mandag 27. april 2009

Nokre målingsprosjekt...

ER FERDIGE!!! Eg vert så ivrig når eg først hiv meg rundt at gløymer eg heilt å ta før bilete. Skal prøve å skjerpe meg litt på det... Denne kommoden var luta/olja furu med treknottar. Etter tre strøk med måling og nye knottar i glas... TADA!
Veit ikkje heilt kvar eg skal plassere denne, derfor står den midlertidig på det gamle rommet til gutane som skal bli loftstove/gjesterom og mitt hobbyrom. Kjempefin vart den!
Bokhylla til gutane var òg luta/olja furu. Etter tre strøk med kvit måling ser den slik ut:
Bokhylla står i gangen midt mellom dørene inn til roma deira slik at dei begge skal ha fri tilgong til bøkene. Kol-teikningane av gutane skal opp på veggen...

lørdag 25. april 2009

Kvar blir alle gevira av...?

Det spørsmåle diskuterte eg og Mamma her om dagen. Då Hjorten fell geviret kvart år skulle dei vel i teorien ligge mest "overalt" meinte då vi. Endå ein gong kom vi til at teori og praksis ofte ikkje heng saman...
Men kva er det Bonden neste kjøyrer på når han gjødlar eine marka i dag? Jau, dette:

Eit flott eksemplar av eit halvt gevir! Faktisk midt på marka låg det, så kanskje teorien ikkje er så dum likavel. Eg skal ihverfall ha meg ein ekstra tur opp i skogen. Men det må bli etter at Sitronkaka mi er ferdig steikt.

Dette geviret tenkte eg å henge opp på Sølve sitt rom. Han kan trenge nokre store knaggar til cowboyhattane og arbeidshjemane sine Han har ikkje sett der enno, men eg trur han blir glad.

fredag 24. april 2009

DVD-korg og TV-benk

Sander trengte ei korg til å ha alle spela og DVD`ane sine i. Eg har leita mest over alt, men har ikkje funne noko som passar. Til slutt, etterå ha tråla både internett og andre butikkar, kom eg til å tenke på at eg hadde nokre store støvlett-øsker liggande. Den eine passa PERFEKT!
Forsterka i alle hjørner med gaffa-tape.....og resultatet. Øska er trukke med ein duk frå Princess.
TV-benken frå Jysk var luta furu (har desverre ikkje før-bilde). Med to strøk god gamaldags super miljø-uvenlig oljemaling, S0502-Y, vart den kjempefin! Og den nye spel/DVD-korga kunne ikkje passa betre. Den har faktisk plass til 54 cover.
Dei nye romma i kjellaren nærmar seg ferdige. Fleire møblar som skal målast og litt listing er det stortsett som står att. Bilete kjem etterkvart.
Dei nye romma i kjellaren nærmar seg ferdige. Fleire møblar som skal målast og litt listing er det stortsett som står att. Bilete kjem etterkvart.
Då vert det Hjortegryte på meg og mine i kveld. Ha ein fortreffelig fredagskveld!

onsdag 22. april 2009

Muffins med kokos og lime

Eg inviterte Lisbeth på besøk slik at eg fikk ei unnskyldning for å bake... Ann Sofie og Leander tok seg også ein tur. Muffinsane var kjempegode og vi fikk ein koselig formiddag ilag.
Oppskrifta fann eg på denne artige bloggen, og den er vel verdt eit besøk!

tirsdag 21. april 2009

Nye glas og litt anna...

Då eg fortalte Mamma at eg hadde kjøpt Norges-glas på bruktbutikken, datt haka og kommentaren var; "herregud!" Då kunne ho fortelle meg at ho hadde fleire slike i buda. Fint, svarte eg, då skal eg ha dei også. Ho hadde eit lite utval og eg tok ikkje alle (kankje ein annan dag...) Var ikkje det minste glaset fint? Eit slikt har eg ikkje sett før, og no har eg eit! Tusen takk!
Dermed har eg fem nye glas til samlinga mi. Veit ikkje heilt kva eg skal bruka alle glasa til enno, meeeeen det gjer ingenting.... Dei verte nok ikkje ståande tomme lenge.
Sander hadde så lyst å grille, så då vart det kveldsmat ute.
Årets første grilling på platten heime. Fint Vèr, men vinden verte brått kaldare når sola gjeng ned, så då måtte vi fram med pledd og hue. Det var ihvertfall veldig koselig og pølsene forsvann på eit blunk!
Kjøpte denne til helga, men vart, av ein mystisk grunn, ikkje opna... Måtte derfor prøvesmake litt i kveld. Hadde til slutt ete halve sjokoladen... Litt merkelig, men god.

lørdag 18. april 2009

Sommarferie!

