mandag 8. mars 2010

I kveld

er Bonden på møte så eg sit her åleine, det skal eg forøvrig gjere kvar kveld denne veka... Eg fekk endelig kara meg til å måle pipa til Sølve i kveld. Guten vart etterkvart supertrøtt og la seg i senga og såg på. Han syns eg var flink å måle og lurte på kvar eg hadde lært å måle så jevnt... Jevnt??? Herremin, alt dei tenkjer på ;o) Anyhow, gutane sov før kl ni og det er fantastisk deilig!
Gamalt bilete frå mars i fjor...
Eg er svært glad i vinteren og vinteren i år har vore perfekt! Superkaldt og nedbør kun i form av snø. No regnar det og det er fare for flaum fleire stadar, det er fortsatt ca 75 cm snøv ute og alt er vått. 
Vått, vått, vått! 
No kjenner eg at eg er i ferd med å gjere frå meg vinteren for denne gong og vil ha vår!

No tenkte eg eg skulle sette meg ned å prøve meg på å hekle Hexagon-ruter som kanskje skal verte til Hexagon-tøfler dersom eg vert nøgd med resultatet. Oppskrifta godt forklart fann eg i dette innlegget hjå Cathrines Kreative Hjørne.

Ynskjer alle ein hyggelig kveld!

2 kommentarer:

  1. vått - vått - vått
    her og, og snøen har fått juling og det lika vi

    Ellers - nyt heime aleine ;)
    HEr går det i møte - møte - møte ...... ny fjøs under planlegging
    Smil fra monika

    SvarSlett
  2. Å, det har vore ein nydeleg vinter og det passar perfekt med regn no når eg akkurat hadde kome i vårmodus:) Nokre gongar berre klaffar det!
    Ha ein herleg dag!
    Klem Anne

    SvarSlett