tirsdag 31. desember 2013

Julegåver

Litt av dei julegåvene eg laga.
 Bukse i ullfrottè frå Janus, med verktøystoff frå Sydilla.
Mønster frå Heilt Spesiell og Jubel
Forkle til ei fantastisk bakeglad jente som eg saknar kvar dag!
Vinyltrykket kom på etter eg hadde tatt bilda...langt på natt ;)

Eit vinglas laga i siste liten fordi eg hadde så lyst å prøve og det passa så utrulig godt til personen. Det vart laga så i siste liten at det vart ei uinnpakka ekstragåve i gåveposen. 
"Life is SEW good" og "C"

Postkasser med vinyl


Cookie in a jar
Desse glasa lage eg mange av og ga ut som ei ekstra gåve eller overaskingar til folk som overhode ikkje forventa noko. Veldig kjekt!

 Seigemanna uten manna... 
 Høyrer jula til her i huset og glas med godsakene blir delt ut :)

torsdag 14. november 2013

Forkle til jul...

eller heile året? Ja, takk, begge deler :)
Forkle er sydd med innsnitt for ekstra fin passform og dobbelt så det kan brukast på begge sider.
Herlige Paris på eine sida og Glade Jul på andre sida.

Om det ikkje blir seldt før så blir det lagt bort på julebutikken til Husflidslaget på laurdag. Ope 11-13. Nytt lokale i Bruksbutikken, Garvargata 1. Tombola, kaker, kaffi og mykje flott handarbeid :)

Bryllaup og dåp

Eit utdrag frå helgas kaker. Først ei bryllaupskake
Ei vaniljekake med jordbærmousse og lemon curd ostekrem og ei ekstra mørk sjokoladekake med bringebærmousse og sjokoladekrem. Trekk i kvit marsipan og pynt i fondant. Handlaga bru av melisglasur. Rosene skulle stå til buketten og etter det eg hørte traff eg nokonlunde bra med fargene :) 
 Mørk sjokoladekake med bringebærmousse, vaniljekrem og sjokoladekrem. Trekk i marsipan, pynt i fondant. 

søndag 3. november 2013

Huer med REFLEKS!

Huer med refleks er supert no i mørketida! 
Desse er fora med deilig ull frå Janus.

Desse er i str 5-8 (eller meir) år
 Str ca 3-5 år
 Til jentene
Dette er dei to siste eg har i desse stoffa. Str 5-8 år
 Str 3-5 år
Om du har lyst å kjøpe ei slik hue kostar den 170,- kr inkl frakt.

Eg har laga meg i side på Facebook, HOBBYVINYL
Må gjerne sjå innom og gjerne like sida mi om du vil :)

lørdag 2. november 2013

Dåpskaker

Fleire søte dåpskaker.

Begge kakene er vaniljekake med jordbærmousse og sitronkrem.
Kake til 30 personar.

tirsdag 15. oktober 2013

Litt andre huer

I påvente av ny forsyning med stoff måtte eg finne på noko. Så eg leita opp restane av hue-stoffa og gjekk i tenkeboksa. Vart veldig fornøgd med resultatet.
Synst det vart tøffast med rett over saum. Dei var veldig populære på forrige messa så eg vart raskt tom for dei så på neste messe skal eg ha fleire :)
Dekorert med litt refleks for ekstra pynt og praktisk no i mørketida. Fora med merinoull.

torsdag 10. oktober 2013

Gensar

Og sy klede er veldig kjekt, men absolutt ikkje mi sterke side! Så i staden for å pakke til avreise i morgon kl 8 har eg brukt tida på (nyrydda) syrom i kveld :) Men kva i alle dager er trikset for dei små små bråta på ermane? Herk!

Tante-gullet vert nok ei prøvekakin...
Ein skikkelig gute-gut må ha gensar med gravemaskin, håper berre den passar...

Motivet er skjært ut i HTV med Silhouette Cameo.

-og for nyrydda og ombombelert syrom, her er ein tour

mandag 23. september 2013

Dåpskaker

I helga var det to dåpskaker på timeplanen. 
Kake til ca 25 personar
 Begge kakene er vaniljekake med jordbærmousse og lemon curd ostekrem,
 min personlige favoritt ;)
 Kake til ca 30 personar

torsdag 12. september 2013

Gooode kjeks

Etter å ha brukt store delar av fridagen min på eine guterommet og det var (nesten) ferdig rydda kom eg på at det er leeenge sida eg har laga kjeks. DET har eg lyst på! 

