Viser innlegg med etiketten Hage. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hage. Vis alle innlegg
mandag 24. august 2009
Oh, what a day...
Denne kom i posten i dag :o)
Ein fin kvit Nokia N97!
Har ikkje fått testa den så mykje enda, men fann ikkje fotoapparatet når eg skulle ta bilete i stad så då fekk eg testa mobilkameraet.
torsdag 2. juli 2009
Bambusen min lever!
Halleluja! I fjor delte og flytta eg den store bambusen min. Det har den nok ikkje likt, for stammane som var ca 2 meter høge dauda alle saman. Det var kun to små små stilkar som var grøne i vår. Eg håpa og håpa.... Og her ser du den, ein ny frisk grøn stamme, ca 50 cm høg!
No håpar eg berre det kjem maaange fleire!
Dei grøne blada du ser er ein nydelig Klematis som eg fekk med Cathrine i bursdagsgåve i fjor. Den heiter Summer Snow og blomstra i fjor med små lysegrøn kvite blomstrar. Les på nettet at den kan bli ganske stor så eg er veldig spent på blomstringa i år.
Vi prisar sommaren og grilla til middag (kvelds...)
Sander såg på det eg hadde laga til å spurte: Er det kosedagen i dag mamma? Nei, svara eg, den er i morgon. Åh, kor deilig svara han, då gledar eg meg til i morgon også!
Gutane søv forøvrig i ute i telt for tredje natta på rad...
Tøffingane mine... Då er det straks på tide å finne senga :o)
Etiketter:
Familie,
Hage,
På kjøkkenet
onsdag 3. juni 2009
Eg ville berre...
Dei er så nydelige med små kvite fylte blomane sine, berre synd at den varer så kort...
Etiketter:
Hage
fredag 29. mai 2009
Litt kjapt
...medan Bonden og Gutane hentar pizza.
Tidligare denne veka var det plantedag, også kalla gravplantedag, på Sæbø. Eg hadde selvfølgelig ikkje kamera i bilen... Dette er den store dagen då folk på Sæbø handlar sommarblomster til hus, hage og ikkje minst graver. Eg har inga grav å stelle, men nytta høve til å få med meg litt heim.
To flotte kraftige georginer, to gulgrøne og ein lys rosa prydtobakk, to kvite ampel lobelia og ein artig liten sak som eg ikkje veit namnet på, den var vinraudaktig, men blir vist blå...

Denne kjøpte eg i dag. Ei vidundelig lita skål til 39 kr som eg berre ikkje kunne gå forbi. Det er vel ikkje til å stikke under ein stol al eg er litt svak for skåler i pressglas, gjerne med lok...
Då det har regna i stride straumar sida har dei ikkje komt i krukke enno. No har sola komt, plener er klipt og plantene kjem i krukker i morgon.
Håper alle får ei nydelig Pinse!
lørdag 16. mai 2009
Blomstertid
Pelargoniaen Dronning Ingrid, ein nydelig sak!
Kjøpte to og dei skal få pryde leveggen over benken.
Eg satsar på ein nydelig sommar så eg får nyte og pleie desse herligheitene.
Heia Alexander!
Ha ein fortryllande kveld og ein super 17. mai!
Hurra!!!!
torsdag 14. mai 2009
Amokk på KiD
Kjempenøgd med dagens handel! Magasinhaldaren har allerede fått besøk av det siste ROM 123 som kom i posten i dag. Blomsterpotter, parafinlamar, sitteputer, dukar + litt til...
Bilete frå terrassa etter at eg har fått ordna noko av det eg kjøpte i dag.Så no håpar eg dei blir store og flotte!
Om du ser at terrassa mi er dekt av kvite små prikkar er det fordi Bonden meinte at plenen trengte litt kunstgjødsel. Greit nok... Traktor og kunstgjødselspreidar!?! Plen, blomsterbedd, krukker, kasser...og terrasse har no fått rikelige mengder kunstgjødsel. Ja, ja, då treng eg ikkje tenke meir på det.
Då skal eg kose meg med siste utgåve av ROM 123 medan Gutane ser på MGP.
Heia Alexander!
Kos dokke i kveld!
Abonner på:
Innlegg (Atom)






