tirsdag 19. juni 2012

Meir kake

Mykje kakebaking for tida, og i morgon blir det meir.
Eg heiv meg rundt i seks-tida og baka ei bursdagskake til Pappsen. 
 Prøvde meg på ei ny kake oppskrift, 
Traditional Vanilla Birthday Cake frå Magnolia Bakery. 
Kan absolutt anbefalast!
Einaste kakepynt-aktige i hus var litt grøn marsipan løyvt frå helgas kakebaking. 
Med litt perlespray fekk eg ihvertfall litt variasjon, årstida no er vel grøn... ;) 
Fyll er rørt jordbær, jordbærkrem og Jell-O Banana Cream som eg forøvrig aldri hadde smakt før. Litt kunstig banansmak, men søt og god. Det første eg tenkte var gul Bugg frå svunne tider...
Gratulerer så mykje med dagen til min kjære Pappa. 

lørdag 16. juni 2012

Fotballkake

Eg fekk ein forespørsel tidligare i veka om å lage ei bursdagskake til kjekk liten kar som blir 4 år og som fortida er svært oppteken av fotball. Ingen problem sa ej...nåjess...

Hot Milk cake frå Miette er supergod og alltid bankers, heilt til i dag... Flate som eg kava! Ei dobbel oppskrift gjekk i bosset og dei to botnane eg enda opp med måtte steikast kvar for seg, må sei eg var litt stressa på eit tidspunkt eller to...puh.  
(Ingen rosa-blogging her, kun harde fakta, he he )
 Men kaka vart fin den. Ikkje så høg som eg ønska, men etter 6 tima baking, banning og kose-pynting (pyntinga er kjekkast) vart resultatet nokså bra. 
Så håpar eg berre den smakar bra også...
 Ballen er Rice Krispie treat og fylt med nonstop.


lørdag 9. juni 2012

Smootie leftovers

Vi løyvde litt her ein kveld vi laga Smootie til kvelds.
Blandinga var en ferdig Smootie-mix med jordbær og banan, litt appelsinsaft i mangel av juice og to beger kokos yoghurt. Kjempegodt! 
 Det var akkurat nok til å fylle dei to yoghurt-begera vi hadde brukt, stappa ein pop-pinne oppi og sette i frysaren. 

Heimelaga smootie-is, sol og sommar! 
HERLIG!