tirsdag 30. juni 2009

Utdrikkingslag på Voss

Litt overraska! Dette hadde ho ikkje venta.
8 jenter frå Voldaklubben på ein pub i Voss når ho eigentlig skulle på vinkveld hjå Turid. Ha ha, lurte deg! Ho måtte sjølvsagt gråte ein liten skvett...
Ho henta seg straks innat og var klar for fest.
Skuffelsen var stor då ho etter to timar måtte vende slukøret heim til mor å legge seg... Dagen etter vart ho henta i ti-tida og vi tok Dinglo til toppen av Hangursbanen. Vi fekk med oss ein paraglider som tilfeldigvis (veldig tilfeldig på Ekstremsportveko...) skulle ut å flyge slik at ho fikk tru at det skulle ho òg.
Ho fekk utdelt "alfitten" for dagen. Lekker! Bruda elskar rosa og alt som glitrar. Ho fekk ein tiara, som blinka, med rosa slør med kvite og rosa paljettar på, eit knall rosa skjørt som vi sydde av nervøs fløyel og eit misseband, også med kvite og rosa paljettar. Vi andre hadde òg slike band, men på våra sto det "Team Lisbeth". På toppen kosa vi oss med Rosèvin og frukt, og naut usikta og paraglidarane som tok av.
Vossajentene hadde ordna oss ein plass der vi kunne grille og kose oss i fred og ro. Der hadde vi super utsikt over flyplassen slik at vi fekk sjå fallskjermhopparane. Det vart ekstremt varm på terrassa, så stampen vi eingentlig skulle bade i vart skifta ut med dette plaskebassenget...
og ein fantastisk drikk i sommarvarmen. Martini Asti med Jordbær, herlig!
Seinare drog vi ned til Vangen og såg på akrofallskjerm (?) over Vangsvatnet. Vi hadde bestilt time med Paraseiling til Bruda vår, men då luftromet var stengt under konkurransen let turen seg vente på. Ho vart rimelig sjokkert og litt redd då båtføraren kom å sa at no var det hennar tur, men tok utfordringa på strak arm. Eg har desverre ikkje bilete frå turen...
Seinare var det longbord med middag i leiligheta vår og fest utover kvelden.Her hadde vi leiken; jett kven gåva er i frå. Ho måtte drikke for kvar gong ho jetta feil, det vart litt drikking for å sei det slik...Det var ein strålande dag med nydelig vèr, god mat og drikke og ikkje minst gode vener. Og viktigast av alt, Bruda var særs nøgd med utdrikkingslaget sitt!
Så då gledar vi i Voldagjengen oss til bryllaupet i august der vi får møte att Vossagjengen.

onsdag 24. juni 2009

Lite med...

blogging for tida, men her kjeme litt oppdatering.Denne Rhododendroen på Raudøya er stor som ei lite fjell!
Der var til og med modne Blåbær!
Josokfeiring på Rekkedalskulen.
Bålet vårt varma godt.
Det har vel blitt ein tradisjon siste åra at me lagar til feiring her. Før var nokre her og nokre der, no samlast alle her og det er veldig kjekt både for store og små. Som ein kan sjå på bilete kom det ikkje dråpar frå himmelen denne dagen i motsetning til maaange andre feiringar ;o) Det vert spennande å sjå kvar vi endar opp neste år for bygget er nemmelig til salgs...
Eg gjekk å plukka (nesten) resten av Rabarbraen i dag. Det vart ein stooor balje, så her blir det mykje godt!
Veit egentlig ikkje heilt kva eg skal bruke alt til så er det nokon som har ei god oppskrift å kome med tek eg gjerne imot :o) Då var sommaren komt til Rekkedal og ungane har starta på sommarferien sin. Dei ser helst at mora òg tek ferie, " du kan no berre snakke med han Morfar Mamma". He he, hadde det vore så enkelt... ein dag her og der kan vi likavel kanskje greie å få til... Nyt dagane i sola!

