lørdag 30. januar 2010

Giga-bollar

 Oppskrift Verdas beste bollar delt i 32 delar. Sølve likar best rosinbollar og sida han var den einaste som fakstisk gadd å hjelpe meg vart det eit brett med og eit brett uten.



                      





                        









Dei vart kjempestore! Kanskje eg skal lage litt fleire bollar neste gong...
 Dei vart litt uformelige òg med så mange på eit brett, dei smaka uansett himmelsk!
Dagens kveldskos
I skrivande stund manglar eg 52 beøkjarar før teljaren min min bikkar 12000. Eg manglar 37 besøkjarar for at eg  har hatt  2000 stykker på besøk på ein månad! Eg har aldri hatt så mange besøkande på ein månad som eg har hatt no i januar, kjempegøy! Tusen takk til alle saman!


torsdag 28. januar 2010

Tråsnellestativ

Eg endra på blogg-breidda mi i dag for at det skulle passe betre til min widescreen-skjerm. No er den 1200px breid og passar perfekt inn i ruta mi. Eg gjekk også inn i det forrige innlegget mitt og endra bilete av sofeputene til ekstra stort. Eg har ikkje kunne brukt denne funksjonen før då bileta har blitt for breide og kun 2/3 av bilete som kom med... No viser heile bilete, ekstra stort!!! Me like a lot :o)

Eg har lenge ynkja meg ein oppbevaringseinheit til tråsnellene mine. Eg la ut ein førespurnad på Sykroken om nokon hadde tips og idear til kvar ein kan få kjøpt eller korleis lage tråsnellestativ/oppbevaring. Eg er ny i det forumet og vart heilt overvelda av responsen! Nokre kom med tips kvar ein kan få kjøpe, nokon med idè korleis lage og enda fleire la ut bilete av sine stativ/oppbevaring. Tusen tusen takk alle saman!

Her er resultatet. 33 x 42 cm med plass til 63 tråsneller.
Tidligare har dei altså lagt i ymse bokser, hyller og skuffer, men ikkje no lenger!

Vel...nesten da. For dei små snellene ligg fortsatt i skuffa si, det gjer ingenting for dei går det så kjapt å leite i likavel og det var ikkje plass til alle på veggen.

Heilt knirkefritt gjekk det likavel ikkje. Bonden skulle fikse meg ei plate av kapp e.l på jobb. Kriteriet eg stilte var oppgitte mål og ca 1 cm tjukk. Det eg då fekk var ei plate som fylde alle kriteria i kryssfinèr. Kryssfinèr!?! Nokon som har prøvt å spikre i det? Sjøl om eg på førehand hadde forklart kva eg skulle gjere skjønte ikkje Bonden problemet. Han meinte eg skulle spikre spikrane heilt inn å bruke baksida...spikermatte! Nope, det har eg ikkje tenkt å ha på veggen, livsfarleg! Han log godt då han oppdaga korleis eg hadde tenkt det og lurte på om eg hadde fått det til slik eg ville for ein 3 toms spikar sitt ikkje særleg godt fast spikra 6-7 mm inn i ei kryssfinèrplate. Godt eg er stirrig for det er vel berre derfor dei sit fast ;o)

Under snellestativet mitt heng denne knaggrekka

Det lisje rosa hjertet laga eg i dag.

Då eldste-gullet (som han hatar å bli kalla det, men det er det han er) var fødd hadde (nesten) alle eit lite hjerte i rosa eller blå plast hengande på vogna si med teksten; Rør meg ikke! Eg har hans enno. Slike hjerter har eg ikkje sett på mange år, eg har heller ikkje hatt til dei to minste.

Eg tenkjer at dei er minst like aktuelle i dag, derfor tenkte eg å sy nokre slike i ulike fargar og med namnet til babyen på baksida. Då eg ikkja her nokon baby "for hand" akkurat no laga eg eit rosa uten namn. Teksten er sjølvsagt nynorsk. Stoffet er eit tjukt chenille-møbelstoff, som forøvrig støva ned heile maskina mi, med lys-rosa tekst og silkeband. Størelsen tykte eg vart super. Kanskje eg skal starte ein liten produksjon... he he. 

Det kan høyrast ut som Ask har teke seg ein liten tur hit også. Vinden ular rundt novene og regnet piskar på vindauga. Då er det deilig å sitte inne med ein god kopp te :o)


søndag 24. januar 2010

Nye puter og pai

Eg sydde meg eit par nye puter i går.
Fargen heiter østers i fylje lappen og passa perfekt heime hjå meg.
Stoffet gjekk eg meg på ved ei tilfeldigheit tidligare i veka, mønsteret er velour og botnen er skimmeraktig. Kjempefint! 70 kr for ei prøvehøgd, ca 2 m stoff! Kjøpte også ei høgd i same fargane men med striper.

