Viser innlegg med etiketten Broderi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Broderi. Vis alle innlegg

søndag 22. januar 2012

Litt dilla

Ei som har laga slike tidligare advarte om at dei kunne vere svært vanedannade, heilt rett...! 
Eg har fått heilt dilla!
 På innsida er ein pakke Kleenex med balsam.
 Fint å kunne oppbevare lommetørkla uten pose uten at dei verte knørva og skitne så slepp ein knitringa med plasten i t.d kyrkja. Om du vil ha en sel eg dei for 100 kr inkl fyll og frakt.
 Eg er virkelig i etui-modus for tida. 
Rundpinne-etui. 
Dette er ikkje gjort på broderimaskina, men for "hand" ;)
Disse var kjekke å lage så desse vert det fleire av!

onsdag 4. januar 2012

Kleenex-etui

Heisann, og godt nytt år!
Eg surfa litt rundt på Pinterest slik eg ofte gjer og fann ei som hadde laga slike. Sida det er høg sesong for forkjøling og influensa ville eg og prøve å lage slike. Ikkje at det er noko spesielt med dei eigentleg, men alt er gjort i ramma på broderimaskina, ingen ekstra sying!
 Problemet var at broderiet måtte lagast først, for så vidt ein enkel sak, men litt greit at maskina ikkje syr over glidelåsen så litt måling og pirk er det. Ser at den kan med fordel vere litt kortare og det passar glidelåsane mine betre også så det passa bra, må berre justere litt.

Mamma har heve seg på trenden og ligg rett ut så eg tenkte ho kunne få denne.

Veldig kjekke å lage så desse vert det definitivt fleire av!

lørdag 17. desember 2011

Julegåve

Ei julegåve kaklar seg avgarde på broderimaskina i kveld
I morgon reiser vi i Valldalen for å ønske god jul til mi kjære Farmor og då skal denne vere med, pluss litt til...
"Heimelaga" forbruksvare er kjærkome til ei flotte dame på litt over åtti :)

torsdag 11. august 2011

Bryllaupsgåve

i helga var eg å hjalp til i eit bryllaup. Bruda og eg vaks opp som næraste naboar så det var veldig kjekt å få vere med å hjelpe til. Eg måtte sjølvsagt ha med ei lita gåve med helsing frå gamlenaboane.
Beklagar dårleg bildekvalitet. Bilete er teke med mobilkamera frå gåvebordet.

To kremfarga satinputetrekk frå Princess med kvitt broderi.
Stian ♥ Guri
06.08.2011

fredag 25. mars 2011

Bursdagsgåve til meg sjøl

I forrige veke, nærare bestemt 17. mars, vart eg ett år eldre enn dagen før, nemmelig 35 år. Eit halvveigs rundt år og ei ny avkryssingsboks i ymse spørreundersøkingar der du skal krysse av for alder... Eg kan altså ikkje krysse av i boksa 20-34, men må bruke den neste....35-50...Nåjess...

Men, i høve min halvrunde dag bevilga eg meg ei skikkelig gåve, noko eg har ønska meg leeenge. 
Ny symaskin!
 Så fiiiin!!
Eg har ein tendens til å "go large" når eg først bryr meg så valet datt på ei Husqvarna Sapphire 875 Quilt
Eg har ikkje fått testa så mykje enda, for eg konkluderte kjapt at eg måtte sette meg ned å lese bruksanvisninga for denne er ein smule avansert. Uansett, I love it!

Det er fleire som har gebursdag i mars og gutane skal i fleire selskap, to denne helga.
Eg likar å gi gåver, ikkje pengar. Det er litt for upersonlig for meg, sjøl om eg veit at det er det dei fleste ønskar seg, inkludert mine eigne gutar...
"Heimelga" likar eg aller best. Snart har heile venegjengen handkle med namnet sitt på
. Denne helga er det Andreas og Johan sin tur.


Personlig og praktisk.


søndag 7. november 2010

Tidligare i aust var det avslutningsfest for damene på Nilsbuda.
Deilig hauststeming i butikkvindauget.
Det var ein skikkelig koselig kveld men mange historier om kundar, turistar og ymse opplevingar gjennom sommaren. He he, vi log mykje ;)

Det var dekka langbord og eit koldtbord ein ikkje skulle tru..
..var til 10 personar!

Bordkortet (som eg ikkje tok bilete av) var ein pose med pengar(???)
Overraskinga var stor over timesbetalinga då det på førehand var avtalt at alt måtte vere dugnadsbasert, muligens ein liten slant til kvar dersom det vart noko til overs...

Beskjeden var som følger: 
kjøp deg noko fint!

Det tok si tid, men det har eg no gjort!
Dette kom i posten i går.
Megaglis!
104 sneller av Güttermann Sulky broderitråd i koffert. 
Eg smiler frå øyre til øyre berre ved tanken på alle desse lekre fargane og kva eg kan bruke dei til.

mandag 23. august 2010

Strykemerker


 Strykemerke av gratis vintagebilder lasta ned frå nettet.
Eg brukte Canon easy-print og velde 9 bilder pr side og  printa ut på T-shirt transfer kjøpt på Clas Ohlson, syns det vart ein grei størelse på merka. Eg tok eit kvitt bomullslaken og strauk hifix på baksida og bileta på framsida og klipte ut.

Tok måla på merket og stingsette eit lite broderi.
Bomma litt på eine sida men pytt pytt...
Tok matpapit over når eg strauk det på, men det kan vere ein idè å stryke det på frå baksida då det er nærast limen. Hugs likavel å legge matpapir over bilete så det ikkje smittar over på strykebrettet og øydelegg både det og tingen.

Min lille pose passa akkurat på ei boks som eg har pennar og div i. Nice!

Kom forøvrig ein "beite" kalv til i dag. Eller rettare sagt, vi henta han heim i dag. Han var ikkje fødd idag for å sei det slik, sikkert ikkje i går heller....uuups!


søndag 18. juli 2010

Bryllaup

17. juli 2010 var den store dagen for brudeparet Elisabet og Oddmar
og vi var så heldige å få feire dagen ilag med dei.

Gåva
Kvitt satinsengesett med broderi på putene. Må sei eg vart særs nøgd med resulatet.
Berkley satin frå Princess, ein fantastisk kvalitet!
 Vonar brudeparet set pris på gåva og at det vert godt brukt.

Desverre dårlig med bilete frå bryllaupet, men dersom du har facebook kan du trykke her og sjå bileta av dei på profilen til fotograf Marta Lystad Johansen.

Anyhow, eit kjempekjekt bryllaup!
Ynskje dokke alt godt Elisabet og Oddmar, og sjølvsagt superskjønne David.