Viser innlegg med etiketten Loppis. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Loppis. Vis alle innlegg

søndag 29. august 2010

Loppemarknad

Den årlege Røde Kors-loppemarknaden gjekk av stabelen i går. Dette er den største loppemarknaden her omkring og Volda (Ørsta) Røde Kors legg ned mykje arbeid i å ordne til. Eg sto som nr 3 i køa, klar til dyst :o)

Den aller kjekkaste tingen eg fekk med meg var denne knapperundellen. Knappane var støvete og låg hulter i bulter. Eg håpa der ihvertfall var nokon like slik at dei kunne nyttast til anna enn pynt.
Vaska og sortert. 
Bileta er uten- og med lokk.
Mange like! :D

Det som er litt dumt med loppemarknadane her omkring er at dei tek imot svært lite tekstilar. Eg fryktar at mange mange av dei kule sengkleda frå 60- og 70-talet i distriktet er brent. Noko som eg tykkjer er svært synd!

Ein gammal kaffikjele, og gamle nøklar
Kun til pynt.

Og kakefat.
Dei låg på botnen i ei kasse under bordet. Eg hadde egentlig ikkje tenkt å kjøpe alle, men i det eg røyste meg opp såg mannen bak bordet på meg og sa 50 kr.
50 kr! 
Då måtte eg sjølvsagt ta alle...
Litt anna ymse fekk eg også med meg. Totalt brukte eg 200 kr. Ikkje verst. 

søndag 4. oktober 2009

Loppemarknad

I helga var det loppemarknad på Bedehuset på Sæbø. Vi var der begge dagane. Om ikkje for handle så mykje (yeah right...) så for å vere sosial og gå på kafè i Bedehuskjellaren. Masse kjentfolk!

Ane Marie, 5år, fikk òg handla litt. Dette kjøpte ho for 10 kr.

Då vi kom heim å skulle plassere tinga ho hadde kjøpt på nattbordet henna snakka eg om at lampefoten til lampa på nattbordet var for gul og at eg ville spraye den kvit.
Då vart ho tankefull..." Kan vi ikkje spraye desse også?" spør ho å peikar på messinglysestakane ho kjøpte. "Kvite?" svara eg undrande. "Ja...eller rosa?" Eg ler litt for meg sjøl og lurer på om ho verkeleg vil dette. Jauda, ho er heilt sikker. Eg går å finn fram dei to ulike rosafargane eg har i spray og ho vel. Eg spør ein gong til for å vere heilt sikker "vi kan ikkje få dei tilbake i gullfarge etterpå". Neida, alt i orden, ho vil ha det slik.
Resultatet ser du her, og jenta er strålande nøgd!

Tykjer dei vart fine eg, passa til duken ;o)
(Eg har desverre ikkje små lys akkurat no)

Det vart (vist) litt andling på meg òg, her er noko av det eg kjøpte.

Ei melkeflalske og (igjenn) ei lita skål.
(Lysestaken kjøpte eg ikkje i dag)
Denne har tre føter og det har eg ikkje frå før så då måtte eg berre ha den. ;o)

Ei lita hylle, den er no iferd med å bli kvit.
Og eit søtt lite serveringsfat med haustmotiv

Betalt litt under 100 kr for alt.
 
Kjøpte litt til, men det vart ikkje med på bilde. Ein av tinga skal eg vise seinare når eg har fått orientert meg litt ;o)

Då er vi straks klar for ei ny arbeidsveke. Då det er haustferie blir mi veke særs kort. På onsdag reiser eg og dei to minste gutane til Bergen for å besøke systra mi og mannen henna. Vi gladar oss stort til å sjå det nye huset deira og selvfølgelig å sjå dei også.

Tips til butikkar som er vel verdt eit besøk takast imot med stor takk!
Stoff og Stil, Gullgruven og muligens Ikea er allereide ført opp på lista.

Ynskjer alle ei flott veke!

mandag 28. september 2009

Litt av kvart...

Endelig har eg fått fullført fleire påbegynte prosjekt...
(Du kan klikke på bileta for å få dei i stort format)

Hekla sitteunderlag

Eg har brukt Artic frå Europris og heklenål nr 5,5.

Kommoden som eg kjøpte på loppemarknad har vore ferdigmåla lenge, men eg fekk ikkje påatt henglsene så der måtte eg ha hjelp av Bonden for å få til ein liten vri...

Fin.
Den rosa knotten er ein messingknott lik dei vi har på kjøkkenet som eg har spraya rosa. Eg ville helst ha ein rosa Rose-knott, men det er ikkje å oppdrive her så det får bli denne så lenge.
Om det er nokon som kjem over ein slik knott hadde eg blitt veldig veldig glad om nokon kune fikse ein slik til meg. Eg betalar selvfølgelig porto :o)

Desse lampane var veldig i tiden då vi flytta inn i 2000...

Sjøl om det er ganske fint lys i dei er det ei god stund sidan dei lyste sist...
Med litt bøy og tøy og zink-spray...
 
Eg har ikkje limt den fast slik at om eg finn på at eg vil bruke glaset til noko anna er det berre å skru av kransen å trekke ledninga gjennom.
 
Litt kraftig lys, men skikkelige lyspærer er vist ikkje kolonialvarer lenger...

Dette vart eit litt kjapt innlegg for må eg hastar meg avgarde til Volda på klubb.
Ha ein fin kveld


tirsdag 22. september 2009

Ein liten tur på Gjenbruk

Jauda, klarte nok å få med meg noko heim i dag også...

Eg har ei stoooor svakheit for glasskåler, så ikkje mindre enn 3 kjøpte eg i dag :o)

Den store har eit enkelt mønster med ein liten blome i botnen. Super størelse til kvardagsbruk.


Små skåler får ein vel aldri nok av...?


Dagens finaste kjøp er denne

Syns den var så utrulig fin!

Gjenbruksbutikken her er kjend for å ha litt stive prisar, men av og til gjer ein seg nokon kupp der likavel.
Eg betalt 80 kroner  for desse fire tinga. Ikkje så gale det :o)

Etter ei særdeles våt oppleving på fotballtreninga til gutane skal det no bli godt med heimelaga lasagne til middag. Borna sin favoritt! Må ein liten tur på jobb seinare, men skal prøve å kome meg heim til Grey`s ;o)


lørdag 5. september 2009

Dagens skattejakt...

er no undagjort og eg er strålande nøgd! 
Alt dette, inkl skapet
 og denne

 til den nette sum av 350 kr!
Skapet skal reknar eg med passa pørfekt på syrommet mitt og skal målast...kvit.
Krakken skal og få eit par strøk, og nytt trekk.
Trekke er i og for seg velsig søtt, så det må eg nok sjå å få brukt til eit kvart.
*
Krystallskåla veg ca ett tonn...

Denne snappa eg framfor nasa på mi beste veninne...

 Sorry Cathrine...
* 
Om du klikkar på bileta kjem dei opp i større format
Skåler, muggar, norgesglas, pluss resten skal snart få ein grundig vask før dei blir tekne i bruk.
Neste karamellpudding blir med striper ;o)
Neste loppemarknad er på Bedehuset på Sæbø om to veker :o) Gledar meg!
*
No skal vi avgarde på konfirmant avspark og Jesus løype...
I kveld er karane forvist til tenåringsrommet for eg skal endelig få sett dei to første episodene av Grey`s Anatomy på TV2 Zebra.
*
Tusen takk for alle hyggelige kommentarar, det er kjempekoselig!
Ha ein fortsatt fin laurdag!