fredag 27. februar 2009

Putedilla

Eg har fiksa litt på to "gamle" puter. Likte fargen, men ellers var dei litt kjedelige...
Eg har scanna to kort frå Odd Molly som eg fikk på Kle og Kaffi i
Volda og printa dei ut på "T-Shirt Transfer" og stroke dei på. Enkelt og greitt!

mandag 23. februar 2009

ROSA ROSA

Eg har falt heil for denne typen gryteklutar. Hekla et par på "no time", å så kjekt som det er!!! No har eg laga nokon som passar perfekt til meg. Eg har brukt Heavy Cotton frå Stoff og Stil og hekla med nål nr. 4.

Ny kjole

Sjøl om bloggen ikkje he blitt oppdatert på ei lita stund vil det ikkje sei ar ej he leie på "latsida". ej he våre en tur i Holmestrand på besøk men Ellen og på Moteuka i Oslo ilag med Heidi. VELDIG KJEKT, begge dela. Va en (laaang) tur innom Stoff og Stil i Drammen, trur Ellen vart litt lei... Anyhow, 1,5 m stoff til 30 kr!!! Ej måtte berre gå litt amokk da! Dermed he ej fornya både min og Cathrine sin stoffstabel betraktelig, GLEDA MEJ!
Ej he laga mej en kjole til. Deilig å ha på til kvardagsbruk
Stoffet har eg kjøpt på Stoff og Stil i Bergen. Bråtet til ermar og hals har eg strikka av Tynn alpakka på pinne nr 4. Til pynt har eg hekla ei lang remse med luftmaskar som eg har dandert rundtomkring på kjolen og sydd fast.

søndag 8. februar 2009

Nye puter

Eg er veldig dårlig på gjenbruk av sofaputetrekk, VIL ha noko nytt kvar gong... Så i påvente av å finne et stoff eg kunne tenke meg he eg til no hatt dei raude putene eg sydde til jul. VELDIG lei av dei no! HERLIGHETEN på Moa er ein fantastisk butikk for meg! Der fann eg ei gardin som passa ypperlig til putetrekk i min sofa! Med ROSA på? Jada, selvfølgelig! Slik vart dei, to til 3-setaren og ei til 2-setaren. VELDIG fornøgd.

lørdag 7. februar 2009

Hjortekjøtkaker

Heiv meg rundt å laga kjøtkaker også. Blanda ca 1,5 kg reinskåre kverna hjortekjøt med 1 kg kjøtdeig, ferdig krydra og spedd vart det ca 3,5 kg farse. Ferdig! 69 stk kjempegode kjøtkaker!

Hjortekarbonader

Knut Inge har hatt så lyst på heimelaga karbonader, og med alt hjortekjøtet vi har i frysaren tenkte eg at det kunne eg vel ordne... Eg blanda ca 1 kg kverna reinskåre hjortekjøt med ein halv kg kjøttdeig. Ferdig krydra og spedd vart det ca 2 kg farse.
Sølve ville så gjerne ta bilde ta Mammaen sin som kokk... He he...
Eg er ein smule hjertete å tenkte egentlig å berre lage nokre få slike på gøy, men det var så enkelt det var lettast å lage alle slik. Ei hjerteform i plast dyppa i vatn og TRYLL TRYLL (det føltes nesten slik), 38 hjortekarbonader til oss!

Gryteklutar

Cathrine hadde helka nokre par med gryteklutar. Desse var så fine og enkle at eg berre måtte prøve! Sjøl om ej egentlig holdt på med noko heilt anna... Den første vart litt sånn inn i mellom og den andre helka eg medan eg venta på ferga og på fergeturen. Ej elska ting som ikkje teke evigheite å bli ferdi med. Resultatet: Ett par fargesterke gryteklutar som definitivt friskar opp i kvardagen! Eg hekla med nål nr 4 med dobbel Mandarin Petit. Oppskrifta finn du på Cathrine sin blogg.

mandag 2. februar 2009

Og slik vart den...

Polka-dot kjolen min
Det vart ein liten vri på lomma og den funka veldig bra. Kjolen er allereide godt brukt, deilig å berre tre en kjole over haudet og VIPS, ferdig påkledd.

Lomme-tøfler

Ej har strikka meg eit par lomme-tøfler. Dei e såå søte, ser ut som små ballerinasko Lette å stikke i veska eller lomma når en skal på besøk. I den rette fargen kan dei sette prikken over i`en til et antrekk uten sko...
Strikka på en liten kveld så med litt planlegging ha klart et par til kvar gong ej skal på besøk...
Oppskrift:
Det er brukt garn som passer til pinne nr. 4, eg har brukt Sisu. Heile arbeidet strikkast fram og tilbake. Legg opp 5 masker, strikk 6 pinner. Fortsett, men auk 1 maske i begynnelsen av kvar pinne til det er 24 masker. På neste pinne aukast det i hver maske (fremste og bakerste maskeledd) = 48 masker.Strikk videre 15 cm vrangbordstrikk med 2r, 2vr. Strikk så 2 og 2 masker sammen til det er 24 masker. Fortsett med å felle 1 maske i begynnelsen av kvar pinnne til det er igjen 5 masker. Strikk 6 pinner og fell av.
Brett arbeidet og sy sammen de smale remsene og sidene på vrangbordstrikken. Det ser nå ut som ei lita veske, men den er veldig tøyelig og passer godt på foten.