søndag 30. mai 2010

Endelig...

er eg attende og opningshelga på Nilsbude er undagjort. For ein suksess, kjempekjekt! Lovorda sat laust og til tider nærast kokte det lisje lokalet av blide og nyfikne kundar. Eg som ikkje har jobba i butikk på over tre år storkosa meg i jobben, ååh eg gledar meg allereide til neste helg.

Eit lite biletras av tinga eg (foreløbig) har levert.
Du kan klikke på bileta dersom du vi sjå dei i større format.
Handlenett med broderi av Hjørundfjordfjella og bilete av Hjørundfjord kyrkje montert med rammelim, 
eit veldig artig materiale som eg vil prøve meir.
Min favoritt :o)

Fleire vesker. Desse er laga i ullstoff.

Bakeforkle til born
Sara (ufrivillig) modell ;o) Tusen takk Sara.

Ekstra tøff
På alle forkleda kan ein få brodert på namn.

Litt anna
Ein liten hadduk, souvenir frå Hjørundfjord. 
Ein super gåveidè ilag med Ingvild sine heimelaga såpe, kokt på gamlemåten, og ein lavendel duftpose frå Simagarden. Alt til sal på Nilsbuda.
Litt reklame...

Inne i butikken såg det slik ut i det vi opna dørene for fyrste gong
Damene står klar bak disken til å ta imot kundane
Og folket var ikkje seine å be
Masse folk inne i butikken. Kjempekjekt!

Kaffi og sveler gjekk unda!
Kundane kosa seg ute med kaffi, sveler og god prat.

Det vart mykje bilete her, men då det er så lenge sida har eg så mykje å formidle.
Denne helga har eg hatt meg ei sypause, til ungane si store undring; skal ikkje du sy nåke i dag Mamma? Eg må nok berre innrømmet at det har vore litt godt også. Eit nytt bedd har teke form, mangla berre nokre planter, plenen har blitt klipt, jorbærplantene har fått litt stell i form av ny mold og gjødsel så då håpar vi på ein bra jorbæravling i år... Nye hagemøblar er kome på plass og endå eit nytt bedd er under planlegging. 
Med denne helga friskt i minnet håpar eg dette er ein forsmak på at vi får ein laaaang og varm sommar!

fredag 21. mai 2010

På to hjul

Konfirmasjonspengane her "endelig" fått bein å gå på, eller rettare sagt, fått to hjul...

Han har sjekka Finn og AutoDB kvar dag og i går vart den O-store dagen!
Ein Yamaha DT 125 cc (lett motorsykkel) Lykke! Ihvertfall for han.

Då sykkelen sto i Ørsta med Pappaen var lysta svært lita til å kome heim til Rekkedal i dag. Dermed var det berre ein ting å gjere, Mamma mått kjøyre den heim... Puh, nokre år sidan eg har kjøyrt sykkel ja... Men no er sykkelen komen til gards og guten er strålandes nøgd.
Då hjelmen hans er litt liten og han ikkje har fått kjøpt seg utstyr enno kjøyrer han no rundt i lånte "fjøyr" frå ne mor.

Blogginga har ikkje stått på prioriteringslista i det siste då eg har brukt mesteparten av mi ledige til til å tenkje og sy ting til Nilsbuda. Den skal forøvrig opne neste helg og eg har ein god del att før eg kan kome med første leveranse. Nokre nydelige dagar vèr-messig har vi òg hatt og dei har blitt prioritert ute men hovudet ned og rompa opp. Har eit par nye bedd på lista i år og dei andre er no nyrenska. No skal eg ut å spade litt meir før sola gjeng ned. Det er stortsett meld dritvèr heile pinsa så eg må nytte finevèrsdagane ute.

onsdag 5. mai 2010

Min nydelige konfirmant

Søndag 2. mai var den O-store konfirmasjonsdagen.
Konfirmantane på Sæbø 2010.
(Sondre står i midten)
Glade for endelig å vere ferdige, berre det beste att, selskapet!

Vi hadde, som tidligare nemt, selskapet på Rekkedal Gjestehus.
Ferdig pynta til oss.
Broderte bordkort til go-kart kjøyraren min.
Snakka meg om å lage seg arbeid..
Men guten vart strålande nøgd då ha såg kva eg hadde laga til og det var sjølvsagt det som var det viktigaste.

Ein enkel borddekorasjon som passar til ein gut.
Dei svarte greinene er blåbærlyng som eg farga svart med blank Quick-spray.
Ellers består den av div strå, greiner, svarte steinar, kvite- og ein grøn nellik, små søte ornitugalum og grøne symbidiumar. Dekorasjonen er laga av ei anna fllink Tonje. Bordpynten ellers var enkle grøne klokker av symbidium i små glas og kvite lys. Enkelt og greit.
Konfirmasjonskaka må sjølvsagt stå i stil med resten...
Konfirmasjonskaka har eg laga sjøl.

Eit ekte sunnmørsk kakebord
Må vere såpass til eit selskap på 28...

Min nydelige konfirmant
Det var ein kjempeflott dag som eg håper Sondre vil hugse som ein flott konfirmasjon.
Vi glømte sjølvsagt å ta bilete ute så i morgon må guten dressast-opp igjenn for ny fotoshout.


lørdag 1. mai 2010

Frå Mette

fekk eg denne awarden. (Faktisk for ei lita stund sida...)


Det fyl med ei lita utfordring, men den står eg over for no.

Eg må berre beklage at eg ikkje har vore så mykje på nett for tida. Konfirmasjonen nærmar seg med stormskritt og sjøl om vi skal ha selskapet i lødå på Gjestehuset er det ymse som må ordnast i heimen likavel. 

 Konfirmasjonskaka har fått marsipanlok, men står fortsatt uten pynt. Karamellpuddingane står i kjøleskapet og konfirmant-kappa er ferdig stroka. I morgon (eh..i dag) satsar eg på at golva vaskar seg sjølve (les: Bonden) og då er det ikkje så mykje som står att, glatte over eit par skjorter og nokre dressar. Verdas beste svigermor tok hand om bunadsjortene før ho opereste handa si tidligare i veka og løfsene har ho i frysaren.
 Er den noen sak? 

 Eg fekk Pokalen fordi eg er, i følge Mette, kreativ og fortjener den.
Tusen takk, du er alltid like søt :o) Vi saknar dokke i helga!

Dersom du du har lyst på denne Pokal-awarden er den din fordi du fortjener det. Kvifor? 
Fordi du les dette...

Ha ei fortreffelig helg!