Stupte ein tur i frysaren tidligare i dag. Å jøyje meg! Konklusjon; vi skal inn i ei ete-ut-av-frysaren-periode! Blandt anna fann eg ein heimelaga pizza som blir kjapp middag i morgon før vi skal på ski. Så tok eg opp ein pakke rabarbra og laga pai. Det vart dagens kveldskos.  
Oppskrifta er superenkel og kjapp. Ingen forsteiking av botnen.
125 gr smør
125 gr sukker
250 gr kveitemjøl
1,5 ts bakepulver
1 egg
litt melk

Eg brukar handmiksar til denne deiga. Rør saman smør og sukker til det blir litt kvitt, ha i resten. Deiga skal vere mjuk slik at den akkurat ikkje er klisjete. Smør ei piaform og trykk deiga utover. Ha i det bær eller frukt du måtte ynskje. Tips: eple med sukker og kanel, rabarbra med sukker, bjørnebær, blåbær, rips, skogsbær-blanding.

Dekk frukt/bær med vaniljekrem.
Tine fergig vaniljekrem fungerar fint, men 1 pk blir litt lite tykjer eg. Eg kokte vaniljekrem av Bird`s Custard, enkel og god.

Steikast på 200 grader i ca 30 min.
Den toler godt ein tur i frysaren, kjekt å ha på lur...
Berre ikkje bli for lur då vert det ei stund til den kjem oppatt ;o)


lørdag 23. januar 2010

Vitrineskapet -en liten make-over

Ikkje akkurat nokon big-deal, men det gjorde seg.

 Eg har måla bak-plata i skåpet. Før var den like brun som resten. No kjem glasinga på skåpet mykje betre fram og sjøl Bonden vart nøgd ;o) Hugsa akkurat å ta eit FØR-bilete før det var heilt tomt...
 
Eg prøvde først med ulike tapetar, men eg fann ingenting som eg tykte paste heilt. Dermed vart det måling, enklare å tapetsere over målinga enn å angre på tapeten... ;o) Fargen eg hadde for hand var Latte.

Eg løyste ifrå bak-plata så eg slapp maskering, eg hatar meskering...kjedelig! Etter fire strøk var eg nøgd- Fire strøk vanntynna måling framføre vedaomnen med god fyr, tørt på null komma svisj!

No har eg sett på varme på syrommet så det skal bli godt å varmt til eg skal kose meg der opp ei stund. Gutane og Bonden er på vedaskogen så eg er heime heilt for meg sjøl :o)

Ynskjer alle ei trivelig helg!


fredag 15. januar 2010

Søt lakris

...heiter denne flotte kjolen frå CatY. Den er min!

Nice!
Den er ikkje bestillingsvare, men laga til utstillinga ho hadde på Mekko. Det er nok likavel ikkje heilt tilfeldig at denne kjolen vart laga i akkurat min str, for ho hadde meg i tankane. Ho kjenner meg særs godt denne dama for ho tenkte heilt rett :o)

Litt detaljar frå kjolen

 
Hjerte på brystet og lomma er teke uten blits, det store hjertet med blits. Ingen av fargane er heilt rette, men eg tykte det ga eit rettare inntrykk om eg viste begge. Detaljane er møbelstoff levert av ein lokal stoff-fe... ;o)

Fekk ein pakke frå S&S også denne veka, det er alltid like kjekt!
Julesoff på salg... kan ein ikkje gå ifrå,


Andre stoff på salg -kan ein heller ikkje gå ifrå


Og meir tråd i ymse fargar


Då eg brukar desse på Janomen min òg har eg kjøpt så eg får ein litt breiare fargeskala til broderia mine.
Eg hadde bestemt meg for at eg berre skulle kjøpe stoff på salg. Sjøl om eg kjøpte tråd og div anna tilbehør sleit eg for å kome opp i 1000 kr inkl frakt! Hi hi....

GiveAway
Når det gjeld denne min veit eg ikkje om eg greier å vente heilt til 4 .februar med trekninga. Eg hadde tenkt eg skulle ha god tid på å lage til noko, men gåva er allereide ferdig! Så fyl med!


Gåva er eit hekla sjal a la dette. Eg har brukt garn frå Autermann, eit nydelig garn i alpakka og silke, hekla på nål nr 5. Tråden hadde faktisk tålt ei enda større nål...det kan vere greit å vite til neste gong, om det blir... Fargen har eg vist tidligare i innlegget Full fyr.

For oss er det jente-helg denne helga og gutane gledar seg masse. Det er så lenge idan dei var med oss no, før jul, så gutane saknar dei og har store planar for helga.

Ynskjer alle ei super helg!


tirsdag 12. januar 2010

Hyggjeleg besøk

Cathrine tok seg ein tur på søndag, kjeme koselig! I tillegg til seg sjøl å strikke sitt hadde ho med ei gåve til meg! No, rett over jula...! Men som ho sa, -ej måtte berre.

Søte Cathrine hadde nemmelig gått seg på dette ROSA nøste og ei søt lita saks og det nærast skreik Tonje mot henne. Tusen tusen takk Cathrine! Sånne små overraskingar er heilt fantastiske og gjer særs godt for sjel og sinn.

