onsdag 10. november 2010

Det er kaldt!

Gradestokken har allereide vist under -10, i november....!
Eg frys og eg hatar å fryse!
Eg var ein tur innom G-Sport tidligare i dag for å kjøpe ullsokkar til gutane og kva kom eg ut med?

Ei fantastisk deilig dunkåpe frå North Face
Me like a lot!
Så no kan minusgradene berre fortsette for eg er god og varm :)

søndag 7. november 2010

Tidligare i aust var det avslutningsfest for damene på Nilsbuda.
Deilig hauststeming i butikkvindauget.
Det var ein skikkelig koselig kveld men mange historier om kundar, turistar og ymse opplevingar gjennom sommaren. He he, vi log mykje ;)

Det var dekka langbord og eit koldtbord ein ikkje skulle tru..
..var til 10 personar!

Bordkortet (som eg ikkje tok bilete av) var ein pose med pengar(???)
Overraskinga var stor over timesbetalinga då det på førehand var avtalt at alt måtte vere dugnadsbasert, muligens ein liten slant til kvar dersom det vart noko til overs...

Beskjeden var som følger: 
kjøp deg noko fint!

Det tok si tid, men det har eg no gjort!
Dette kom i posten i går.
Megaglis!
104 sneller av Güttermann Sulky broderitråd i koffert. 
Eg smiler frå øyre til øyre berre ved tanken på alle desse lekre fargane og kva eg kan bruke dei til.