Så når gutane kom heim frå skule var eg i full sving. Alle ville smake kakedeig, NAM
I dag vart det ein variant eg ikkje har prøvd før, fortsatt mjuke og seige, men med havregryn i tillegg.
 Ein stor haug med mjuke, seige deilige kjeks med havregryn og sjokolade!

Ein stor kopp kaffi og eit kjeks på Syrommet før eg hentar gutane på fotballtrening.
Kven kan motså? 
Ihvertfall ikkje eg!

torsdag 5. september 2013

Hausttid er sytid

Sola skine og temeraturen ute minner meir om sommar enn haust, men i dei mørke kveldane kosar eg meg på Syrommet. Eg har stadig kaker som skal bakast, men haust- og julemessene nærmar seg med stormskritt og eg må få sydd ein god del meir skal eg i det heile tatt ha noko å stille ut...

I går hadde eg meg ei lita sy-økt og resultatet vart dette forkleet.
Eit herlig Cupcake-stoff eg kjøpte på ferie i Sverige.
(Jada, i fjor...)

Forkleet er figursydd så det sitt fint på og halsreima kan justerast.
Forkleet er sydd dobbelt så det kan brukast på begge sider.
 Foret er eit mjukt garnfarga stoff og har fått ein liten applikasjon frå stoffet på framsida.

Veldig kjekke forkle å sy så desse blir det (mange) fleire av :)

onsdag 21. august 2013

Nye matbokser og drikkeflasker

Til Skulestart fekk gutane nye matbokser og drikkeflasker. Syns egentlig eg kjøper slikt "heile tida", men ting har ein tendens til å forsvinne, bli ødelagt osv...
 Skjært ut med min gooode Silhouette Cameo. 
Fonten heiter Sunshine Poppy.

Synst det vart skikkelig stilig og gutane var fornøgde. Eg er fortsatt i læringsprosessen spesielt når det gjeld å legge den rett og skikkelig uten luftbobler o.l så vi får sjå kor lenge det held. ;)

mandag 19. august 2013

Barnedåp William

 Denne kaka laga eg i gåve til barnedåpen vi var invitert i, den vart frakta heilt til Førde, umontert... Kakene sto i kvar si øske under turen og overlevte faktisk ein bråbrems då der plutselig sto en traktor midt i vår kjøyrebane rett etter ein skarp sving. Nesten akkurat som senarioet i den fartsgrense reklama på TV, vi holdt fartsgrensa og takk for det.

Den kvite kake er sjokoladekake med ferske bringebær og sjokoladekrem trekt med marsipan. Den blå kaka er vaniljekake med jordbærmousse og sitronkrem trekt med heimelaga fondant.
Foreldra til dåpsbarnet var strålandes fornøgde med kaka, veldig kjekt! 
Eg smakte sjøl på begge to og var svært nøgd med resultatet sjøl også ;)

søndag 7. juli 2013

Lovise + Torstein

Ei litt annaleis bryllaupskake denne helga, kjekt!
Eg var veldig spent på om eg fekk til oppdraget, modellering er ikkje akkurat min greie, men etterkvart som eg fekk ting og tang plassert må eg sei meg veldig fornøgd med resultatet. Håper brudeparet synst det same.
 Vaniljekake med jordbærkrem og sitronkrem. 
Pynt og trekk i fondant.

Annelin + Torbjørn

Fotoplassen min vart for lav til eit 3 etasjes så bakgrunnen ser litt rar ut, men pytt pytt...så er eg ingen fotograf heller... 
 3 vaniljekaker men jorbærkrem og vaniljekrem.
Lilla pynt i marsipan, kvit pynt i fondant, trekk i kvit marsipan.
Denne kaka var levert til eit bryllaup med ca 65 kaffigjestar.
 Her var nok kake til ca like mange til... ;)

Fekk takkemelding frå brudeparet om at dei var veldig fornøgde med kaka. Tusen takk!

lørdag 22. juni 2013

Bursdagsgåve

Midt opp i all bakinga må eg gjere litt anna også. Minstemann skulle i bursdagselskap til ein kompis og då måtte vi sølvsagt lage gåve.
Sølve har sjøl plukka mønster, font og fargar og Mammsen hjalp litt til med layouten.
 Ei t-skjorte frå Cubus blir plutselig meir personlig med litt vinyl, ei Silhouette Cameo og ei strykepresse :)