fredag 29. mars 2013

Love Justin Bieber...

Då eg har berre gutar i hus er ikkje Justin Bieber-faktoren spesielt høg her i huset, men eg har etterkvart forstått at det er nesten berre her... Justin Bieber er elska av jenter i alle aldrar, denne gongen ei overraskelse kake til Martine.
Stor 30 cm vaniljekake fylt med sjokoladesmørekrem, rørt jorbær og vaniljekrem.
Trekt i ekstra kvit marsipan, pynt i marsipan, fondant og spiselig bilde.

Håper du likte overraskelsen og kaka Martine :)

tirsdag 19. mars 2013

Ballerina og Justin Bieber

Ballett, Justin Bieber og lilla er favorittane til denne jenta og det må sjølvsagt gjenspeile seg i bursdagskaka.
Har for første gong prøvt meg på spiselig bilde, svært vellykka og fantastisk god bildekvalitet.
 Sjokoladekake, med sjokoladekrem og rørte (Valldals) jordbær.

tirsdag 12. mars 2013

Hue pimp

I mangel på sy-lyst og lysta til å rydde syrommet, noko som absolutt burde gjerast, fiksa eg litt på eit par billige huer eg kjøpte til gutane. 
Pretty simple, pretty nice!
Er ganske sikker på at desse blir godt motatt.

Spørs om sy-lysta melder seg dersom eg ryddar syrommet litt...til hælga kanskje... 
Meir kakebaking på tordag ;)

mandag 11. mars 2013

Rosa kake ala prinsesse

Ei lita prinsesse ønska seg ei rosa prinsessaktig kake til 6-årsdagen sin.
Vaniljekake med bringebær vaniljesmørekrem
 Tiara må ei lita prinsesse ha :)
Pynt i fondant og marsipan.

søndag 3. mars 2013

Postkasse med motiv

Har du lyst på ei heilt spesiell postkasse eller treng eit supert gåvetips? 
Postkasse fint dekortert med feks Hjørundfjordfjella som under eller kanskje noko heilt anna? Det kan eg hjelpe deg med :)
Svart, kvit eller grå (sølv) postkasse med valgfri dekor og tekst i den tekstypen du ønska kr 400,-

lørdag 2. mars 2013

Justin Bieber kake

Oreo-ich Justin Bieber kake
 Oreokake med mørk sjokoladekake, sjokolademousse smørekrem og lys oreo ostekrem.
Pynt i marsipan, bilda er papir og ikkje etande ;)
Håper den fell i smak med jubilanten :)