Då var ferien for 2009 bestilt!
Til ungane si store begeistring skal vi hit

Nei, vi skal ikkje til Bergen slik som det muligens kan sjå ut som med fyrste augnebling. Vi skal til LEGOLAND 2-dagarsbillett med overnatting i Hotel LEGOLAND. Toppen av lykke! Danmark er eit interiørmekka for slike som meg, toppen av lykke for fleire

Vidare har vi bestilt ei veke på denne campingplassen i Trelde Næs ved Fredericia.

Her verte det bading...

Meir bading...

Leiking...

og selvfølgelig mykje meir. Trur dette blir bra.

Vi skal kjøyre(!) heim, gjennom Sverige. Det er langt, ca 130 mil, men vi har god tid. Mulig at mor har lyst på shopping i København... då må vi overnatte... Loffe oss opp gjennom kysten av Sverige, loppisane på rad å rekke Vi skal vel ha ei overnatting ein plass langs den svenske kysten. Veit ikkje heilt kvar det kan verte enno, muligens rundt Gøteborg for ein pit stop i Liseberg? Eit stopp på Nordby må vel og ha, for tredje år på rad. He he.

Gode tips til kva vi bør sjå og gjere takast imot med stor takk.

søndag 12. april 2009

Lys-decoupage

Eg såg ein artig teknikk på Tine`s Kreative Hjørne sin blogg. Ho hadde fått ideen får ein kunde i butikken sin.

Og slik vart dei, kjempefine sant?

Eg tok nokre kremfarga vaniljelys som eg hadde ståande, nokre søte lyserosa serviettar med rosemønster og strykejarnet eg kjøpte på "Brukten". Prøvde meg litt fram med varmen, det bør ikkje vere noko varmare enn ein halv prikk. Bruk kun det ytterste laget på servietten legg det rundt lyset, klipp til og stryk i veg.

Kjempe lett! Kjem nok ikkje til å kjøpe fleire dyre lys her i huset. Kvite lys på Nille e.l. duge lenge. Dermed kan eg få akkurat den utsjånaden på lysa eg vil ha.

fredag 10. april 2009

Skjærtorsdag på hytta

Eit lite stemningsbilete frå hagen med det, ifylgje mamma, stygge vedahuset i bakgrunnen. Når karane kjem på hytta er dei straks klare til dyst. Sjøl ikkje på ein Sjærtorsdag let dei arbeidet ligge... Vel, det er ingen andre enn oss her likavel. Gutane har arbeida hardt og kosa seg glugg ihjel! Forståsegpåarane kontrollerar arbeidet til Mormor Alle må ta i eit tak Sjøl den kyndige fotografen har delteke i arbeidet, men det har ingen foreviga. Kaffipause, skal tru kva dei diskuterar...einige...eller ikkje...? Det har vore kjekk dag med mykje vèr, sol, regn, opplett, regn, meir regn, sol, masse regn, opphald, sol, sol, direke varmt, regn...og slik har det holdt på... Men vi har stortsett vore ute heile dagen likavel. Terrassemarkise er supert!

tirsdag 7. april 2009

Loppis

Eller, nesten da. Eg var ein tur innom NMS Gjenbruk og dette er dagens "fangst" Lampeskjermen har allereie "myst" frynsa si og tenar no som Strikke-korg. Mulig at frynsa kjem på att, men då "rett" vei. To store Norges-glas, står no i oppvaskmasina, ein hekla løpar og eit strykejarn. Betalte nok litt mykje for skjermen, 65 kr, men eg er så utrulig dårlig på å prute! Må få med meg Cathrine neste gong, ho er RÅ på sånt! Eg trur eg må "watch and learn..."