Natt til fredag fraus vatnet vårt. Då oppdaga vi kor hjelpelause vi faktisk er utan vatn. Gå på do....? Heldigvis ordna det seg raskt, men vi frykta likavel at det skulle fryse igjenn dermed var eg heime frå jobb for å fyre og passe vatnet. Den verste kuleperioden er vel over, men eg kjenner at eg gruar meg litt til mildvèret. Våte dressar, våte sko, våte vottar/hanskar, vått, vått, vått i ekte vestlands-vintervèr... Vel, vel vi får vel berre ta det som kjem, er ikkje så mykje vi får gjort med det likavel.

Ellers kan eg fortelje at hekleprosjektet mitt funka supert og at det vert gåva i GiveAway`en min. Er det forøvrig nokon som har eit betre ord enn GiveAway? Eg likar svært dårlig denne amerikaniseringa av språket vårt.  
Eg vil ha eit flott norsk ord her!
Nokon som har forslag?



torsdag 7. januar 2010

Full fyr

Med  21 (!) minus på det meste fyrer vi for harde livet. Varmepumpa har kobla ut for lengst og i dag tidlig var det knappe 13 grader på stova/kjøkkenet.  Brrr! Ungane satt med pledd og åt frokost.

Eg har rigga meg til i godstolen med hekleriet framfør omnen. Godt og varmt!


I koppen; Bestemors Frukthave, kjempe god te kjøpt på Velkommen i Eikelandsosen. Ein kopp til meg og ein til Bonden.

Prøvde den nye strikkebutikken i Ørsta i går. Dei har dei tøffe- og særs gode heklekrokane frå Du Store Alpakka, kan virkelig anbefale dei! Eg kjøpte meg ein ny i 4,5 og 5 og den er allereide teke i bruk. Tråd kjøpte eg òg, nydelig farge ikkje sant? Kanskje det kan bli ditt? Sjanser er ihvertfall større om du melder deg på GiveAway`en min...

 Til alle dokke som allereide har meldt dokke på; tusen takk! Fleire har lagt seg til som fyljarar også, veldig kjekt :o)  Sjøl om eg ikkje alltid legg at ei helsing besøkjer eg alle som legg at kommentarar på bloggen min.

Hald dykk varme!



onsdag 6. januar 2010

På hell

I dag er det 13.-dag jul og jula skal endelig ut. Eg brukar ikkje vere så sein, 1. nyttårsdag brukar eigentleg å vere grensa for mine juletre, men i år nekta Bonden (?) Nei, han ville ha jula ei stund til. Okey....men i dag er det altså ingen nåde. I ettermiddag skal det ut! Amaryllisen min er heller ikkje einig i at jula er ferdig. Den står der å blomstrar med 5 nydelige roser.

Eg kjenner at eg tykkjer det er godt å kome i gong att. Det er kos med jula, men litt travelt også. Farting hit og dit i tillegg til at førebuinga både heime å på jobb vart meir stress enn eg hadde forventa.  No går tempoet ned og eg kjenner den kreative lysta kjem tilbake. Deilig!

Det er fryktelig kaldt her om dagane. Så kaldt at varmepumpa kobla ut i går kveld, den koblar ut på -18 grader. Dermed vart det døgnfyring, heldigvis starta den i løpet av natta då temperaturen nærma seg -10 i staden for -20...

Heklekroken er leita fram, måtte berre prøve noko. Trur at det funka, men tråden var for tynn så i dag skal eg kjøpe ny tråd. Om resultatet vert slik eg ynskjer blir det kanskje ei gåve i GiveAway`en min...?

Ynskjer alle ein fin dag!


søndag 3. januar 2010

Årets fyrste skitur og GiveAway

Eg har har mest slete sofaen hittil i år. Cola, Paracet og Ibux har vore mine "gode" vener... Men sidan Gutane hadde så veldig lyst på ski sleit eg meg opp og ut. Eg hadde tilbodet om å vere heime, men det er noko spesielt med årets fyrste skitur. Den ville eg vere med på! Det har vore fryktelig kaldet her og i dag var det snøkave. Vi var nok kledd for litt fleire minus enn snøkave så vi fraus ikkje...
 Her står gutane i enden av løypa klare til å renne innatt.
Det hadde snøva ein god del etter at løypa var trakka i tillegg til at det var skikkelig klabbeføre, sjøl for smørefrie ski, så vi gjekk meir enn vi hadde tenkt... Det var uansett godt med ein luftetur og gutane var strålande nøgde. Neste tur vert på slalom.



Den 1. januar 2010 bikka teljaren min 10 000 besøkande sida 1. mai 2009.
Tusen takk!
(Det var ein person frå Stavanger som kom frå Husfruas Memoarer som vart nr 10 000.)
I dette høve vil eg ordne til ein GiveAway. Legg att ei lita helsing under dette innlegget så er du med i trekninga. Om du vil legge ut ein link på din eigen blogg blir eg veldig glad, då får du ein ekstra sjanse.  
Gi meg gjerne eit lite hint om du linkar.

Trekning 4. februar
 Lukke til!