lørdag 19. juni 2010

To ny kjolar

som kjem for sal på Nilsbuda  i morgon.
Lyserosa ruter og supersøtt mønstrete stoff med blomster og søte dyr. Str ca 4 år
Den andre har naturkvit overdel med broderi og eit tøft mønstrete stoff med fantasifuglar. Knappane ser ut som små drops. Str ca 6 år, mulig at den er litt stor i str...
Klikk på bileta for å få dei opp i større format.
Tusen takk til Margrethe for lån av symaskin som syr fantastiske knapphol på null komma svisj,
skulle gjerne hatt...
Då sommaren let vente på seg syr eg nærast kvar dag, storkosar meg! 
Eg har fleire prosjekt på gong og tusen tankar i hovudet...

tirsdag 8. juni 2010

You`ll never walk alone

Det vert ikkje så mykje tid til blogging om dagane så i dag lyt eg ta natta til hjelp.
Det går i ett både veker og helgar. No i helga var det Hjørundfjorddagar, med stor dugnadsinnsats frå heile bygda. Eg gjekk forøvrig modell for CatY både laurdag og søndag. Les meir om det her. Ellers var eg på Nilsbuda både laurdag og søndag, det er så kjekt!!!!! Salet går strålande og alle som kjem inn døra er så positive og blide. Snakk om vitamininnsprøyting!

Sander skal i bursdag til ein kompis i morgon og i det høve kjøpte eg eit nytt broderi, 
You`ll never walk alone! 
Bursdagsguten er i likehit med gutane her i huset eit ihuga Liverpool fan, sjølvsagt uten spesiell påverknad frå pappane sine ;o)
Måtte prøve på ei til Sander først. Eg likar egentlig ikkje å vise fram ting eg ikkje er heilt nøgd med, men guten var strålande nøgd så då får det gå for denne gong. "Feilen" er feil tråspenning på den raude tråden slik at undertråden kom opp og kantane vart ujamne, skitt på... Feilet vart retta opp på den neste.
Satsar på at denne fell i smak.
Sølve vart forøvrig ganske sur og lurte på når eg har tenkt å lage ei til han også...ein annan dag...

Lukka var stor då denne kom på døra på fredag, etter ei heil veke i Posten!
Ei Huskylock S25
Eg fekk så vidt prøve den for å sy ferdig ei veske fredagskvelden. I helga har eg ikkje hatt tid til å sy noko som helst så etter middagen i dag sprong eg opp trappa til rommet mitt. Dagens prosjekt; kjole
Underdelen er kvit lin/bomull med trykte bomber i marineblått
Overdelen er eit kvitt bomullsstoff med trykte hjerter i ulike fasongar.
Hjerteforma knappar med små hjerter på.
Eg og Huskylocken er forøvrig ikkje blitt spesielt gode venar så denne har eg sydd på mi vanlige symaskin. Må nok ha med ein telefon til Sydamå i morgon for å prøve å finne ut kva det er eg gjer gale...