skal ikkje sova bort sumarnatta..." Vel vel, noko søvn kunne eg då ha tenkt meg... Det har vorte longt mellom dei interiør-liknande innlegga mine i somar. Som ei lita oppdatering kan eg vise smykkeskrinet mitt som eg har pussa litt opp. Dette skrinet fekk eg av ei god veninne, det er bestefaren hennar som har laga det. Det har ein innsats med mange små rom og eit stort rom under.
Den trekvite perioda er vi etterkvart kome longt forbi, så eg ville gjere noko med dette skrinet som eg er så glad i slik at det passa betre inn... Med kvit spray, ein heimelaga sjablon og litt svart spray ser det no slik ut.
Monteringslimet festa ikkje heilt rundt S`en, men det gjer ingenting. Ser berre meir heimelaga ut. Eg er ihvertfall særs nøgd med resultatet :o)

søndag 26. juli 2009

Tur i Olavshola

Eg har lenge snakka om at eg ville at vi skulle gå i Olavshola, og i dag vart det. Sjøl ikkje Bonden som er fødd og oppvaksen her har vore der nokon gong så i ein alder av 35 år var det vel på tide...
Vi hadde fleire blåbær-stopp på veg opp.Sølve nytta seg av "Skjenkeretten"
Då vi kom til toppen skreiv vi oss inn i boka og fylde råsa eit lite stykke til innover. Men kva er det vi ser her? Eit lite vindauge midt i ein haug av mose og stein... Dette måtte vi sjekke ut nærare.
Ei lita dør og ei pipe...
Det var ei lita hytte. Vi gjekk inn, der var også ei bok vi kunne skrive oss inn i. Gutane tykte det var stas med ei slik hytte og ville med ein gong at Bonden skulle lage dei ei slik når vi kom heim. Sannsynleg... :o)
Hytta var laga av Anders Hustad i 1984. Eg forsto det slik at det er ein hellar som han har "kledd inne." Koseleg var det i alle fall. Vi gjekk tilbake og ut på utsikta. Vi hadde stoppa på bakeriet før vi drog og hadde med dagsferske Timper, Skulebollar og Rosinbollar. Deilig...
Her satt vi og kosa oss med bakverk, vatten og utsikt over bygda vår og Hjørundfjorden.
Det fins fleire segner om korleis denne hola vart til. Bilete under er lånt frå Hjørundfjordportalen
Ei fortel at heilag-Olav laga gryta for å verne Hustad og kyrkja som sto der. Han sette seg inn i fjellsida, sett ventre handa og skona på motsett sida av Bondalen og spendte frå så godt han kunne. Slik vart Olavshola, Skondalen og Nevedalen laga. Ei anna fortel at trolla var etter Heilag-Olav. Han laga gryta då han steig tvers over dalen og reiv ut eit stykke av fjellet der. Det vil seie at då Heilag-Olav tok sats frå Skondalen og skulle hoppe over på Storhornet var ikkje hoppet heilt vellukka. Ei tredje segn fortel at Heilag-Olav hadde hest. Han sette av frå eit fjell til eit anna. Målet var på 1000 alner og i fjellsidene ser ein merket etter spranget. Fleire segner frå Hjørundfjorden kan du lese her.

torsdag 23. juli 2009

Sylting

Jordbær og rabarbra med vaniljestang har blitt eit av mine favoritt syltetøy. Sist laga eg berre av to kilo bær, så det varte ikkje lenge... I dag brukte eg 3 kg jordbær, 3 kg rabarbra, 2 vaniljestenger, saft av ein sitron, 3 pk blå Jam og 2 kg sukker.Eg hadde kjøpt 5 kg jordbær så dei siste to kiloane rørte eg med 500 gr sukker og ein pakke blå Certo. Det vart perfekt kosistens!
Det vart tilsaman 16 og eit halvt glas Jorbær/Rabarbrasylte i varierte glasstr og 6 beger og 3 glas med rørt jordbærsylte. Kjenner at eg gledar meg til å smake, gjerne med nysteikte sveler... Skal tru om vi har i heile vinter...tvilar sterkt, men det vert nok meir syltelaging utover hausten tenkjer eg. Så då skulle eg berre hatt eit ekstra kjøleskap til oppbevaring..

Takk for godt samarbeid

Til denne gode gamle travaren som har fylt oss i mange mange år. Ikkje fin å sjå til, men går som ei kule og er veldig god å kjøyre. Men ein god gamal bil varer ikkje evig, ikkje denne heller. Den skal no få kvile og må vike plass for...
DENNE:
Ein kanontøff Polo Cross 2006 modell!
My mean bean maschine! Den går forøvrig ikkje som ei kule, men har i likeheit med sykkelen eg kjøpte i går (eg er SÅ heldig!) dei aller fleste tekniske dupedittar ein bil bør ha i dag.

onsdag 22. juli 2009

Feriekassa var ikkje tom

Så då kjøpte eg meg ny sykkel. Min rosa diamant.
Ein super rosa sak med alle tekninske dupedittar ein vist nok skal ha på ein sykkel i dag.
Syns den var fin eg...
Måtte selvfølgelig kjøpe hjelm i matchande farga.
Gledar meg til eg no skal ut på den første prøveturen. Kvar ferda går veit eg ikkje enno, kanskje eg dukkar opp på ei dør... Kven veit ;o)