fredag 19. juni 2009

Pappa 55 år

Min Pappa har bursdag i dag, 55 år! Gratulere så mykje med dagen! Då Bonden er i våronn modus måtte jubilanten kome hit på kaffi og kake. Eg laga ei nydelig Gulrotkake (tusen takk for oppskrifta Målfrid) og Mamma laga ei Kremkake. Den rakk eg ikkje å ta bilete før nokon hadde kasta seg over den.
Koselig med bursdag. Det er vel mest for gutane eigentlig og at dei skal få gi Morfar ein pakke. Han fikk ein "Alligator"-grønsakskutter og fire nye slukar. Han vart særs nøgd :o)
*
Ellers har det blitt lite blogging denne veka...ingenting... Har vore så travelt oppteken med forskjellig... I går var eg på jobb på Gjestehuset på kvelden i tillegg til vanlig jobb på dagen, begynner å bli litt gamal for slikt...puh...
Eg har også eit par prosjekt i hovundet som eg kjem tilbake til litt seinare...he he gledar meg!
*
Då posten ikkje vart henta i går, pga tidsmangel..., vart det dobbel lykke på meg i dag.
Desse skal eg kose meg med i kveld :o)
I morgon vert det fotballturnering på dei to minste så då skal vi stå på sidelinja å heie høgt.
Heia Sæbø!
På kvelden er vi invitert til Raudøya i 70-års lag (35+35 he he ) til Cathrine og Narve.
Det har vi gleda oss til lenge så det vert sikkert veldig kjekt!
Ha ei flott helg alle saman!

søndag 14. juni 2009

Sylte...og litt til

I går tenkte eg at eg skulle lage rabarbra-sylte.
Så eg gjekk ut å plukka nokre stilkar, skrella dei og la dei i vatn.
Før eg skulle begynne måtte eg berre sjekke om det var nokre oppdaterte bloggar, og det var det. Synnøve hadde laga favorittsylta si, Rabarbra og Jordbær-sylte. NAM, tenkte eg og heiv meg i bilen for å kjøpe Jordbær (HURRA for søndagsopne butikkar!)
Sylta vart kanon god!. Brukte "stapparen" min til slutt for å få vekk dei fleste klumpane. Slåtten har starta her hjå oss i høglandet (nesten 200 m.o.h. he he). Bilete er tatt frå varandaen vår. Vi høyrer godt når Bonden bommar når han skal koble på forhaustaren ;o) Høyrer vi skiveslåmasking og pick-up vogn...?
For å lette på frustrasjonen tok eg med meg dette brettet ned i løda. Kven kan vel stå imot nysteikte sveler og nykokt sylte? Ingen! :o)

CatY

Mi gode veninne, Cathrine, har hatt ein hemmelegheit. Ho ei ein tusenkunstnar som styrer med alt mulig og no har ho laga seg si eiga bedrift. Klemerke CatY.
Ho syr kjolar, skjørt, vesker og alt anna einkvann kan ha lyst på. Ho syr opp for sal, men lagar òg på bestilling og målsaum. Ho er utdanna blomsterdekoratør, men har òg gått skule for saum og vev.
Ei skikkelig kreativ og humørfylt dame!
Klikk på bileta for å kome til CatY.

For å få litt blest om seg sjølv har ho laga til ei trekning av to flotte vesker ho har laga. Linken ligg på bloggen min oppe til venstre.

Lykke til Cathrine!

fredag 12. juni 2009

Helg...

Då eg glømte å stoppe på blomsterbutikken i dag
(ja, det går faktisk an) måtte eg ut finne...
I ei grøft plukka eg desse:
Rosa og kvite til skjenken på stova og blå-lilla til kjøkkenet.
Ein bonde kikka rart på meg då eg vada meg ut i grøfta med gras til knena i høljeregn, men skal enn ha så skal enn ha... For å trøste meg i dette trasige veret kjøpte eg meg ein ny pute frå A.U. Maison. Lekker!
Måtte kjøpe meg eit blad til helga også. Nytt Maison er akkurat komt i salg så det vart det denne gongen.
Gledar meg!
Etter vèrmeldinga er det Bergen som er staden å vere i helga. Det skulle eg gjerne ha vore, men sjøl om regnet knappast tek ei pause må våonna takast uansett...
Då skal eg få med meg siste episode av Mord og Mysterier.
Ha ei fortreffelig helg!

onsdag 10. juni 2009

Sovesofa...