søndag 5. april 2009

Påskeegg

Her kjem resultatet av egg-målinga vår. Ferdig påskepynta grein . Vi brukte akrylmåling og lakka to strøk med blank lakk.

lørdag 4. april 2009

Bursdagsselskap

Ruben kom, og klatra rett til topps Vèret kom som bestilt! HURRA! Ein super dag å ha utebursdag på. Vi heldt til nede på den gamle skulen, der er god plass og mykje å leike med.
Litt mat...
Det gjekk med 24 skillingsbollar, ca 20 muffins, 2 pk pølser, 1 pk Marsmellows. Dei var nok meir opptatt av å leike.
Drikke...
Då mine ikkje er så glade i brus, blei saft. Blåbær- og bringebær-saft med ekstra konditorfarge. Suksess! Det gjekk med ca 6 liter til 12 born!
Vi lånte bålpanna til Mormor og Morfar der det vart spidda pølser og Marsmellows.
Utrulig kor mykje kjekk leik ei dyretransportkasse kan generere...
Synne lurte på korleis det var å vere blink, konklusjon: litt skremande.
Sander har hatt ein så super dag! Med stortsett alle venane sine på besøk hadde han nesten ikkje tid til verken mat eller gåver. I ettermiddag har han bygd ferdig nesten alt. Trur nok det blir ein tur til leikebutikken på måndag for å bruke litt bursdagspengar, meir Lego...?

fredag 3. april 2009

Ein fantastis dag

Eg har planta både inne og ute i dag. Det er så deilig! Når stemorane er komt i krukker og kar ute er det VÅR! Og men det fantastiske vèret vi har att i dag er det ihvertfall vår ute. Det var det ute, enda...her kjeme inne...
EG HAR GJORT MEG EIT KUPP PÅ "FINN"
Betalte ein slikk og ingenting for desse. Dei kom i posten i dag og eg er så nøgd! Veit ikkje kva eg skal bruke dei til enda, kva som helst eigentleg, dei er jo sååå dekorative. I kveld fikk eg endelig gutane på trua til å måle påskeegg!
Liggande passa Zalo- saftflaske stativet perfekt til egg-tørkestativ. Entusiastiske ei lita stund, så vart eg visst sittande att åleine.
Resultatet av eggmålinga skal dokke få sjå i morgon.
Det vart litt mykje på ein gong dette her, men det har som vist vore ein kjempe fin dag med mange "begivenheiter" å blogge. Så i staden for å legge ut fleire innlegg samla eg det heile.
Førebuinga til bursdagsselskapet til Sander er under kontoll. Muffinsane er ferdig steikte, pølsebrøda tatt opp av frysaren og skillingsbollane ordnar Svigermor. Vèret som vi bestilte ser også ut til å dukke opp

torsdag 2. april 2009

Sander 8 år! HURRA!

Guten bestilte fotball-kake, og taco til middag. Eg laga liksågodt middag til heile gjengen. Mormor og Morfar kom, Besta og Besten og Onkel Per.
Vi har ei liten tradisjon på dette med bursdagar, og det er at pakken (pakkane) står på stova når bursdagsbarnet står opp om morgonen. Her står dei klare... Ein overlykkelig gut vakna ca kl 6 i dag... Klar til dyst
Må lese kortet først...
"Den største pakken skal eg spare til slutt" Nye sko...T-skjorte...Film...Heimelaga ispinnesett... Så glad! Men kva er dette?? Nei...nei... JAAAAAAAA!!!!!
Denne har han meir eller mindre sikla på sidan i fjor sommar så jett om han vart glad!?!
Sjøl om han er litt sjuk har han smilt frå øyre til øyre i heile dag. Å vere heime frå skulen var ikkje eit alternativ eingong sjøl om han gjerne kunne tenke seg å begynne å bygge den nye ferga.
No gledar han seg til laurdag og kompis-selskap. Då vi skal ha uteselskap har vi bestilt fint vèr, så vi får no sjå.