søndag 27. januar 2013

Eg berre diggar Silhouetten Cameoen min! Kunne laga og laga, men det er litt begrensa kva som "treng" dekor, kan ikkje dekorer heile huset heller... 

Det siste "offeret" er matskåla til eldstemann sine kattar. 
 Ein liten overraskelse til Matmora. 
Ho forsto ca ingenting då eg tok med mej matskåla til kattane heim, 
men vart særs nøgd då ho kom å henta den.
 Syns den vart kule eg :)

lørdag 26. januar 2013

Dagens to kaker

To jubilantar var eg så heldig å få lage kake til i dag. 

Jegerkake til ein 40-åring
 Gulrotkake med ostekrem og marsipantrekk.
 Aldri laga camo mønster før, men eg syns eg fekk det bra til.
Herlig å kunne ta bilete ute!

Blomsterkake til ei flott dame på 60.
 Vaniljekake med skogsbær og vaniljekrem.
Denne var laga no i kveld så ingen sjanse for utebilde, desverre. Fargane stemmer ikkje på bilete. Kvit marsipan med pynt i lys og mørk lilla og lysegrøn fondant.

Snømannkake

Ein liten stor skjønning ønska seg snømannkake med blått skjerf til bursdagen sin. Så kjekt...for meg! Har aldri laga snømannkake før og såg virkelig fram til å få lage ei!
 Sjokoladekake med sjokoladekrem og vanilsjesmørekrem.
I følge rykta smakte den bra og mottakaren var henrykt over mora sin overraskelse :)

tirsdag 8. januar 2013

Nyttårsforsett; SPARING

ikkje eg nei... Eg har våre ein tur innom det lokale trykkeriet og spent av .... på vinyl og kjenner eg meg sjøl rett blir det meir ;) Svart, kvit pluss litt ymse farga vinyl, oh yes!

Det er gutane som har gått i sparemodus. I mangel på sparebørser var eg på Clas Ohlson og kjøpte dei kvart sitt pengeskrin. Dei hadde desverre berre ein farge så då nytta eg sjølvsagt høve til å prøve min nye vinyl.
"WOW, Monster og greier! Ej digga den, tusen takk Mamma!
 "SÅ kuul, ej ELSKA edderkoppa!" (??? eh, ja...)
Strålandes fornøgde guta som allereide he tatt dei i bruk og eg må vel sei meg ganske så fornøgd sjøl også.

Monster motiv, made by me. Edderkopp motiv kjøpt på SIL-store.

lørdag 5. januar 2013

Innpakning

Mr. Middle skal i selskap til ei klasseveninne i kveld og eg mått sjølvsagt eksprimentere litt med Cameoen min. 
Kjekt med litt anna.


Har lagt ut eit lite prosjekt. Veit ikkje enno kva det evt skal verte, men med litt publisitet trur eg sjansen er større for at det ikkje blir liggande...