Denne sovesofaen fekk eg då vi flytta i nytt hus då eg var 10 år. Den har altså fylt meg i maaaange år. Den har stått på rommet til gutane, men no vert den sofa/gjesteseng på mitt rom. Så for å passe inn måtte den få ei lita oppgradering.
Tre strøk kvit måling, ny madrass og ei sommardyne/strandteppe som eg kjøpte i fjor. Teppet er blomstrete på andre sida. Dei blomstrete putene kjøpte eg i fjor, men har ikkje komt i bruk før no.
Ein dag eg var på Moa kom eg over eit lite tilbodstorg på Jacobine,
der fann eg to stripete puter og to store dukar i same serien til ein latterlig pris! Love it :o)
Og slik ser den ut i dag.
Veit ikkje om den alltid blir sjåande slik ut (strandteppet må nok bli med oss på ferie i år også), men den tek seg mykje betre ut no tykkjer eg.
Ha ein god onsdag!

mandag 8. juni 2009

I dag..

er ein veldig god dag!
Vèret tillet kaffi på trappa. Ein ekstra deilig start på ein ellers fantastisk dag!
Når denne dagen kom hadde eg bestemt meg for at denne skulle opnast.
Her var 3730 kroner pluss femmarar, kronestykker og femtiøringar. Veit ikkje heilt kva eg skal bruke pengane til enda. Tanken min var at vi skulle unne oss noko, men kanskje ein egotripp...sykkel til meg, veit ikkje heilt...
Då må eg sluke ein allergitablett før eg hastar meg avgarde på jobb, litt seint ute...
Ha ein super start på veka, alle saman!

fredag 5. juni 2009

Konfirmasjonskake

I morgon skal vi i kofirmasjon. Og kven kan vel seie nei til ein søt konfirmantjente som spør tanta si om å lage kake med bilete på? Ikkje eg ihvertfall,
det gjer eg meir enn gjerne :o)
Ei stor bok-kake vart det. Eine sida er fylt med jordbær og romkrem, andre sida med bjørnebær kokt i lake med kanelstang, stjerneanis og vaniljestang og vaniljekrem.
Pynta med div marsipanpynt. (Utstikkarsett frå Cacas, genialt!)
Så då håper eg den fell i smak både i auge og gane...
Håper alle får ein super helg!
For dei som er i området, kan eg anbefale ein tur til Sæbø og Hjørundfjorddagane i helga.

onsdag 3. juni 2009

Eg ville berre...

ynskje alle ein god onsdag med bilete av Duppesoleia mi som no står i full blomst.
Dei er så nydelige med små kvite fylte blomane sine, berre synd at den varer så kort...

mandag 1. juni 2009

Litt frå Pinsa

Med det deilige vèret vi har hatt her i Pinsa måtte vi eit par turar til badestranda. Vatnet var nok litt kaldare enn Gutane hadde berekna, men dei bada og kosa seg ilag med venane sine. Eg kosa meg med blad og damer. Ein liten dukkert vart det på meg også, kaldt ja...men ein liten symjetur greidde eg. Bonden bada derimot ikkje! He he...
Nokre turar på hytta har det også blitt. Eine dagen grilla vi ilag med Besta og Besten. Den andre dagen var vi der åleine så då fikk eg klipt "plenen" og beisa eit vindauge, berre resten igjenn ;o)
Sølve kosar seg under teppet.
For dei som skal tilbake på jobb i morgon vil eg berre ynskje ei god arbeidsveke.
Eg, derimot har fri ein dag til.
Den skal eg nyte i fulle drag, fint vèr eller ikkje for resten av huset skal på jobb og skule.

Må berre beklage for utsjånaden på dette innlegget, men eg fekk ikkje flytte på bileta eller lage det til slik eg ville...