tirsdag 22. februar 2011

Super kveldsmat

 Eg stoppa på butikken på veg heim frå trening og handla inn til ein av mine favorittar. Kva det kallast veit eg ikkje, men supergodt er det ihvertfall!
 Ein god slump curry i kesamen. Kutt opp eple i små bitar og bland i.
 Dersom du ikkje får plass til heile eplet et du berre opp resten ;)

Varm tortillaen litt i microen, legg dressing salat, kalkunpålegg og ost lagvis.
Brett som ein burrito og del i to.
 Sunt og kjempegodt
Velbekome

No er det Fruene :)

Vi hørs! Klem Tonje


søndag 13. februar 2011

Morsdag på Åmskaret

Ein fantastisk dag med sol og nærast skyfrihimmel vart nytta til ein laaang skitur. 
Vi tok oransj løype nr 10 heilt til venstre på bilete.
 Åmskaret 1,2 mil!
(bilete lånt frå Ørsta Skisenter si side)
Mor hadde sjølvsagt kamera med, til nokon si fortviling... 
 " No igjenn Mamma...???"

-og andre si glede.
Mr. Duracell poserar gladelig.
Han kavar seg avgarde i laussnøven.
 Han måtte sjølvsag ha ei lita avporing frå den trakka løypa medan han venta på oss andre...

Bonden må forevigast på tur 
med Mini rett bak.

Han syns det er heilt greit å bli tatt bilete av
ihvertfall ei lita stund
Dersom du ser Bonden djupt i auge er eg faktisk med på tur eg òg :) 

På veg opp snudde eg meg og naut den vakre utsikta i det det begynte å skye til


mandag 7. februar 2011

Maple blueberry muffins uten

... blåbær, men med eple.
Etter at Sølve hadde våre på ski i dag hadde vi lyst på noko ekstra godt til kvelds. Sander er fortsatt sjuk og matlysta er fråværande så eg tenkte at goode muffins måtte vere tingen.


Canadiske lønnesirupsmuffins med blåbær er fantastisk godt, men vi var tome fro blåbær i frysaren så då prøvde eg meg med eple i staden. Funka heilt supert.

Vi er ofte vande med at muffins skal ha glasur på toppen, men desse skal ikkje ha det. Strøsselet skal haast på før steikning så dei er heilt ferdige når dei kjem ut. Mange ungar rynkar på nasa når dei ser alle desse muffinsa i alle moglege valørar, men desse er heilt naturlege og ungane elskar dei.


Maple blueberry muffins
Måla er i amerikanske koppemål.

Lag strøsselet først
1/4 kopp brunt sukker
1 ss smelta smør
2 ss hakka mandlar
1 ts kanel
Eg brukar det våte brune sukkeret til Dansukker.
Bland sammen alt og sett til side til "tørking"

2 koppar mjøl
1/4 kopp sukker
1 ts bakepulver
1/2 ts salt
1 egg
1/2 kopp Maple sirup
1/2 kopp melk
1/4 kopp smelta smør
1 kopp blåbær, ferske eller utina frosne
eller i mitt tilfelle eple i bitar.

Bland det tørre i en bolle og bland godt. Bland det våte i ein anna bolle.
Tilsett det tørre i det våte, gjerne i to omgongar.
Elt forsiktig inn bæra til slutt.

Fyll opp i muffinsformer og strø over strøsselen du laga først.
Steikast på 190 grader i 20-25 min.

 Oppskrifta fann eg på nettet frå Canadian Living

Trass i særs gode muffisn gjekk Sander til køys uten mat, men med feber...
Håper på ein betre dag i morgon med meir matlyst.

fredag 4. februar 2011

Heiv meg rundt

å laga Roser til frokost også.
(mange) Fleire bilete i Epla-butikken. 
Har laga link til butikken i margen til høgre.

DÅ er det slutt på syinga for i kveld, kom på at eg må lage ei sjokoladekake også til i morgon. 
Men no skal eg sjå litt på TV å ete litt snop ;)

Frokostsett

Dette frokostsettet med brødkorg og presskannevarmar er lagt ut i Epla-butikken min.
Fleire bilete av settet finn du her.

Her bles det noko heilt forferdelig så eg er veldig spent på om vi fortsatt har all taksteinen på plass når vinden løyar. I morgon skal vi møte i hallen kl 10, Sander skal spele to handballkampar og eg skal sitte i sekreteriatet for fyrste gong. Hmmm ;)
Ynskjer alle ei fortreffelig helg!

tirsdag 1. februar 2011

Eit stort steg

Eg har opne Epla-butikk! 
Litt artig og litt skummelt.
Eg har hatt så mykje ting og tang liggande. Liggande her forsvinn dei ihvertfall ikkje så....ja, då var det berre å kaste seg ut i det. Tok ein print-screen av Epla-butikken min for å vise at det faktisk er sant. Puh...
Skal tru om noko vil kjøpe noko av det eg har laga...
Dersom du vil sjå kva eg har lagt ut for sal til no kan du klikke her.