mandag 8. mars 2010

I kveld

er Bonden på møte så eg sit her åleine, det skal eg forøvrig gjere kvar kveld denne veka... Eg fekk endelig kara meg til å måle pipa til Sølve i kveld. Guten vart etterkvart supertrøtt og la seg i senga og såg på. Han syns eg var flink å måle og lurte på kvar eg hadde lært å måle så jevnt... Jevnt??? Herremin, alt dei tenkjer på ;o) Anyhow, gutane sov før kl ni og det er fantastisk deilig!
Gamalt bilete frå mars i fjor...
Eg er svært glad i vinteren og vinteren i år har vore perfekt! Superkaldt og nedbør kun i form av snø. No regnar det og det er fare for flaum fleire stadar, det er fortsatt ca 75 cm snøv ute og alt er vått. 
Vått, vått, vått! 
No kjenner eg at eg er i ferd med å gjere frå meg vinteren for denne gong og vil ha vår!

No tenkte eg eg skulle sette meg ned å prøve meg på å hekle Hexagon-ruter som kanskje skal verte til Hexagon-tøfler dersom eg vert nøgd med resultatet. Oppskrifta godt forklart fann eg i dette innlegget hjå Cathrines Kreative Hjørne.

Ynskjer alle ein hyggelig kveld!

torsdag 4. mars 2010

Smarte lister, feil farge

Bonden kom heim med nokre smarte lister til Sander sitt rom. Dei har eit spor på midten under slik at dei kan bøyast og tilpassast til alle hjørne, både innvendige og utvendige. Supert! Dei hadde sjølvsagt ikkje rette fargen så då var det fram med målingsspanna.
Eg mangla derimot nesten alt anna... Eg fann ein brukt skumrull og ein brukt billig-kost, flinke meg hadde faktisk vaska dei skikkelig etter forrige bruk...hmmm ;o)  Ein middagstallerken med glad-pac fungerte som brett...

Eg orka ikkje å gå opp på eit kaldt, kaldt, kaldt rom for å måle så eg rigga meg til på stova
 Store plastposar over stolryggane fungerar supert. Stolseta...usj... dei ventar berre på nye trekk.
 Eg burde kanskje investere i nokre nye planter òg.
Meda eg var i gong fekk eit par ting eit oppfriskingsstøk også.
Resten av kvelden kosa eg meg med  å gjere ferdig eit sitteunderlag og ein kopp frå Bestemors frukthave.

Ferdig tova
Søte fargar og "blonde" kant, perfekt til ei jenterumpe ;o)

mandag 1. mars 2010

Vinnar av Glede

Det vart den enkle varianten...eg ba Bonden velje eit tal frå 1 - 28, han velde 13.
Ikkje berre berre å få Sølvisen til å stå modell midt i Farmen...
Nr 13 er lykketalet til denne dama: 
Monikum sa...
Så nydelig forkle. Jeg har ei frøken på snart 5år som heter Aimee, og hun ønsker veldig et slikt, da hun er glad i å bake... jeg har lovet henne å sy et lenge, men ting tar tid!
 Så gratulerer så mykje til Monikum og Aimee som får seg nytt forkle.