torsdag 27. september 2012

Bake til jul?

Då trenge du et forkle...
 Akkurat no har eg to tilgjengelig som du kan få kjøpt på Morkamessa på søndag. 
Eit langt og eit kort.

Bonden skal på fortballkamp i dag, HEIA HØDD, så då blir det fjøs og soccer-mum-driver på meg i ettermiddag. Tenke eg skal rekke nokre huer også før dagen er over ;)

søndag 23. september 2012

Dåpskake til Sander

Eg får stadig forespørslar om å lage kake, kjempekjekt og eg takkar så mykje for tilliten.
Dei hadde sett den andre dåpskaka eg laga med tog og ønska også tog som pynt.
Vaniljekake med apriskos, vaniljekrem og krem.

Gutta-boys spelte Bend-it cup i helga.
Kjekke gutar med nye t-skjorter og huer :) 

onsdag 19. september 2012

Messeproduksjon

Syr for harde livet! Har så mykje eg har lyst å få sydd opp før haust/julemessene startar for alvor. Etter sommarens Nilsbud er eg nesten tom for det meste så eg må berre stå på. Kjekt da! :)

Bandana skjerf/smekke fora med fleece til dei minste
 Tenker at dei passar frå  6-8 mnd og oppover. Jenta er str 3-4 år
Den stripete fleecen er baksida på bilane og blå paisley.

Til dei litt større, eller ikkje...
Deilig fleecefora hals i jersey/interlock.  Denne passa til "alle". 
Tredde den nedover hovudet til Bonden, han kunne nok ønska den en tanke større, men funka. Til gutane på 10 og 11 passa den perfekt, også til ein på 3 som fekk ein i gåve. 
Søtaste modellen er knapt 1,5 år, kanskje litt stor til han, men men

Helikopterbuksa er forøvrig også laga av meg ;)

Første haustmessa går av stabelen søndag 30. september på Mork skule/grendahus.

torsdag 13. september 2012

Hals/Buff

Minstemann skal i bursdagselskap i morgon. Eg spurte om vi skulle sy noko eller gi pengar? -Sy en hals var svaret, i sånn og peikar på det oransje monstertruck-stoffet.
 Fora med fleece.
-Eg trur han likar veldig godt John Deere... Javel, svara eg, meinar du eg skal brodere ein heil traktor på, nei det går desverre ikkje. -Men du har no grøn og gul tråd da... Eg skal finne på noko sa eg. Så på innsida broderte eg John Deere logo og namnet, nesten så eg trur han vil like innsida bedre...
Den fell ihvertfall i smak her i huset så eg må nok lage fleire, men så var det det med borna til skomakaren da... ;)

lørdag 1. september 2012

Dalana ♥ Michael

I høve den store dagen til Dalana og Michael fekk eg førespurnad om å lage bryllaupskaka. 

Med så mange tilreisande frå andre delar av landet og Canada ønskte mora til bruda (nabo) at ho kunne fortelle at det meste var gjort lokalt her i dalen så då vart det bryllaupskake frå meg og, verdens beste, lefser frå Svigers. Brudeparet vart frakta med hest og kjerre frå kyrkja til hotellet. Hesteeigaren, Kristin Riise, stilte i Sunnmørsbunad med nydelig pynta kjerre, det var så flott at eg vart heilt mållaus og sjølvsagt hadde eg sprunge ut døra uten verken kamera eller mobil... 

Toppetasjen
Litt annaleis topp på bryllaupskake, uten brudepar...
 Detaljar frå kakene.
Brudeparet hadde ingen preferansar vedr utsjånad anna enn kvit og du rosa så eg fekk fritt spelerom. Kjekt!

 Under marsipanen er ei mørk sjokoladekake fylt med rørte- og ferske bringebær, egenkomponert sjokoladekrem og kvit vaniljesmørekrem med kvit sjokolade.
 Ferdig på stativ.
Av ein eller anna grunn ser toppen skjeiv ut, men det er den altså ikkje...
Eg synst kakene vart kjempefine og kjempefornøgd, 
håpar berre brudeparet vart like nøgde.