Vel heime

I går kjørte vi frå Vänersborg og heim. Det vart ei veeeldig lang etappe, 837 km ifylje Google maps. Vi stoppa å handla i Charlottenberg ellers var det verre nokre få pitstop. Sjøl om det var litt bråk i baksetet må eg vel kunne seie at ungane var nærast eksemplariske.
Det har ikkje blitt så mykje shopping som eg hadde håpa på, men noko har eg fått med meg. Desse kunne eg ikkje gå ifrå på ein blomstermarknad i Fredericia. 4 nydelige Dronning Ingrid til 20 kr stykke måtte verte med heim til meg.
No prydar dei glaskarmane i stova.
Dei rosa blondegardinene eg kjøpte på KID i Charlottenberg er òg komne opp. Lurer på om Bonden kommenterar... Men eit av dei kjøpa eg er mest nøgd med på heile ferien gjorde eg i Charlottenberg. Etter å ha leita på alle stadane vi har vore innom i løpet av heile ferien fann eg altså desse, på siste stoppet
Eit par Calou Knyta! Eg ville helst ha dei i lys brun, men det hadde dei ikkje så då vart det rosa...bombe! ;o) Ellers har eg fått med meg ein stor hjarteforma bakebolle frå Lisbeth Dahl som eg trur eg kjem til å bruke veldig mykje, to blomsterkrukker i pressglas, fleire marmeladeglas, litt stoff, nokre lys, litt frå Ikea i Malmø og litt meir dill...Derimot kun ein ny lattekopp frå Green Gate. Eg hadde på førehand sjekka kvar eg kunne finne dei forskjellige forhandlarane, men det til dårlig nytte då dei eg var innom hadde særs lite utval. Den eine koppen eg fekk, kjøpte eg på ein butikk som ikkje sto på lista... Ja ja, betre lukke neste gong... i Bergen kanskje...om dei tek imot besøk ;o) Og då var vel alle samde om at det var ein gild tur... Då trur eg eg må tøme resten av bilen og sjekke kontoen før eg tek meg ein tur til Ørsta. Me sjåast!

lørdag 18. juli 2009

No har vi...

forlete campingplassen (med dei fantastisk dårlege sengane) og komt hitCopenhagen Island Hotel, med fantastiske sengar og badekar, så no har både Bonden og Gutane mine fått seg eit deilig bad. Snart min tur... :o) I morgon skal vi hittil Tivoli i København. Det vert siste stopp før vi startar på heimturen så vi satsar på at det vert veldig kjekt!

torsdag 16. juli 2009

Den første tanna...

er i dag felt.
Han mysta den faktisk i bassenget på campingplassen då han skulle hoppe frå kanten...med snorkel. Ikkje oppdaga han det heller, men blodet "sila" så vi tok han diskret på land. "Hm, he ej mysta tanna...jaja, kar den e hen da?" Ja, sei det......ein plass i bassenget...
Det var berre å ta på seg dykkermaske og snorkel å byrje å leite...Vi snorkla rundt ei lita stund og jammen meg fann han den ikkje! For ein utruleg flaks! Også veldig kjekt at det var han sjølv som fann den og ikkje eg... Tanna er no trygt plassert i eit eggeglas på kjøkkenbenken på hytta så då gjenstår det berre å sjå om Tannfeen òg er i Danmark... (I fylgje Tove er han særs gåvmild her...)

søndag 12. juli 2009

Vi har teke oss ein liten tur over fjorden...

Medan vi sto å venta på denne Kven andre står to rekker lenger borte å ventar på same båt...?

Tove med famile g eit venepar. Dei skal feriere berre nokre få mil frå oss. Som vi seier; sunnmøringar og tomflasker...finn ein overalt ;o) Den store attraksjonen for denne somaren er LEGOLAND. Utanfor hotellet står denne dragen og brøler oss velkomen.

Denne står inne i resepsjonen, men den lagar ikkje lyd.

Vi fekk Delfinromet i denne gata

På putene til Gutane låg desse gåvene. KJEKT!

Hotell Legoland kan anbefalast på det sterkaste! I tillegg til at hotellet ligg i Legoland er det masse å finne på på hotellet òg. Vi skulle hatt ein ekstra ettermiddag berre til å leike på hotellet og gå rundt å sjå på alle figurane som står i gangane.

Ein gresk gud i Atlantis. eller er det Pappaen vår...he he

Mamma og Sølve

Sølve og Pappa høgt opp i lufta

Båttur

Vi grev etter gull

Traffikert...

Første dagen kom det eit par kraftige regnskurar. Det gjorde derimot ingenting for temeraturen var heilt ok og fleire slike sto rundtonkring

Til tørk...

Vèret gjorde nok sitt til at det ikkje var så mykje folk i parken. SUPERT for oss for det var nemmelig veldig lite kø!

Då fortsett vi ferieringa på MyCamp på Trelde Næs i Fredericia.

Gutane vil gjerne helse heim til Besta som ikkje var heime då vi reiste fordi ho måtte til Trondheim å få fikse litt på hjartet sitt. God betring til deg Besta! Store klemmar frå Gutane dine!

Det går veldig seint å blogge frå SIM-kort, men det funkar..tildels. HTLM-koda lenger oppe får eg ikkje vekk. Vel vel, det får stå si prøve. Dokke kan lese resten. Eg får ihvertfall posta innlegga og det er det viktigaste! :o) Ynskjer alle ein super og solfylt dag! Helsing Tonje