onsdag 28. juli 2010

Vakre Hjørundfjord

Tysdag tok vi ferga frå Sæbø kl 08.45 i eit nydelig vèr og Hjørundfjorden viste seg frå si vakraste side.
Det klassiske bilete av Lekneset og Hustadneset, alltid like flott.

Utover fjorden mot Trandal, Standal...og innover fjorden mot Skår.
Oddvar kom susande med Hjørundfjord (båten)

Lekneset
Tipp om eg skal kjøpe meg solskjerm til kameraet, mange flotte bilete vart øydelagt av mangelen på ein slik. Eg prøvar å halde handa over for som ei erstatning, men det funkar ikkje alltid like bra...

Innover i fjorden. Stenes.
Ser du båten? -Nei? Røyken er frå ein nystarta båtmotor, men båter er skjult av speilet i bølga. 
Tykte det vart eit kult bilete, men kvaliteten vert sjølvsagt sterk forringa av refleksen i bilete.
Båten som ikkje viste i forrige bilete ser du her.

Innerst i fjorden, Øye.
Dei tre siste bileta er tatt frå bilen i fart så det var ikkje så lett å halde styr på refleksane her heller, ja ja...
Uansett vakre bilete av Hjørundfjorden, trass i refleksane ;o)



mandag 26. juli 2010

Søndag og sol

Ein deilig dag vart forlenga med ein tur på hytta på Rognestøylen.
 Pappa grilla kveldsmat (les pølser) medan eg og Sander spela eit nytt spel vi arva etter Sondre.
Solnedgongen over fjella der inne er alltid like vakker og fasinerande
Steminga over lisjevatnet er trollsk

Vi fekk besøk av ho her...
og hennar 13 veninner...
på den lille "plenen" framfor hytta... -Ja, det vart trongt der. Takk og lov for vår innegjera uteplass.

Himmelen viser at veka startar med nok ein flott dag
Gjev det ville vare...


søndag 18. juli 2010

Bryllaup

17. juli 2010 var den store dagen for brudeparet Elisabet og Oddmar
og vi var så heldige å få feire dagen ilag med dei.

Gåva
Kvitt satinsengesett med broderi på putene. Må sei eg vart særs nøgd med resulatet.
Berkley satin frå Princess, ein fantastisk kvalitet!
 Vonar brudeparet set pris på gåva og at det vert godt brukt.

Desverre dårlig med bilete frå bryllaupet, men dersom du har facebook kan du trykke her og sjå bileta av dei på profilen til fotograf Marta Lystad Johansen.

Anyhow, eit kjempekjekt bryllaup!
Ynskje dokke alt godt Elisabet og Oddmar, og sjølvsagt superskjønne David.