onsdag 30. mars 2011

Halv pris på Caty...

Nei, eg har ikkje tenkt å selge henne, men kjolane hennar er no på salg!
Sjekk ut sida henna å sjå om du finn noko du har lyst på. 
Kvar kjole er unik og fins berre i eit eksemplar!
Om du har lyst på ein kjole kun til deg sjøl lagar ho den slik du vil ha den på bestilling, 
men dei er sjølvsagt ikkje på tilbod...

fredag 25. mars 2011

Bursdagsgåve til meg sjøl

I forrige veke, nærare bestemt 17. mars, vart eg ett år eldre enn dagen før, nemmelig 35 år. Eit halvveigs rundt år og ei ny avkryssingsboks i ymse spørreundersøkingar der du skal krysse av for alder... Eg kan altså ikkje krysse av i boksa 20-34, men må bruke den neste....35-50...Nåjess...

Men, i høve min halvrunde dag bevilga eg meg ei skikkelig gåve, noko eg har ønska meg leeenge. 
Ny symaskin!
 Så fiiiin!!
Eg har ein tendens til å "go large" når eg først bryr meg så valet datt på ei Husqvarna Sapphire 875 Quilt
Eg har ikkje fått testa så mykje enda, for eg konkluderte kjapt at eg måtte sette meg ned å lese bruksanvisninga for denne er ein smule avansert. Uansett, I love it!

Det er fleire som har gebursdag i mars og gutane skal i fleire selskap, to denne helga.
Eg likar å gi gåver, ikkje pengar. Det er litt for upersonlig for meg, sjøl om eg veit at det er det dei fleste ønskar seg, inkludert mine eigne gutar...
"Heimelga" likar eg aller best. Snart har heile venegjengen handkle med namnet sitt på
. Denne helga er det Andreas og Johan sin tur.


Personlig og praktisk.


torsdag 3. mars 2011

Om å glede

Ofte synst eg det er like kjekt å kunne gi som å få. Om eg veit at eg vil glede nokon uten eigentleg å legge for mykje i det gjer eg gjerne det. Dette er ein slik.

Det kvite stoffet med broderi har eg hatt liggande ei stund uten heilt å vite kva eg skulle bruke det til. (Broderte feil boktav i eit anna prosjekt...) 
M har ikkje hatt dei beste dagane siste tida så då tenkte eg på dette som ei lita oppmuntring, då eg i tillegg oppdaga at ho hadde gebursdag angra eg berre på at eg ikkje sende det dagen før.
Tildastoffet har eg spart på leeenge, synst det er fint. 
Veit at dette er akkurat hennar fargar så eg håper det fell i smak.

onsdag 2. mars 2011

Ny veske

Eg er i full sving på syrommet, nærast kvar kveld sit eg og syr. Med Spotify og fleire maskiner i sving er eg i mitt ess! Det er ikkje alt eg har lyst å dele enno, men kan seie såpass at det er heilt nye produkt som eg har tiltenkt somarens Nilsbud. Mulig dei kjem for sal på EPLA-butikken min før det, men det har eg ikkje bestemt meg for enda. 

Denne veska legg eg ut for sal i EPLA-butikken min.
 Trass i iherdig lyssetting er det likavel altfor mørkt her til at eg vert fornøgd med fargegengivinga så eg måtte ty til blitzen...Skulle nok hatt den 50 mm linsa med blendar ned til 1,4...ønska meg!
 (Etter fotokurs hjå Fotograf Ma har vi lært at blitz er (litt) fy ;) he he )
 Det rosalilla stoffet er blanding av polyester, viskose, bomull og lin. 
Det svarte stoffet på utsida er microfiber. Foret er svart bomull.
Lomme på innsidag og magnetknapp-lukking
Veska er sydd på same lest som eg har sydd fleire av tidligare, diggar denne modellen! Denne er også one of a kind då det ikkje finnast meir stoff... Veska er romslig med god plass til ymse.
Dette bilete er teke utan blitz.
 Frå botnen i veska til toppen av hanken er den ca 67 cm. Sjølve veskerommet er ca 25x28 og bornen er ca 12 cm breid.